Sambåndet

Onsdag 24. april 2019
RSS
Vedtektene for NLA Høgskolen i Bergen blir tema på generalforsamlinga i mai. FOTO: DAGEN

Ser på vedtektene for NLA

Forbundsstyret i ImF ynskjer meir forpliktande formuleringar om bibelsyn i vedtektene for NLA Høgskolen.

Av Petter Olsen. Publisert 23. januar 2014.

Generalsekretær Erik Furnes er i dialog med dei andre eigarane av NLA. FOTO: ImF MEDIA ARKIV

Fakta

NLA Høgskolen

  • EIn privat, kristen høgskule, open for alle uansett livssyn.
  • Akkreditert av NOKUT. Høgskulen har omkring 2.000 studentar og 200 ansatte fordelt på dei tre regionsentra Bergen, Kristiansand og Oslo.
  • Frå 1.1.2013 fusjonerte den gamle NLA Høgskolen (Bergen) med Mediehøgskolen Gimlekollen (Kristiansand) og Høgskolen i Staffeldtsgate (Oslo). Navnet på den fusjonerte høgskulen er NLA Høgskolen.
  • Blir eigd av Den Evangelisk Lutherske Frikirke, Det Norske Misjonsselskap, Norsk Luthersk Misjonssamband, Normisjon, Indremisjonsforbundet, Søndagsskolen Norge og Norges Kristelige Student- og skoleungdomslag.

– Forbundsstyret ber om at det blir tatt opp i samband med den planlagde revisjonen av NLA-vedtektene i vår, seier generalsekretær Erik Furnes i ImF til Sambåndet.

Revisjon

ImF er ein av sju eigarar av NLA (sjå faktaboks). Vedtektene ved høgskulen skulle eigentleg blitt reviderte i samband med fusjonen som tok til å gjelda 1. januar i fjor, men vart utsett til generalforsamlinga i år.

I paragraf 5 i vedtektene, om formål og verdiar, heiter det no: «NLA Høgskolen AS bygger på den kristne tro slik den er uttrykt i Den Hellige Skrift og Den Norske Kirkes evangelisk-lutherske bekjennelse, og har som formål å fremme kristen oppdragelse og undervisning og tenkning i hjem, kirke, skole, barnehage og på andre strategiske samfunnsområder».

– ImF som deleigar ynskjer ein ordlyd som gjer at dei tilsette er meir forplikta på det som eigarane står for, seier Furnes.

Medan altså sjølve revisjonen av vedtektene var planlagd, er det ingen tvil om at debatten i vinter om bibelsynet på NLA, er utgangspunktet for at ImF no har vendt seg til dei andre eigarane på dette konkrete punktet.

– Me ser at ordlyden i dag er for uklar og ynskjer å spissa den. Men eigarane må vera samrøystes når det gjeld vedtektene, så me må eventuelt jobba fram ei felles formulering, seier Furnes.

Dette arbeidet er starta.

– Ikkje alle eigarane er like engasjerte, men dei seier at det er flott at andre jobbar med det, og at dei vil forhalda seg konstruktivt til det me legg fram, seier Erik Furnes til sambåndet.no.

– Meir forpliktande

Samstundes er ein klar over at NLA må drivast i tråd med høgskulelova.

Verdidokument

NLA Høgskolen har også eit verdidokument, vedteke  av representantskapet (no generalforsamlinga) i 2008. Her står det, under overskrifta «Bibelen – Guds ord», mellom anna: «Vår evangelisk-lutherske bekjennelse forutsetter at Skriften er gitt oss av Gud. Den formidler Guds åpenbarte ord til mennesker til alle tider, og har autoritet der den klart binder vår samvittig­het som normerende norm i spørsmål som gjelder tro og liv. Derfor ønsker vi at de ansatte i undervisning og i omgang med studentene, i holdning og omtale, viser respekt for dette.»

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Nå kan du både opprette og endre gaveavtaler fra sofakroken.

Utstyrt med von, livsmot og tilgjeving er kristne irakarar i gang med å gjenreisa den over 2000 år gamle kyrkja i Midtausten etter IS sin brutale framferd.

Maria Magdalena og kristne i Colombo på Sri Lanka lot ikke frykten hindre seg i påsken. Heller ikke vi, som kanskje mest av alt har oss selv å frykte, må la oss hindre fra å søke kristent fellesskap med frimodighet.

Skulptøren Rick Wienecke har gjort noe så kontroversielt som å undersøke om det er en sammenheng mellom Jesu korsfestelse og jødenes holocaust.

Formidlaren Jarle Waldemar forkynner bodskapen til påska for barn, men skjermar dei for lidingshistoria si verkelege gru.

Copyright © Sambåndet 2019