Herren skal døme med rettferd

Debatten om helvete som pågår i desse dagar, starta ved at ein NRK-journalist ringde oss i haust for å finne ut om nokon i Norge framleis trur på dette. Vårt svar var og er at vi ikkje står for ei «utmalande» forkynning av fortapinga, for skremsel oppstår når vi seier meir enn det Bibelen seier.

Likevel seier Bibelen mykje om livet sine to utgangar, og det er vår oppgåve å stadfeste bodskapen også på dette område. Vi trur på ein Gud som elska denne verda så høgt at Han gav sin einborne son til soning for alle vår synder, og vi trur at Han vil at alle skal verte frelst og lære å kjenne sanninga. Like fullt trur vi også på ei evig fortaping for dei som forkastar Guds frelse, og ein stad som Gud hadde tiltenkt djevelens og hans englar.

Som i dei fleste debattar i vår tid, vert Guds kjærleik av mange sett opp som garanti for at alt går bra med alle til slutt. Ei slik kortslutning skjer når vi set Guds kjærleik opp mot Guds rettferd. Det er også ei ulogisk slutning av at menneskets ugjerningar i dette livet aldri skal få nokon konsekvens. Millionar av menneske har opplevd stor urett og overgrep av ulikt slag, og dei som ikkje har fått oppleve rettferda gjenoppretta i dette livet, har fått kraft i møte med Bibelens bodskap om ein rettferdig Gud som ein dag skal døme rettferdig.

Til dømes seier Romerbrevet 12:19: «Hemna dykk ikkje sjølve, mine kjære, men gjev rom for vreiden. For det står skrive: Hemnen høyrer meg til, eg vil gje attergjeld, seier Herren».  På grunn av synda i denne verda, er ikkje livet rettferdig.  Vi lever på jorda, og mange gonger hender det at uskuldige menneske lid, og nokre gonger vil vonde menneske ha framgang.  Rettferd skjer ikkje alltid i denne verda, for det er ei syndig verd.  Men Gud seier at han ein dag skal endre på det.  Ein dag skal han stille alt til rekneskap, og Han skal gjere alt nytt.  Men i mellomtida, seier Bibelen, skal du ikkje hemne deg, for då berre øydelegg du deg sjølv.

Slik er Bibelens bodskap om frelse og fortaping både eit kall til omvending og eit kall til å overlate domen til Herren. For Guds folk vil alltid bodskapen om livet sine to utgongar vere ein bodskap om trøyst, samstundes som det er vårt viktigaste kall til å drive misjon. Jesus såg ut over byen og gret sårt fordi han visste kva som venta folket i framtida. Dei tårene må også prege vårt liv og vår teneste.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.