Sambåndet

Lørdag 22. juli 2017
RSS
Ein grunnleggande del av krisa i Kristen-Noreg er at synet på forkynninga har tapt seg, meiner Johannes Kleppa. Her talar forkynnar Gunnstein Nes på Tungestølstemnet i Indre Sogn i sommar. ILLUSTRASJONSFOTO: PETTER OLSEN

Den skjulte krisa i Kristen-Noreg (del 3)

Det trengst at ein på nytt vert medviten kva Guds ord er for noko, og kva Bibelen seier om forkynninga.

Av Johannes Kleppa, KOMMENTAR. Publisert 7. juli 2014.

Johannes Kleppa er forkynner og tidlegare redaktør i Sambåndet og Dagen

I dei to siste Innspel (i avisa Dagen 4. og 11. april, som Synspunkt i Sambåndet 05/13 og 06/13, red.anm.) har eg skrive om krisa i Kristen-Noreg ut frå den sterke nedgangen det har vore i forkynning i landet vårt. Eg har også skrive om den ferie- og fritidskulturen som har vokse fram, og som fungerer som ei nedprioritering av den kristne forsamlinga og forkynninga. Det siste finn eg å vera hovudgrunnen til krisa, og ho har med det sitt opphav i materialismen og forbrukarkulturen. Krisa heng òg saman med innhaldet i forkynninga. Prioriteringa av forkynninga vil òg verka inn på innhaldet i forkynninga.

No er ikkje alt sagt om mengda av forkynning og prioritering av denne, ved å visa til kva som skjer på bedehuset eller i andre forsamlingslokale. Vi har fått ein del nye kristne skular som tek hand om noko av det vi har tapt i den offentlege skulen. Vi har òg fått ein god del forkynning via radio, tv og på nettet. Vi må vera takksame for den forkynninga som skjer her, men ho er ofte i kortfatta form, og gjerne retta mot folk som ikkje går i den kristne forsamlinga. Medieforkynninga er generelt lite djuptpløyande og har med det lite mat til Guds folk. Eit unnatak frå dette er nettet, men der er det derimot så mykje stoff som fører i ulike teologiske retningar at ein ikkje veit kor det endar.

Etter mi vurdering er ein grunnleggande del av krisa i Kristen-Noreg at synet på forkynninga har tapt seg, altså at ein undervurderer kva det vil seia at Ordet er eit nådemiddel – ja, det grunnleggjande nådemidlet. Då nedprioriterer ein ikkje berre omfanget av forkynninga, men arbeidet med og innhaldet i forkynninga. I staden vert ein oppteken med alt anna som må gjerast – og som altså må gjerast, men som får feil vekt og fokus i høve til forkynninga. Ein vert oppteken med strategi, arbeidsmåtar, verkemiddel og former, medan forkynninga vert noko ”sjølvsagt”. I staden for å gje hjelp til forkynninga, vert det inspirasjons- og visjonssamlingar som fokuserer på form og resultat. Det kan ei tid samla folk, men det vil ikkje ha berekraft i seg til livskraftig gudsliv og misjonsarbeid over tid.

Det trengst at ein på nytt vert medviten kva Guds ord er for noko, og kva Bibelen seier om forkynninga – både forkynninga som prinsipp og som berar av eit bestemt innhald. Dette er eit ansvar for alle som forkynner Guds ord, men det er like mykje eit ansvar for alt Guds folk og for kristne organisasjonar og kyrkjesamfunn. Det trengst eit langt sterkare fokus på forkynninga som nådemiddel og på innhaldet i forkynninga, enn tilfellet er no. Det er ein føresetnad for å få bukt med den krisa som no er i Kristen-Noreg.

Då må vi læra oss at alt Guds ord skal opp på talarstolen, men slik at alt fører til Jesus Kristus og han krossfest, og slik at alt i kristen lære, tru og liv orienterer seg ut frå krossen. Det vil seia ei Kristus-orientert forkynning som er retta mot samvitet og livet.

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

– Vi må enten bygge eller legge ned campingen etter hvert, sier ImF-leder Erik Furnes.

Dimitri Cubrevic var en av mange kristne ungdommer som forlot området i Latvia der KVS-Bygland er engasjert, på jakt etter et bedre liv. Men han valgte å vende tilbake.

Tarald Ueland er en veteran på Lyngdal Bibelcamp, og i år har han og kona Laila ansvar for programposten Kveldsåpent den første uka.

Ivar Stensland (27) skal jobbe med både forsamlingsarbeid og barne- og ungdomsarbeid og prøve å integrere begge deler.

Etter alt å dømme vil det komme krav om at avstanden mellom «spikerteltene» på campingplasser må økes, men det skjer tidligst fra nyttår.

Copyright © Sambåndet 2017