Jesus-svoltne ungdommar

Fulle hus og fleire frelst på Framnes kristne vidaregåande skule.

På Framnes KVGS har det vore arrangert møter for elevane dei to siste vekene. Samlingane vart haldne av Ruben Lie Monsen, og Bjørnar Byberg i T2-temaet frå Bildøy bibelskule hadde enkelte innslag. Over hundre elever møtte opp på kvart møte, og Monsen var overvelda:

– Det var heilt sjukt! På det meste kom det 130 elevar av 260 totalt, og på kvart møte kom det over hundre stykk.

Mange kom
Tema i møtene varierte like mykje som formen til Sportsklubben Brann, og engasjementet blant elevane var stort. Monsen fortel at han ein dag fekk spørsmål om å halde eit møte om Helvete. Det enda med to møte med tema om endetida. Monsen seier at det å forkynna om fortapinga var utfordrande, men folk kom likevel.

– Eg måtte spørja elevane om dei ikkje hadde lekser eller dreiv på med hobbyar, for dei kom på så mange møte. Me har hatt møte åtte av dagane dei siste to vekene, og folk stilte opp kvar gong. Elles har Byberg og eg delt på å ha dei daglege morgonandaktane, og me har hatt forbønn etter kvart møte. Då har me prata med elevar heilt frå møtet var over til innetida på internata gjorde at elevane måtte gå på rommet, seint på kveld, seier Monsen.

Be for skulen
Fleire blei kristne etter møteveka, og det er eit sterkt kristent miljø på skulen. Monsen kan fortelje at Byberg òg hadde kontakt med elevane på fritida, sidan han «hang» i miljøet, og dei fekk mange gode samtalar etter morgonsamlingane.

– Det var ein utruleg positiv oppleving å vere på Framnes. Ikkje berre møta, men det å kunne vera her med alle dei flotte folka, seier Bjørnar Byberg, som er einaste deltakar i ImF sitt T2-team i år.

Be for Framnes og dei nye kristne, er oppmodinga frå Ruben Lie Monsen til lesarane av Sambåndet.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.