Nei til kjøp av ImF-bygget

Eit klart fleirtal i komite for finans og forvaltning i Fjell kommune sa i kveld nei til forslaget frå rådmannen om å kjøpa administrasjonsbygget til ImF på Bildøy.

Saka går likevel vidare til kommunestyret den 19. juni, seier komiteleiar Tore Lønøy (Uavhengig) til sambåndet.no.

Ni av 11 representantar i komiteen gjekk imot innstillinga frå rådmannen om å kjøpa bygget og 2,5 mål omliggange tomt. Den tiltenkte bruken var bustadar for personar som slit med tung rus og psykiatri, den såkalla ROP-gruppa.

Les meir om innstillinga frå rådmannen her

– Etter ei innleiing frå sakshandsamaren og ein lang diskusjon i komiteen, stemte fleirtalet på ni medlemmer mot kjøp, medan mindretalet på to ville utsetje saka og få inn fleire opplysningar, seier Lønøy like etter at møtet er ferdig.

– Prisen for høg

Ifølgje komiteleiaren, som sjølv var ein del av fleirtalet, var det to hovudgrunnar til nei-vedtaket:

– Fleirtalet meinte at prisen på 18 millionar er for høg, og at plasseringa ikkje er ideel.

Komiteen var einig i intensjonen i innstillinga om å skaffa bustadar til dei aktuelle brukarane, men meinte at saka var for dårleg opplyst:

– Komiteen sakna ein uttale frå politiet og ein heilskapleg plan for området der konsekvensane for nærmiljøet vart utgreia. Det mangla òg alternative plasseringar for slike bustadar, utdjupar Lønøy.

Dei to medlemmene som ikkje ville seina nei no, men i staden utsetja saka, representer Sotralista og KrF.

– Er det grunn til å tru at kommunestyret vil koma til eit anna resultat når stemmetalet var så klart i komiteen?

– Rådmannen ville arbeida vidare med saka fram mot den 19. juni, så det er det jo ikkje så godt å seia, men som du peikar på, var det eit klart nei-fleirtal i komiteen, seier Tore Lønøy.

Overraska

Generalsekretær Erik Furnes i Indremisjonsforbundet viser også til handsaminga i kommunestyret.

– Siste ord er ikkje sagt i saka, men det var overraskande at fleritalet mot kjøp var såpass klart. Realismen i eit sal til kommunen er nok no liten, seier Furnes til sambåndet.no.

Straume forum held seg til ImF

Bakgrunnen for at administrasjonsbygget til ImF ligg ute for sal, er ønskjet om å flytta inn i Straume forum og dermed bidra til at dette forsamlingslokalet blir realisert. Atle Våge seier, på vegner av Straume forum, at han tek resultatet i komite for finans og forvaltning til orientering:

– Det vi no veit, er at komitefleirtalet går imot at kommunen skal kjøpa. Men det er enno 14 dagar igjen til kommunestyremøtet, og Fjell kommune har krav på seg frå Fylkesmannen i høve til denne gruppa av brukarar. Det skal likvel noko til at kommunestyrefleirtalet vil gå inn for kjøp, seier Våge til sambåndet.no.

Sjølv hadde han rekna med at komiteen ville velja å utsetja saka.

– Men sjølv om Fjell kommune skulle vera uaktuell som kjøpar av bygget etter 19. juni, er ikkje ImF ute. Bygget ligg enno for sal på den opne marknaden, og no har det i alle høve fått god PR, peikar Atle Våge på.

Han seier at det er uaktuelt for Straume forum å driva lobbyverksemd overfor politikarane:

– Vi har vårt tilhøve til ImF og vil ikkje bli kopla til bruken av bygget etter eit eventuelt sal.

6 replies
  1. Jonas Bjorland says:

    Kommentar til politisk handsaming i komite for finans og forvaltning i Fjell kommune tirsdag 4 juni; vedrørande Indremisjonens administrasjonsbygg på Søre Bildøy som mogeleg framtidig lavterskel-/bo-tilbud for rusmisbrukere, samt til side 2 artikkel i Vestnytt den 31.05.14

    ”Unik sjanse til endeleg å etablera eit rusmiljø i eit oppvekst- og skuleområde for barn og unge”

    Underteikna var til stades under ovennevnte møte og vart rysta over manglande konsekvensutgreiing – knytta til forslag om å leggja rustilbod til Søre Bildøy.
    Spesialrådgjevar Atle Justad kan ikkje ha gjort ei grundig nok analyse av konsekvensane ved eit slikt val. Det heile framstår som ei svært forhasta og desperat løysing på kommunens manglande tilbod til rusmisbrukarar.

