Sambåndet

Onsdag 17. juli 2019
RSS
David André Østby, lovsongsansvarleg i Filadelfia og leiar for lovsongslina i Filadelfia Bibelskole, si i juryen. Her frå Sendt-konferansen i Oslo i mars i år. FOTO: PETTER OLSEN

Løftar opp ny lovsong i konkurranse

Vinnaren får låten sin utgitt på ein EP.

Av Kristelig Pressekontor. Publisert 9. oktober 2014.

Skriv du eigne lovsongar? Med låtskrivarkonkurransen «EnNySang» vil mediehuset Dagen i samarbeid med Impuls løfte opp lovsongar som vert skrivne i dag, og gjere dei tilgjengelege for fleire.

– Gjennom EnNySang gjer vi tilgjengeleg lovsong frå ein ny generasjon til ein breiare marknad, og vi gjer det mogleg for folk å teste ut sine eigne songar på flinke folk, seier Christer Skoge, administrerande direktør i Mediehuset Dagen til dagen.no.

Andre samarbeidspartnarar til låtskrivarkonkurransen er TenOase, Get Focused, Skaperkraft, Acta Bibelskole, Filadelfia Bibelskole Oslo, Vennesla musikkgymnas og NLA Høgskolen (der Indremisjonsforbundet er medeigar).

– Gjenkjenneleg og nyskapande

På nettstaden ensang.no kan du laste opp video av din eigen lovsongslåt. Ein jury på seks personar, alle med erfaring frå tekst og lovsong, skal sørgje for at det beste bidraget blir gitt ut. Vinnaren får sin låt utgitt på ein EP som kjem til sommaren. «EP» tyder extended play og er eit format midt mellom LP (long play) og single.

– Det eg ser etter i ein god lovsong, er ein låt eg har lyst til å høyre og synge om igjen. Det må vere ein kombinasjon av noko gjenkjenneleg og noe nyskapande, seier lovsongsansvarleg i Filadelfia og leiar for lovsongslina i Filadelfia Bibelskole, David André Østby til avisa Dagen.

Han sit i juryen saman med mellom andre lovsongsleiar i Impuls og IMI kirken i Stavanger, Thomas Wilhelmsen, og musikkprodusent Tore Kulleseid, som har medverka på utgivingar av blant anna Kari Jobe, Michael W. Smith og Jesus Culture.

Folkets pris

I tillegg skal det kårast ein Folkets Pris. Når alle bidraga er klare, opnast det for at alle kan vere med og røyste fram folkets favoritt. Den innsendte låta som får flest røyster, vinn Folkets pris og vert òg promotert av EnNySang. KPK

 

 

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

− Ikke la bekymringene kvele troen og det mennesket du er, advarer Karen Sofie Aasmyr.

På ImFs lederkonferanse i fjor var temaet «Følg meg!. Det er også tema for Andreas Evensens bibeltimer på Lyngdal Bibelcamp.

På kort varsel stiller menighetsrådgiver Jon Løvland i Metodistkirken i Norge opp på Lyngdal Bibelcamp for å gi råd om hvordan gi evangeliet videre til neste generasjon.

I fjor sommer så det mørkt ut for Oddvar Pedersen. Han hadde kreft med spredning. I år kan han planlegge ferie til Færøyane og Shetland.

Karen Sofie Aasmyr er veileder i naturlig menighetsutvikling. Hun går til Bibelen for å finne hvordan en menighet kan bli sunn.

Copyright © Sambåndet 2019