Sambåndet

Mandag 24. juli 2017
RSS
Også kristenfolket har latt seg fanga inn av ein ferie- og fritidskultur, meiner Johannes Kleppa. ILLUSTRASJONSFOTO: PETTER OLSEN

Den skjulte krisa i Kristen-Noreg (del 2)

Vi må ta eit oppgjer med oss sjølve når det gjeld ferie- og fritidskulturen.

Av Johannes Kleppa, KOMMENTAR. Publisert 7. juli 2014.

Johannes Kleppa er forkynner og tidlegare redaktør i Sambåndet og Dagen

I sist ”Innspel (i avisa Dagen, red.anm.) skreiv eg om ”Den skjulte krisa i Kristen-Noreg”, og eg understreka at dette er ei krise vi som kristenfolk sjølv har skulda for. Difor er det også berre vi som kan gjera noko med henne. Her nyttar det ikkje å skulda på politikarar av ulik farga, eller ropa til dei om hjelp. Det gjeld ei krise innan det vi kallar det åndelege regimentet, og som er ei sak styresmakta ikkje har noko med. Krisa gjeld forkynninga, som er sjølve bærebjelken i den kristne forsamlinga. Difor er krisa av radikal og dramatisk karakter. Krisa går på den sterke reduksjonen i forkynning rundt om på bedehusa, ho går på mangelfull prioritering av forkynninga frå kristenfolket si side, og ho går på innhaldet i forkynninga.

Sist skreiv eg stort sett om den kollossale reduksjonen i forkynninga, men som er lite erkjent. Dramatikken i dette vert vesentleg forsterka om vi held denne utviklinga saman med den grunnleggjande endringa som har vore den siste generasjonen når det gjeld formidling av kristen kunnskap i skulen – i omfang og karakter. Medan det har vorte større trong for forkynning med bibelsk substans av kunnskapsmessig og læremessig karakter, kombinert med ein vekkingsbrodd, har det gått motsett veg.

Dette får vi ikkje gjort noko med utan at Kristen-Noreg erkjenner den faktiske situasjonen både når det gjeld forkynninga sin plass i den kristne forsamlinga, og når det gjeld prioritering av å høyra forkynning i eige liv. Difor er dette ei sak som gjeld både leiarskapet i det kristne arbeidet og den einskilde kristne – truleg mest dei siste, sjølv om det er lett å skulda på ”organisasjonane”. Det trengst bot og omvending på fleire plan blant Guds folk. Skal det skje, må Guds folk koma til erkjenning av problemet på eit djupare plan enn det reint teoretiske. Då må verta ei samvitssak.

Så langt eg kan sjå, må vi som Guds folk ta eit oppgjer med oss sjølve når det gjeld den ferie- og fritidskulturen som vi som einskildpersonar og familiar har lete oss fanga inn av. Vi er komne inn i ein velferdssituasjon der vi har både tid og pengar til eit omfattande ferie- og fritidsliv – og vi lever dette ut i svært stort omfang. Det som lid, er den kristne forsamlinga og forkynninga, og med det vårt eige gudsliv og sjelevinnararbeidet.

Det vi prioriterer, er i og for seg gode ting. Rett nok kan det til tider også dreia seg om slikt som bryt ned. I hovudsak er det likevel slik at det gode har vorte det beste sin fiende. Eiga trening eller det å fylgja barna opp i idrettslaget, det å reisa på hytta i helgene eller ta seg ei langhelg på utanlands byferie, det å gå på kino, teater og konsert, vert så høgt prioritert og får så stor plass i livet at den kristne forsamlinga og det å vera under Ordets forkynning vert ein salderingspost. Held vi fram på den vegen vi no går på, endar det i åndeleg ruin for Kristen-Noreg.

(Denne kommentaren var første gong på trykk i avisa Dagens papirutgåve 11. april.)

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Elevene ved KVS-Lyngdal skal samle inn penger til NSP Aid sitt prosjekt Malaika Childcare Villages i Kenya. I fjor støttet Framnes-elever det samme prosjektet.

– Vi må enten bygge eller legge ned campingen etter hvert, sier ImF-leder Erik Furnes.

Dimitri Cubrevic var en av mange kristne ungdommer som forlot området i Latvia der KVS-Bygland er engasjert, på jakt etter et bedre liv. Men han valgte å vende tilbake.

Tarald Ueland er en veteran på Lyngdal Bibelcamp, og i år har han og kona Laila ansvar for programposten Kveldsåpent den første uka.

Ivar Stensland (27) skal jobbe med både forsamlingsarbeid og barne- og ungdomsarbeid og prøve å integrere begge deler.

Copyright © Sambåndet 2017