Sambåndet

Fredag 15. november 2019
RSS
Dette er tre av rekrutteringsannonsene som Sogn og Fjordane indremisjon har hatt i Dagen i vår.

Byr på seg sjølv i rekrutteringskamp

Både han sjølv, kona og sonen stiller opp når kretsrådgjevar Trond Johansen i Sogn og Fjordane indremisjon averterer etter arbeidarar til kretsen.

Skrevet av Petter Olsen den 24. juni 2014.

- Sogn er eit spesielt stykke av Guds rike, lokkar kretsrådgjevar Trond Johansen. FOTO: ImF MEDIA ARKIV

Fakta

Sogn og Fjordane Indremisjon

  • Kretskontor: I Sogndal, med om lag 3500 innbyggjarar (sjå kart)
  • Styreleiar: Gudmund Furnes
  • Kretsrådgjevar: Trond Fr. Johansen
  • Kjend for: Mellom anna Tungestølstemnet (les meir her)
Sogn og Fjordane Indremisjon har kretskontor i Sogndal.

Mange har nok lagt merke til dei litt uvanlege heilsides annonsene i Dagen denne våren: «Du treng ikkje isbade i Sognefjorden om du ynskjer å vere med å drive indremisjon i Sogn og Fjordane», står det mellom anna i den eine, illustrert av kretsrådgjevar Trond Johansen i det våte element.

– Sonen min, Kristian, og kona mi, Karin, er òg med, og eg har vore tekstforfattar og fotograf når eg ikkje er motiv sjølv, fortel Johansen med eit smil til sambåndet.no.

Barne- og familiearbeidar(ar)

Kampanjen inneheld 12 innrykk. Og det kretsen er ute etter, er å rekruttera mellom anna ein barne- og familiearbeidar.

– Dei færraste ungdommar les papiraviser, men annonsa vender seg like mykje til bestefedre, mødre og fedre eller ein ungdoms- eller forsamlingsleiar, som me så håpar at kan tipsa aktuelle folk, seier Johansen.

Stillingsprosent er kretsrådgjevaren fleksibel med, og han meiner at kretsen trenger fleire enn ein person. Men eitt krav har han:

– Dei som vil ha jobb, må lova å bli verande i minimum tre år. Gjer dei det, har eg sagt at eg vil prøva å koma dei i møte på det meste, både når deg gjeld løn, bustad, ferie og jobb til ektefelle, fortel Johansen.

Ropa i to år

Kretsrådgjevaren seier han har «ropa i to år» etter folk.

– Sogn er eit spesielt stykke av Guds rike. Og for oss i indremisjonskretsen er det ikkje pengar som er problemet, men folk. Difor startar vi ikkje med å diskutera pengar, men korleis me kan få folk til å koma, strekar Johansen under.

Trond Johansen ser denne annonsekampanjen i samanheng med ein annen kampanje, som du først kunne lesa om i papirutgåva til Sambåndet i juni, og no også her.

– Begge delar bidrar til omdømebygging i Sogn og Fjordane indremisjon, seier kretsrådgjevaren.

 

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Haldis Reigstad deler gjerne sine gaver med andre. Det har det blitt mange dikt av.

KOMMENTAR Kjell Ingolf Ropstads anførsel om at det kristne menneskesynet er under angrep, er reelt. Samtidig oppfatter jeg at profilerte politikere nå har fått problemer med tidligere uttalelser.

Heller ikke på den ekstraordinære generalforsamlingen ble det flertall for ny styreform for foreningen guttogjente.no.

GF Å legge ned kretsene i sin nåværende form og erstatte dem med noen få nettverksbyggende sentra. Det var et av forslagene da generalforsamlingen i ImF diskuterte den store saken om framtidig organisasjonsstruktur.

GF ImF-styret fekk fullmakt frå generalforsamlinga til å slå ImF Trossamfunn saman med andre trussamfunn. Eit stort mindretal ville berre slå saman med NLM sitt trussamfunn.

Copyright © Sambåndet 2019