    På spørsmål frå underteikna om Justad hadde tenkt på at dette havna like ved 3 skular og barnehage, svara han at det allereie føregjekk rusmisbruk blant elevar på Sotra Vidagåande! Dersom han er klar over dette, burde dette vere ein ekstra grunn til bekymring om ein legg dette i umiddelbar nærleik til det største skulesenteret for ungdom på Sotra.

    Justad sitt forslag om at det eventuelle tilbodet også skal vera eit mogeleg lavterskeltilbod, er like så rystande. Eit lavterkseltilbod like ved ei av dei flottaste badevikene på Litle Sotra, ønskar han tilstander som i Nygårdsparken der ein trakkar på brukarutstyr? Denne badevika vert hyppig brukt til utflukter frå barnehage, skular og idrettslag. I følgje ein av representantane på møtet, viser erfaring frå liknande rustiltak – at dei største problema er smitteavfall, forsøpling og bråk. I tillegg er det eit stort problem med tilsig frå andre personar med liknande problematikk.

    Eg foreslår at Justad vel å gje rusmisbrukarar med behov for bolig, eit verdig tilbud ved å driva betre kommuneplanlegging og ikkje driva med forhasta verksemd. Han burde sørga for å etablera boligar i nærleiken av til dømes legevakt og behandlarinstitusjon som DPS. Eller, han burde velja eit område som er meir grisgrendt, der det absolutt ikkje er 90 synlege meter ned til Fjell Bustadstiftning sine kommunalboligar (8 leiligheiter på Søre Bildøy) – der ein veit at det i periodar hjå enkelte har vore kjøp og sal av illegale rusmidlar.

    Ein kan også stille spørsmål ved den faglege tankegangen til leiar for bustadsosialt handlingsprogram C. Krohn og avdelingsleiar M. Pedersen i NAV Fjell. Har dei høyrd om rekuttering? Dette er like ved fleire skular! Ønskar dei fleire potensielle rusmisbrukarar? Lærde dei ikkje om primær-, sekundær- og tertiær forebygging på høgskulen? Kvifor er dei så sikre på, slik dei framstår i Vestnytt lørdag 31.05.14, at denne beliggenheita er bra for den gruppa dei skal verne om? Like ved Bustadstiftinga sine boligar med ovennevnte kjøp og sal? Deira ønske om å verna eiga brukargruppa er bra, men er dette gjennomtenkt?

    Og; skal gruppa rusmisbrukarar prioriterast for ein kvar pris, og framfor andre sårbare grupper, som til dømes barn og ungdom? Kvar dag står også ei stor gruppe barn på busstoppet i nærleiken som vil kunne oppleve det truande, om dei opplever rusatferd frå andre på samme busstopp på smale fortau.

    Og i tillegg; ein veit at brukergruppa til dei ovennevnde fagpersonane oftare treng tilsyn frå utrykningskjøyretøy, skal dei pressa inn dette på ein allereie købelasta skuleveg utan fortau eller med svært smale sådan?
    Plasseringa av eit rusmiljø her vil vera eit hån mot barnefamilar som bur i boligane rundt, særleg dei kommunale boligane som vil få enda meir rek rundt dørene! Det er allereie slik at foreldre til barn i både kommunal- og privatboligane i periodar må følgje barna sine til og frå husa når dei skal leike.
    Om kommunen kjøper bygget, burde det vere naturleg å plassera heilt andre brukargrupper her, som til dømes psykisk utviklinghemma, rørslehemma menneske eller eldre. Spesielt når dette bygget ligg midt i eit byggefelt med barn.

    Og til slutt; korleis er det over hovudet mogeleg av Indremisjonen sjølv å undergrava eiga verksemd ved eit slikt forslag. Indremisjonen driv den flotte bibelskulen på Søre Bildøy og feriehotell / utleige om somrane. Indremisjonen vil med denne salgsplanen velgja å etablera eit rusmiljø ved sida av og innanfor det området der dei driv ein folkehøgskole. Her er elevane framleis i ein tidleg utformingsfase av eigen identitet og kan vere potensielt søkande.
    I tillegg kan dette også få negative økonomiske konsekvensar for indremisjonen, ved at ungdom og deira foreldre vel bort denne folkehøgskulen.
    Dette er heilt underleg av Indremisjonen. Kan det vera så gale at Indremisjonen sin dårlege økonomi eller nye planar på Straume driv dette fram? Dette begrip eg simpelthen ikkje. Og dersom det er slik – vil ikkje indremisjonen då med dette eventuelle salet – stå i fare for å spare seg til fant?

