Sambåndet

Mandag 24. juli 2017
RSS

Større enn ImF

Vi er i sluttfasen med strategi- og handlingsplanen som skal leggast fram for generalforsamlinga i juli. Eit av hovudpunkta som vart lagt fram for Rådsmøtet i februar, men som vi fann rett å ta ut for å gjere planen mindre omfattande, var dette: «Vi vil vere ImF – og vi vil vere større enn ImF».

Av Erik Furnes LEDER. Publisert 4. februar 2014.

I det omfattande strategiarbeidet som ligg bak, har vi sjølvsagt samtalt om det vil vere tenleg å fusjonere med ein eller fleire andre organisasjonar i åra som kjem. Av ymse grunnar har det ikkje vore stor stemning for det.

Derfor må vi bygge ein tydeleg og sunn ImF-identitet mellom våre tilsette og frivillige over å vere ein del av ImF sitt misjonsarbeid, og vi må synleggjere kvifor det er viktig å støtte opp om indremisjonens arbeid på ulike plan. Vi trur at eit sterkt indremisjonsarbeid, der forkynninga får lyde til frelse, utrustning og sending, er nøkkelen til å vinne folket vårt for Gud, og grunnlaget for verdsmisjonen. Framover må vi derfor arbeide med visjon, profil og logo slik at det skaper engasjement og eigarskap til ImF.

Samstundes må vi la Jesu bøn i Johannes 17: 22-23 vere ei bøn som pregar alt vårt arbeid: «Og den herlegdomen du har gjeve meg, har eg gjeve dei, så dei skal vera eitt, likesom vi er eitt, eg i dei og du i meg, så dei skal vere fullkommeleg eitt, så verda kan kjenne at du har sendt meg og elska dei, liksom du har elska meg». Vi skal vere kjend som ein organisasjon med ei samarbeidsvillig haldning til andre organisasjonar og kyrkjesamfunn, på ein måte som gjer at Jesu bøn om einskap vert levd ut og Guds rike kan vekse.

Vi vil oppmode til ytremisjonsengasjement gjennom andre misjonsorganisasjonar på Bedehuset. Vi vil styrke samarbeidet med Opne Dører – fordi vi treng røysta frå dei forfølgde, og dei treng vår støtte. Vi vil vere aktive i Evangelisk Luthersk Nettverk, fordi vi vil stå saman med andre for klassisk kristen lære i Norge og globalt, og vere ei støtte og oppmuntring til prestar i Den Norske Kyrkja som vil stå og arbeide på same grunnvoll som oss. Vi vil oppmuntre til å bygge kristne fellesskap saman med andre lutherske organisasjonar, fordi å bygge fellesskap er enno viktigare enn å bygge organisasjon. Vi vil ha ei positiv innstilling til lokale medarbeidarar i Den Norske Kyrkja som ønskjer å samarbeide med Bedehuset, m.a. for å styrke barne- og ungdomsarbeidet der. Og vi vil vere aktive i deltaking i ulike fora saman med andre evangeliske kristne som vil vise truskap mot Guds ord.

Vi vil vere ImF – og vi vil tenkje større enn ImF. Blir du med på det?

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Elevene ved KVS-Lyngdal skal samle inn penger til NSP Aid sitt prosjekt Malaika Childcare Villages i Kenya. I fjor støttet Framnes-elever det samme prosjektet.

– Vi må enten bygge eller legge ned campingen etter hvert, sier ImF-leder Erik Furnes.

Dimitri Cubrevic var en av mange kristne ungdommer som forlot området i Latvia der KVS-Bygland er engasjert, på jakt etter et bedre liv. Men han valgte å vende tilbake.

Tarald Ueland er en veteran på Lyngdal Bibelcamp, og i år har han og kona Laila ansvar for programposten Kveldsåpent den første uka.

Ivar Stensland (27) skal jobbe med både forsamlingsarbeid og barne- og ungdomsarbeid og prøve å integrere begge deler.

Copyright © Sambåndet 2017