Sambåndet

Mandag 24. februar 2020
RSS
Line bedehus ligg landleg til sør for Bryne sentrum. FOTO: PETTER OLSEN

Frå luthersk til ortodoks

Den russisk ortodokse kyrkje i Norge skal leiga Line bedehus i Time kommune på Jæren.

Skrevet av Petter Olsen den 10. januar 2014.

Fakta

Line bedehus

  • Bygd i 1911 med eit banklån på 1550 kroner.
  • Overteke av tyske okkupasjonsstyrkar i ein månads tid i 1944.
  • Skuldfritt i 1946.
  • Pussa opp i 1953 og -72.
  • Påbygd i 1927 og -57.

Kilde: geocaching.com

– Vi synes berre det er greit at huset blir brukt, seier formann i bedehusstyret, Torleif Steinsland, til sambåndet.no.

Eigd av dei kristne

Huset på Line sør for Bryne er eigd av «dei kristne i krinsen», slik det er vanleg for mange bedehus i Rogaland. Det vil altså seie at det ikkje er ein særskilt organisasjon som har hand om huset.

– Mange har hatt arbeid her, men kanskje mest Norsk Luthersk Misjonssamband, seier Steinsland.

Steinsland fortel at dei aller fleste av dei som gjekk på Line bedehus, no søkjer til Bryne nokre få kilometer lenger nord. Om det ikkje var for den nye verksemda, ville huset dermed blitt ståande tomt.

Samrøystes

Det var eit samrøystes styre som gjekk inn for leigeavtalen med Hellige Irina menighet i Stavanger:

– Dei hadde problem med å finna lokale. Me reknar Den russiske ortodokse kirke i Norge som ei kristen kyrkje, sjølv om ho er på sida av det lutherske. Så det var ikkje noko i lovane for huset som var til hinder for slik utleige, seier Steinsland.

Den russisk ortodokse menigheten har mellom 30 og 40 medlemmer, og bedehuset vart tatt i bruk som kyrkje 4. januar.

– Gudstenestene er opne for alle, men nattverden er berre for medlemmene, seier Torleif Steinsland, som ikkje er i slekt med forkynnaren Toralf Steinsland.

Vemodig

På nettstaden til Det Norske Misjonsselskap, nms.no, skriv Kjetil L. Vada mellom anna dette om det han rekna med var sitt siste møte på Line bedehus, i oktober i fjor:

«En kan jo si at det er en naturlig sentralisering. Likevel er det rart, jeg har besøkt dette stedet gjennom 30 år. Det kjennes vemodig og rart når det avsluttes. Og nesten litt truende for misjonens virke når støttespillere gjennom lang tid legger ned. Det er likevel mest med takk jeg drar dit siste gangen, takk for trofast innsats gjennom årtier. Deres innsats har ikke vært forgjeves, de har vært gode misjonsvenner. Takk til Line bedehus på Jæren!»

 

1 kommentar »

  • 1

    Leif Arne Lund

    29.01.2014, kl. 15:56

    Hellige Irina menighet har registrert 260 medlemmer.
    Av disse deltar ca 30 medlemmer aktivt i våre liturgier.

    Svar

Skriv en kommentar

Norske bibelskular fekk generelt mange færre søkjarar i 2019 enn året før. No vil dei konkurrere med folkehøgskulane for å auke elevtalet.

Chris Duwe har hatt suksess med Øystein på CD. Nå skal Øystein bli bok som åpner opp for refleksjon om Gud og verdens skapelse.

Voss herad krev omregulering av eigedommen som Egill Danielsen Stiftelse ynskjer å leiga til ny kristen ungdomsskule. Dermed blir det truleg ikkje oppstart før hausten 2021.

Dei nyaste songane frå Hilde Svela har bibelvers som tekst. Dei skal gjøre Bibelen øyrevenleg for store og små, og gjerne for gamle som slit med å hugse og snakke.

Egill Danielsen Stiftelse har fått godkjent søknad om å starte kristen ungdomsskole på Voss.

Copyright © Sambåndet 2020