Sambåndet

Søndag 22. september 2019
RSS

Bibelskulen kuttar i staben

To av lærarane ved Bildøy bibelskole er sagt opp heilt eller delvis. Grunnen er vanskeleg økonomi.

Av Petter Olsen. Publisert 25. januar 2013.

– Me kjenner dette i magen, men eg er stolt over staben og korleis dei har takla nedbemanninga, seier rektor Roald Kvam.

– Me måtte gjera innskrenkingar og har nedbemanna tilsvarande 80 prosent stilling, stadfestar rektor Roald Kvam på spørsmål frå Sambåndet. Oppseiingane gjeld frå 1. august.

For å balansera budsjettet for 2013, må bibelskulen kutta inntil 1,3 millionar kroner. Bakgrunnen er nedgang i talet på studentar og korleis studentane fordeler seg på første og andre år. I år er det totalt 77 studentar ved skulen, men 29 av desse er andreårsstudentar (T2), som ikkje løyser ut like mykje i statsstøtte og skulepengar som dei på første året.

Berekraftig drift.
Rektor Roald Kvam peikar på at kutta i budsjettet både skal sikra balanse i år og sørgja for ei meir berekraftig drift på lengre sikt.

– Me har vore i dialog med staben og dei tillitsvalde og har klart å ta noko på realistiske kutt i drifta. Likevel kom me ikkje utanom oppseiingar, seier Kvam.

I tillegg til stillingskutt vil skulen venta med å henta inn vikarar for tilsette som er ute i fars- eller morspermisjon. Og ein lærar som går av med pensjon, blir ikkje erstatta før til neste år.

Rektor kan ikkje utelukka at det kan bli behov for å gjera fleire tiltak utover i 2013 og -14.

– Det er tre grep me kan ta: Åuka inntektene, auka elevtalet og skjera i talet på tilsette. Me jobbar med dei to første òg, og her kan misjonsfolket hjelpa oss, seier Kvam.

– Stolt av staben.
Ifylgje Kvam har leiinga ved skulen vore i kontakt med Kristne Friskolers Forbund (KFF) og hatt dei naudsynte møta med dei tilsette. Skulestyret har gjort vedtak i saka.

– Eg er stolt av staben vår. Dei har vore med i eit konstruktivt arbeid for å finna moglege kutt og tiltak for å auka inntektene. På den andre sida er ikkje dette kjekt. Men no skal me fortsatt laga ein god skule for dei studentane me har. Med om lag ni studentar per årsverk har me høgare lærartetthet på Bildøy enn ved andre bibelskular. Me har vald å investera i studentane, seier Kvam.

– Brutalt.
Geir Dahle er tillitsvald for pedagogisk personale på Bildøy bibelskole. Han seier oppseiingane er tungt for dei tilsette:

– Det er brutalt at dei to ikkje kan fortsetja. Samstundes ser me tala og forstår at noko måtte gjerast, seier Dahle.

– Me må prøva å bruka dette til å snu steinane og finna gode løysingar for framtida, løysingar som kan gi oss litt slingringsmon ovanfor varierande elevtal, legg Dahle til.

Søkjartalet til Bildøy bibelskole er dobbelt så høgt no som på same tid i fjor. Ein elev frå eller til kan utgjera så mykje som 100.000 kroner på budsjettet.

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Divisi besøker Sør-Rogaland denne helgen. «divisi-kveld» i Ålgård kirke der menigheten inviteres til fellesskap i sang og musikk, er en av programpostene.

Daniel Sæbjørnsen skal møte ungdommer på digitale plattformer, og han ønsker en dialog heller enn en monolog.

Sarah Hetland (19) og Tore Lindefjeld (18) er godt fornøyd med fjorårets Lederkonferanse og planlegger å få med seg årets konferanse. Fristen for å melde seg på til lavest mulig pris, er utsatt til 24. september.

KOMMENTAR Vil den nye oversettelsen av Bibelen til nordsamisk skape like mye diskusjon blant brukerne som 1978-oversettelsen til norsk gjorde? Det finnes i alle fall paralleller.

En fellesgudstjeneste på Saron markerte etableringen av Blå Kors Bryne.

Copyright © Sambåndet 2019