Den skjulte krisa i Kristen-Noreg (del 1)

Krisa er at vi prioriterer bort forkynninga til fordel for alt anna.

Som krist­ne er vi ofte opp­tek­ne med den av­krist­nin­ga som skjer i lan­det vårt, og vi om­ta­lar det gjer­ne som ei krise for fol­ket vårt. Det er kor­rekt, men for kris­ten­fol­ket er det ei enda stør­re krise, og det er den krisa Kris­ten-Noreg sjølv er i. Det er ei krise som er lite er­kjent, og som ein difor gjer lite for å møta.

Det er dess­utan ei krise som vi er nokså in­volver­te i på det per­son­lege pla­net, og som det difor er lett å skuva frå seg. Så lenge vi ikkje er­kjen­ner at vi sjøl­ve er del av pro­ble­met, vil det hel­ler ikkje verta gjort noko med det – og re­sul­ta­tet er i ferd med å verta svært dra­ma­tisk.

Den skjul­te krisa vi her snak­kar om, er ei for­kyn­nings­kri­se. Dette er ei krise som er skjult fordi vi sku­var rea­li­te­ta­ne i henne frå oss. Ho er skjult fordi ho har snike seg inn over oss med små skritt over tid, slik at vi knapt har opp­da­ga henne.

Krisa er også i stor grad skjult fordi ho drei­er seg om eit frå­vær, og er med det ikkje så lett å opp­da­ga. Dei som no er i sine beste år og som i stor grad har leiar­an­svar i Kris­ten-Noreg, har vakse inn i den no­ve­ran­de si­tua­sjo­nen og veit ikkje av noko anna.

Un­der­teik­na har ar­beidd ein god del med kyr­kje­his­to­rie, sær­leg indre­mi­sjons­his­to­rie på Vest­lan­det. Gjen­nom slikt ar­beid opp­da­gar ein tenden­sar og ut­vik­lings­trekk som ein elles ikkje så lett ser.

Rett nok er det ofte slik at ein på føre­hand «veit» at det er slik, men den his­to­ris­ke do­ku­men­ta­sjo­nen gjer det over­ty­de­leg og viser di­men­sjo­na­ne. Då kan det visa seg at ut­vik­lin­ga har vore langt meir dra­ma­tisk enn ein hadde våga å tru. Ønske­ten­kin­ga vert av­slørt.

Sta­ti­stik­ken for ein av krin­sa­ne innan Indre­mi­sjons­for­bun­det viser at i løpet av dei siste 25 åra er for­kyn­nin­ga, når vi rek­nar talet på møte, re­du­sert med 70-80 pro­sent – og det er nok uro­vek­kan­de re­pre­sen­ta­tivt. Det er svært dra­ma­tisk, men tek vi med flei­re fak­to­rar, vert dra­ma­tik­ken enda stør­re. Det er den sa­man­hen­gan­de for­kyn­nin­ga ved møte­ve­ker som har tapt mest, slik at det no helst er ein­skild­møte, gjer­ne søn­dag, som er att.

Der­som det ikkje høver å gå på nett det eine møtet, kan det verta lenge mel­lom kvar gong Guds folk høy­rer for­kyn­ning. Dess­utan er sam­ta­le- og vitne­møta stort sett borte. I til­legg var det tid­le­ga­re mest ung­dom som reis­te på leir, medan det no er barn. Med det vert for­kyn­nin­ga der ann­leis. Når ein les an­non­sar om og re­fe­rat frå møte i dei krist­ne høg­ti­de­ne, ser vi at det er vans­ke­leg å samla folk om for­kyn­ning av Guds ord nett då det skul­le vera en­klast.

Krisa i Kris­ten-Noreg har med andre ord kris­ten­fol­ket skul­da og an­sva­ret for sjølv. Det nyt­tar ikkje å skul­da på sty­res­mak­ta eller tids­ånda. Vi må ta skul­da på oss sjøl­ve, og krisa er at vi prio­ri­te­rer bort for­kyn­nin­ga til for­del for alt anna.

Med det un­der­grev vi vårt eige guds­liv, og vi un­der­grev mi­sjons­ar­bei­det i lan­det vårt og når det gjeld verds­mi­sjo­nen.

(Denne kom­men­ta­ren var førs­te gong på trykk i Da­gens pa­pir­ut­gå­ve tors­dag 4. april.)

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.