    Underteikna er i første omgang letta over at komiteen sin innstilling til forslaget vart negativ, og eg stoler på at politikarane no vel langsiktige og berekraftige løysingar for alle partar i denne saka.
    Venleg helsing Jonas Bjorland

    Svar
  2. Torunn Garlid says:

    Flott kommentar som støttes på det sterkeste. Dette er og har vært en svært ubehagelig sak å fronte fra velforening og nabolag, for vi ønsker alle at denne gruppen mennesker i nød skal få hjelp. Og det handler ikke om at vi ikke kan ha rusmisbrukere boende i vårt nabolag, det har vi allerede i Fjell Bustadstifting sine boliger. Det handler om at å plassere 8 tunge rusmisbrukere m/psykiatrisk tilleggslidelse i boliger med full frihet og egen inngang i et boligfelt nær skoler og idrettsanlegg er en svært dårlig løsning, og at risikovurdering/konsekvensutredning i innstillingen mangler. 2 personer på vakt uten mandat til å gripe inn er ikke innenfor forsvarlige rammer, det er ikke en behandlingsinstitusjon vi snakker om men utleieboliger og akuttboliger.

    Det vi opplever som rystende, er det som for oss ser ut til å være de egentlige driverne i saken og hvordan sentrale politikere ser ut til å ha blandet roller. Vi registrerer at det blir avvist, men noen og enhver her tenker sitt utifra de svar vi har fått i vår oppfølging av saken og hvordan saken har vært hastesaksbehandlet uten å involvere nabolag, skoler, barnehage og politi.

    Jeg forstår ikke med min beste evne hvordan IMF og KrF kan ha samvittighet til å fronte en sak på denne måten.

    Torunn Garlid

    Svar
  3. Frank Skoglund says:

    Er dette ønsket til Bibelskolen? På denne måten driver vi vår skole: ”Unik sjanse til endeleg å etablera eit rusmiljø i eit oppvekst- og skuleområde for barn og unge”!

    Som medlem i Søre Bildøy vel, er det svært bekymringsfullt å høre hvordan Bibelskolen faktisk her legger en slagplan til hvordan de best mulig, men sakte og sikkert undergraver sin egen virksomhet dersom de får gjennomslag for denne planen, men det som er langt mer bekymringsfullt, samtidig som vi vet at de nå er i ferd med å «tømme nygårdsparken» , så vil endel av disse naturlig trekkes inn mot slike områder som det her legges opp til !!
    Konsekvensene av en slik etablering som dette må belyses så godt at erfaringene med de boliger som vi alt har i denne delen, ikke må tilføres flere problemer enn de har pr.d.d.
    Som medlem av velforeningen her på Søre bildøy, er dette en «tildeling» vi tar stekt avstand fra, og ønsker at vi skal slippe å bekymre oss for all den flotte ungdom vi har, alle som drar nytte av dette flotte området vi har rundt oss, så vil vi ikke risikere å tråkke på, komme i befatning med, brukerutstyr, eller på annen måte komme i klammeri med en ikke tilregnelig person,eller høre om et barn eller andre som får problemer med dette!
    Sist men ikke minst, behovene for hjelp til andre grupper er vel så viktig nå som vi nærmer oss bystatus med stormskritt! ( psykisk utviklinghemmede, handikappede mennesker, eldre, sykehjem, omsorg og seniorboliger!
    ( J. Bjorlands skriv er ikke vanskelig å være enig i. )
    Mvh. Frank Skoglund.

    Svar
  4. Petter Olsen says:

    Sambåndet korkje er eller skal bli ein arena for debatt om lokalpolitiske spørsmål i Fjell kommune. Derimot er me opne for kommentararar til dei sakene me skriv om, og som redaktør tenkjer eg at det er det som no skjer. Dette er ei spesiell sak der utgjevaren vår, Indremisjonsforbundet, er part som huseigar. Sambåndet har valt å behandla Fjell kommune sitt initiativ som ei nyhendesak som har interesse for våre lesarar, frå det tidspunkt då saka vart offentleg kjent.

    Som redaktør ønskjer eg ein ryddig debatt, og eg har tatt kontakt med dei personane som er kome fram med namn i det første innlegget (frå Jonas Bjorland), og bede dei om å svara, slik at debatten blir balansert. Informasjonsrådgjevar Vigleik Brekke i Fjell kommune svarar slik på vegner av kommunen:

    «Ettersom saka nå er avslutta frå rådmannen si side og ligg på den politiske arenaen, ønskjer rådmannen/administrasjonen ikkje å kommentera saka no.»

