Kvifor plante nytt?

Kvifor skal vi plante nye kristne fellesskap når vi har så mange små bedehus-flokkar som skrik etter å få inn ungt og friskt blod?

Nokre vert kanskje provosert av det temaet som Sambåndet har denne gongen. Kvifor skal vi plante nye kristne fellesskap når vi har så mange små bedehus-flokkar som skrik etter å få inn ungt og friskt blod? Er det eit teikn på usunn fragmentering av Kristi lekam når ein etablerer nye forsamlingar i eit område der det alt finns ei forsamling? Er ikkje planting av forsamlingar berre flytting av frustrerte kristne frå det etablerte til det som er nytt og «trendy»?

Jo da, det kan vere mykje sant i slike innvendingar. Erfaringar tilseier også at det som vert planta som ein protest mot noko anna, eller fordi ein ser ned på det beståande, vil få eit kortvarig liv. Derfor er det viktig å få med seg at vi ikkje berre snakkar om nyplanting, men også replanting, det vil seie at ein satsar på å fornye arbeidet med utgangspunkt i det eksisterande. Vi vil tilrå at ein undersøkjer nøye om det er grunnlag for replanting før ein går i gong med nyplanting. Alle er tent med ein open og god kommunikasjon med andre forsamlingar og fellesskap før ein vurderer å plante nytt.

La det vere klart: Vi kan ikkje vedta at nytt liv skal oppstå. Vi kan ikkje vedta vekst. Vi kan ikkje i eiga kraft og beslutning skape det berre Gud kan skape ved sitt ord og ved Den Heilage Ande. Berre eit møte med den seirande og levande Jesus Kristus kan forvandle redde og inneslutta disiplar til frimodige vitne som vinner nye for Himmelen.

Men ifølgje Guds ord kan vi plante, og vi kan vatne det vi har planta. Gud vil sørgje for veksten dersom det er plantar som har djupe røter. Vi drøymer om eit fornya indremisjonsrørsle som har djupe røter i Guds evige ord, men også i den radikale ånd som prega den første tid. Dei var opptekne av å drive misjon i si eiga bygd og by, men også av å starte nytt misjonsarbeid for andre landsdelar, andre målgrupper og i andre land. Om ingen på den tida var opptekne av å plante, ville det ikkje blitt etablert misjonsarbeid i ditt og mitt nærområde heller.

Ikkje reint få gonger har eg høyrt møteleiaren på Bedehuset starte med orda: «Ja, då trur eg alle er komne, så no kan vi starte». Då må vi erkjenne at vi har mista forventninga om at våre fellesskap er misjonerande og evangeliserande. Då må vi heller ikkje bli forundra over at ungdomar, som alltid bør vere radikale, finn seg andre samanhengar der dei møter større utfordringar i utadretta misjonsverksemd.

Draumen vår er ikkje fragmenterte og oppsplitta forsamlingar, der unge, vaksne og eldre har kvar sine samlingar, men forsamlingar der generasjonane står side om side i oppdraget som vår Herre Jesus Kristus gav oss. Nokon skal reise kort. Nokon skal reise langt. Misjonsmark er det rundt oss på alle kantar. Spørsmålet er om vi vågar å seie: «Herre, her er eg, send meg!»

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.