– Bibelen er levbar

- Me må ikkje bli så bibelske at me gløymer at Bibelen er levbar, seier nyvalt forbundsstyremedlem Vegard Soltveit.

På forhandlingsmøtet fredag 26. juli var det strategiplanen fram mot 2020 som var tema på generalforsamlinga til Indremisjonsforbundet. Mange ville ha ordet, og dirigentane sin plan om å avslutta til middag kl. 15, lot seg ikkje gjennomføra (langt frå alle innlegga er referert her, red.anm.).

Fire hovudpunkt

Dei fire hovudpunkta i planen er misjonær i Norge, disippel av Jesus, trua i heimen og kvardagsdiakoni (du finn lenke til heile planen nedst).

– Utfordringa er korleis vi skal ta dette frå papir til levd liv, understreka Runar Landro frå Fredheim forsamling i Sandnes.

– Me treng at Den heilage ande er oss nærare, framheva Glenn Nord-Varhaug frå Nordhordland Indremisjon.

Om korleis dette kunne skje, sa han dette:

– Nokre her har sagt at bedehuset er viktig. Men slik eg ser det, er det ikkje bedehuset som er viktig, men dei folka som høyrer til der, og at Guds ord blir delt med andre.

Abort

Liv Måseide frå Torvik Indremisjon etterlyste eit sterkare engasjement frå ImF i abortspørsmålet:

– Kva kan me gjera for å berga liv? Me kan be om vern av barna i mors liv og støtta dei som ber barna fram, sa Måseide, som òg tilrådde folk å melda seg inn i organisasjonen Menneskeverd (der Indremisjonsforbundet er ein av 40 støtteorganisasjonar, red.anm.).

Kjetil Samuelsen frå Randesund Indremisjon meinte ImF burde setja eit mål for kva nivå gjevartenesta skal vera på i 2020, og då særleg ordninga gåver med skattefrådag (FGS).

– Dei fleste av oss har god råd. Det burde òg ImF ha, sa Samuelsen.

Bad om signal til styret

Tor Andre Haddeland frå Hægebostad ImF var opptatt av å setja planen ut i praksis:

– Eg er livredd for at dette skal bli papir. Eg vil prøva for min del å setja av tid til å vera saman med folk, sa Haddeland.

Reidar Røyland frå forbundsstyret oppmoda folk om å melda inn konkrete behov til styret.

– Me treng signal om kva me kan gjera for, til dømes, at nokon skal slå seg ned ein stad der det er lite kristent arbeid, sa Røyland.

– Bibelsk i handling

Og då er me tilbake til Vegard Soltveit, som dagen før vart valt inn i forbundsstyret (sjå eiga sak). Kva tenkjer han om nettopp dette som Røyland trekte fram?

– Forbundsstyret kan ikkje styra dette. Guds ord må ta tak i folk. Og eit mål  med strategiplanen er jo at me skal koma tettare på Ordet; leva det ut – vera bibelsk òg i handling. Bibelen utfordrar oss på korleis me skal leva, seier Soltveit til sambåndet.no.

Soltveit strekar under at målet om å «sende menneske til å busette seg i delar av landet der det er lite kristen verksemd» slett ikkje berre gjeld unge:

– Folk i alle aldrar kan gjera dette, pensjonistar òg. Alle kan gjera det, og nokon gjera det. Kanskje leiarar må gå føre, kanskje nokon i forbundsstyret, høgttenkjer Soltveit og held fram:

– Nokre familiar kan gå saman om å gjera det. Kvar og ein av oss må ta nokre skritt i tru. Grasrota må i rørsle, og forbundsstyret må vera forbilder i praksis.

Ropet frå Sogn

– Rådgjevar Trond Johansen i Sogn og Fjordane Indremisjon har, som han uttrykte det no på generalforsamlinga, «ropa i to år indremisjonsland» etter nokon som vil koma og driva familiearbeid i kretsen hans, utan resultat. Kva tenkjer du om det?

– Me må synleggjera og konkretisera. Til dømes velja ut ei bygd og invitera konkrete personar med på ei uforpliktande omvisning der. Kanskje nokre stader kunne blitt presentert på generalforsamlinga eller i liknande fora. Det er slik Norsk Luthersk Misjonssamband gjer det, då med land i staden for bygder. Det blir for stort å gapa over alle dei 1,7 millionar menneska som bur på stader der ImF har verksemd, under eitt, resonnerer Vegard Soltveit.

Soltveit er tilsett i full stilling som forkynnar i ImF Sør, men skal vera utleigd i 80 prosent til to bedehus i krinsen. Då er det ungdomsarbeid som står sentralt.

– Endringar kjem

Då generalsekretær Erik Furnes i ImF oppsummerte debatten om strategiplanen, trekte han mellom anna fram dei kvinnelege delegatane:

– Eg trur det er sett uoffisiell verdsrekord i antal kvinner som har teke ordet på ei generalforsamling i ImF!

Furnes understreka at strategiplanen er eit dokument som kan brukast på alle nivå i organisasjonen.

– Om me ikkje ser noko der framme, vil me berre koma til å repetera det me tidlegare har gjort, sa han.

Generalsekretæren lova å ta med signala som kom i debatten, inn i det vidare arbeidet med planen i forbundsstyret:

– Det vil bli endringar i planen, sa Erik Furnes.

Generalforsamlinga var samrøystes i at den planteksten som var lagt fram, kunne vera grunnlag for arbeidet framover.

Her kan du lesa strategiplanen: http://imf.no/gf/files/2013/06/strategiplan.pdf

 

 

 

 

1 svar
  1. gudrun says:

    verdensrekord i kvinnelege delegater som har tatt ordet på imf-GF 🙂 du verden! Slikt blir det nok resultater av 😀

    Svar

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.