    Brekke viser ellers til møteboka frå komite for finans og forvaltninger i Fjell kommune: http://sak.fjell.kommune.no/eInnsyn/Utvalg/UtvalgmoeteDetail?UmoeteId=908

    Generelt er det slik at Sambåndet modererer debatten på sambåndet.no, det vil seia at innlegg ikkje blir publisert før dei er lest av redaktør. Det inneber òg at redaksjonen kan velja å avvisa innlegg. Det har til no ikkje vore tilfelle i debatten om akkurat denne saka.

    Svar
  5. Erik Furnes says:

    På vegne av ImF vil eg svare slik på dette:
    Då representantar frå kommunen var på synfaring på tidleg i vår, var det antyda at «helse og omsorg» var bruksområdet. Så vart vi kalla inn til møte 15.mai, der vi forhandla oss fram til pris. Først i dette møtet fekk vi vite at bygget skulle nyttast til rusomsorg. Frå ImF si side vil vi uttrykke forståing for at kommunen må finne ei løysing for ei gruppe menneske som er i ein vanskeleg livssituasjon, og vi misunner absolutt ikkje kommuneadministrasjon og lokalpolitikarar som skal finne eigna stad i ei tett befolka kommune som Fjell. Når det er sagt, må vi erkjenne at det var først i informasjonsmøtet 26.mai at vi forstod kor tung pasientgruppe som skulle ha bustad i bygget. Vi antyder absolutt ikkje at kommunen har heldt tilbake informasjon, men underteikna hadde i møtet 15.mai ikkje tilstrekkeleg innsikt i kva eit slikt butilbod medførte. Derfor vart heller ikkje leiinga ved Bibelskulen konsultert før vi gav eit forpliktande svar over bordet til kommunen. Etter kommunens informasjonsmøte 26.mai, og påfølgjande styrebehandling 3.juni, vil Bibelskulen sende eit brev til kommunen der ein gjev uttrykk for uro over konsekvensane det planlagde butilbodet vil ha for studentane ved skulen.
    ImF har i eitt år prøvd å få selje bygget for å flytte si verksemd over i meir tenlege lokale, og henvendinga frå Fjell kommune er den einaste seriøse vi har fått. Eg vil tru at det er ytterst få husseljarar som set krav til kven som kan kjøpe huset sitt, særleg ikkje når ein seriøs aktør som kommunen melder si interesse. KrF har vi aldri snakka med om denne saka. Det oppleves derfor urettferdig at vi skal skuldast får å ha ein «slagplan» eller «agenda» i denne saka. Både ImF og Bibelskulen ønskjer dei beste relasjonar med befolkninga på Søre Bildøy, og fleire av oss er medlemar i velforeininga. Vi er svært opne for å snakke saman, og håper vi kan ha ein open og sakleg dialog.

    Svar
  6. Jonas Bjorland says:

    Det er med lettelse eg les Erik Furnes sine ord her no. Salet av dette bygget vil få store negative konsekvensar for både Bibelskulen/ ImF si verksemd og innbyggjarane på Søre Bildøy. Underteikna forstår det slik at Bibelskulen kan ha vore underinformert, eller ikkje har tenkt gjennom korleis området kan flyta i både brukarutstyr og anna. Eg har absolutt forståelse for at ein ikkje i første omgang innser ringverknadene, men erfaringa frå andre kommunar er store konsekvensar for friluftsliv, samt for tryggleiken til born og ungdom.
    Underteikna vil leggja til at eg ønsker at rusmisbruakrar skal få mogeleghiet for rehabillitering og habilitering, men dette vil vere ein totalt «ulogisk» plassering midt i eit byggjefelt og rett i eit skuleområde. Rusmisbrukarar som treng bolig fortener på si side bærekraftige og langsiktige løysingar frå ein kommune som har drive særs dårleg planlegging for denne gruppa og no er «desperat». Underteikna har ikkje vanskar med å ha menneske med rusvanskar i nabolaget, men å ha eit større bukollektiv og eit lavterskeltilbud her blir heilt feil, også med tanke på kommunalboligane som nevnt.
    Og det vil absolutt være særs trist hvis eit slikt butilbud til rusmisbrukarar skal rasere Bibelskulens gode område, rykte og status. Eg har ingen tvil om at dette på sikt vil undergrava både heile verksemda ved skulen – samt sommardrifta deira.
    Underteikna håpar på ein åpen og god dialog mellom Bibelskulen og velforeninga, og håpar enda sterkare på kloke val framover. At Bibelskulen sender eit brev til kommunen der ein gjev uttrykk for uro over konsekvensane det planlagde butilbodet vil ha for studentane ved skulen, er klokt.
    J. Bjorland

    Svar

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar til Petter Olsen Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.