Sambåndet

Fredag 15. november 2019
RSS
NLA Høgskolen skal gjennomføra ein intern debatt om bibelsyn fram mot generalforsamlinga neste år. FOTO: TORE HJALMAR SÆVIK, DAGEN

NLA-eigarane utsette vedtak om bibelsyn

Og ny rektor vert Erik Waaler.

Skrevet av Petter Olsen den 22. mai 2014.

Førsteamanuensis Erik Waaler er tilsett som ny rektor ved NLA Høgskolen. Foto: NLA

Fakta

NLA Høgskolen

  • Ein privat, kristen høgskule, open for alle uansett livssyn.
  • Akkreditert av NOKUT. Høgskulen har omkring 2.000 studentar og 200 tilsette fordelt på dei tre regionsentra Bergen, Kristiansand og Oslo.
  • Frå 1.1.2013 fusjonerte den gamle NLA Høgskolen (Bergen) med Mediehøgskolen Gimlekollen (Kristiansand) og Høgskolen i Staffeldtsgate (Oslo). Namnet på den fusjonerte høgskulen er NLA Høgskolen.
  • Eigd av Den Evangelisk Lutherske Frikirke, Det Norske Misjonsselskap, Norsk Luthersk Misjonssamband, Normisjon, Indremisjonsforbundet, Søndagsskolen Norge og Norges Kristelige Student- og skoleungdomslag.

Hausten 2013 starta studentar både ved og utanfor NLA som kjend ein debatt om bibelsynet ved institusjonen, som er delvis eigd av Indremisjonsforbundet (ImF): «Jeg ønsket ikke å bruke fem år på å diskutere Bibelens autoritet», het det i det første innlegget. I januarnummet i år melde Sambåndet at forbundsstyret for ImF hadde kome med ynskje om meir forpliktande formuleringar om bibelsyn i vedtektene for høgskulen. Dette har vore handsama av styret for NLA og i eit dialogmøte for generalsekretærane i eigarorganisasjonane (sjå faktaboks). Endring av vedtektene krev at at alle eigarane er samde.

Vedtak

Styret gjekk ikkje inn for å endra basisparagrafen med omsyn til bibelsyn i denne omgang. Styrets forslag til vedtak vart vedtatt på generaforsamlinga 21. mai. I vedtaket heiter det at fylgjande skal leggjast fram for drøfting på generalforsamlinga neste år:

– «Revidert verdidokument som utdyper forventninger til personalet på bakgrunn av basis»

– «Profildokument som utdyper formålet med institusjonen»

– «Styrets vurdering av om det er tjenlig å endre/presisere basisparagrafen i vedtektene».

– Nøgde

ImF er representert i styret ved konstituert rektor ved Bildøy bibelskole, Aud Karin Kjølvik Ringvoll. Generalsekretær Erik Furnes seier dette til sambåndet.no om utfallet av saka på generalforsamlinga onsdag:

– Mellom eigarane har vi dei siste månadane arbeidd for å utforme ein basisparagraf som både kan vere tydeleg og samlande. Svakheita ved ei slik einsidig eigardefinert utforming er at personalet opplever den «tredd den ned over hovudet», og vi eigarar får lita innsikt i kva tankar som faktisk gjer seg gjeldande i personalet. Vi er nøgde med at vi framover får ein prosess saman med leiing og personale ved NLA, slik at det kan tydeleggjerast kva som skal vere NLA sin teologiske profil og basis.

I basisparagrafen heiter det no at «NLA Høgskolen bygger på den kristne tro slik den er uttrykt i Bibelen og den evangelisk-lutherske bekjennelse.» Bekjennelsesskriftene er nærmere definert som de tre oldkirkelige trosbekjennelser, Confessio Augustana og Luthers lille katekisme.

Tekstar til drøfting

Også det i samsvar med framlegget frå styret, bed generforsamlinga (GF) òg om at det på GF neste år blir lagt fram for drøfting «tekster om bibelsynsspørsmål av vitenskapelig tilsatte ved NLA med flere, publisert/formidlet i Teofilos». I saksframlegget heiter det at det er planlagt ei særutgåve av tidsskriftet Teofilos i mars 2015 som skal handla om bibelsynsspørsmål. Eigarane blir ønskt velkommen til å koma med innspel her.

Ny rektor

Vinteren har og vore prega av prosessen med å tilsette ny rektor etter Bjarne Kvam som går ut av sin åremålsstilling 1. februar neste år. Eit samla styre ved NLA Høgskolen har no tilsett Erik Waaler som ny rektor i ei femårig åremålsstilling.

– NLA Høgskolen er ein viktig utdanningsinstitusjon som har mange gode, kompetente medarbeidarar. Eg føler stor ydmykhet for jobben og ser fram til utfordringa i å vera med og gjera NLA enda betre, seir Waaler til NLA.no.

Erik Waaler (55) er i dag prorektor for forskning og utvikling ved NLA Høgskolen. Han er teolog og har vore tilsett på kristendomsseksjonen ved høgskolen siden 1995. Han har doktorgrad i systematisk teologi fra 2005. Han har tidligare bakgrunn som misjonær i Indonesia og Singapore for Norsk Luthersk Misjonssamband.

 

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Haldis Reigstad deler gjerne sine gaver med andre. Det har det blitt mange dikt av.

KOMMENTAR Kjell Ingolf Ropstads anførsel om at det kristne menneskesynet er under angrep, er reelt. Samtidig oppfatter jeg at profilerte politikere nå har fått problemer med tidligere uttalelser.

Heller ikke på den ekstraordinære generalforsamlingen ble det flertall for ny styreform for foreningen guttogjente.no.

GF Å legge ned kretsene i sin nåværende form og erstatte dem med noen få nettverksbyggende sentra. Det var et av forslagene da generalforsamlingen i ImF diskuterte den store saken om framtidig organisasjonsstruktur.

GF ImF-styret fekk fullmakt frå generalforsamlinga til å slå ImF Trossamfunn saman med andre trussamfunn. Eit stort mindretal ville berre slå saman med NLM sitt trussamfunn.

Copyright © Sambåndet 2019