Sambåndet

Søndag 20. august 2017
RSS

Bibelen som sakte-tv? Ikkje ubetinga

NETT-LEIAR: Salme-maratonen i helga kan bli avløyst av Bibelen minutt for minutt, skriv Dagen fredag. Generalsekretær Ingeborg Mongstad-Kvammen i Bibelselskapet har alt lufta tanken for sakte-tv-ansvarleg i NRK, Thomas Hellum.

Av Petter Olsen, NETTLEDER. Publisert 28. november 2014.

Nettleder_PetterEin skulle tru at ein indremisjonsmann ville ha jubla over tanken. For den er bibelsk, er den ikkje? «Ta deg særskilt av skriftlesinga» (1. Tim 4,13), «Lat Kristi ord få rikeleg rom hos dykk (Kol 3,16)».

Men eg skreiv på mikrobloggtenesta Twitter at eg er skeptisk. Kvifor det? Fordi det truleg ville ha blitt ei gjennomlesing utan at noko vart sagt om samanhengen enkeltversa står i, utan opplysning om at Gud har handla i historia på ulike måtar til ulike tider og overfor ulike folk.

Isolert sett står det mykje vondt og vanskeleg i Bibelen, særleg i Det gamle testamente. I sommar vart eg oppmoda av debattredaktøren i Vårt Land om å kommentera eit utspel mot ein cd frå Søndagsskolen Norge som til dømes dramatiserte situasjonen der kona til Potifar freistar å få Josef til å gjera seg skuldig i utruskap. Eg sa meg einig i at det ikkje var naudsynt å presentera denne historia for born ned i fireårsalder, og i alle fall ikkje utan forklaring.

Han som kom med utspelet, meinte at det ikkje var behov for å trekkja fram dei gammeltestamentlege førebileta på Jesus (som til dømes Josef) i det heile. Det fulgde eg han ikkje i, for me har fått ein heil bibel, men eg meinte at det med ein del tekstavsnitt ikkje er ideelt at dei blir lesne utan ei ramme rundt seg. Eg brukte høgtlesing på gater eller i handlesenter som døme. Kva om ein bibelukyndig som går forbi, høyrer om krig og nedslakting av menneske og trur at han med det har fått eit representativt bilete av Bibelen?

Eg tenkjer på same måte om forslaget om Bibelen minutt for minutt på NRK. Det er tydeleg at Mongstad-Kvammen ser føre seg meir enn berre lesing – ho snakkar om både rap-artistar, skodespealarar og teater, men ikkje noko om det eg tek opp her.

Når me kjem over vanskelege ting i Bibelen, og det gjer me alle, er det avgjerande at Bibelen får forklara seg sjølv ved hjelp av Den heilage ande og det lyset Han kan gje over skriftordet. Då kan ein ikkje berre lesa seg gjennom og forbi dei vanskelege avsnitta. Eg er redd for at verken rap eller skodespel kan bøta på det, og eg vil oppmoda Bibelselskapet om å gå litt saktare fram med dette i tanken.

I innlegget mitt i sommar siterte eg frå  Nehemias 8,8, og det har same relevans no: «Dei las opp frå Guds lovbok medan dei tolka og forklara det som vart lese, slik at folket skulle skjøna.» Resultatet kjem i vers 12: «Dei laga ein stor fest, for dei hadde skjøna det som vart sagt dei.»

Ein smule debatt om leiaren kan du lesa her. Skriv òg gjerne i kommentarfeltet under

 

 

2 Comments »

  • 1

    Helge Kleven

    30. november, 2014, kl. 19:15

    Synes du har gode refleksjoner. Ved et slikt prosjekt måtte kanskje NRK også gjort noen vurderinger oppimot vannskille-tidspunktet kl 21.00. Ellers blir jeg mest opptatt av Den Hellig Ånd sin rolle ved et slikt prosjekt, – selveste Talsmannen som skal veilede til sannhets erkjennelse. Står vi i fare for å undervurdere ham, som er Gud, dersom Guds eget ord er avhengig av en troendes forklaring?

    Svar
    • 1.1

      Petter Olsen

      30. november, 2014, kl. 21:34

      Takk for respons! Det kan det godt hende vi gjør. Samtidig tenker jeg om det at det er når vi kommer til troen vi får Den hellige ånd (Efes 1,13), som igjen kan skape gjenklang i oss (Rom 8,16). Jeg er ikke bekymret for tilhørere som er troende, det er søkende eller folk som på forhånd er skeptisk, jeg tenker på. Jeg er redd for at enkelte avsnitt kan vekke både forvirring, forskrekkelse og anstøt – og at det da skjer på fullstendig sviktende grunnlag. Jeg husker at da jeg fikk min første bibel som sjuåring, lå det en liten traktat fra Bibelselskapet inne i den med overskriften «Råd til nye bibellesere». Der sto det blant annet rett ut at man ikke burde begynne med å lese fra perm til perm, men først bli kjent med Jesus. Det mener jeg var – og er – et godt råd.

      Svar

Skriv en kommentar

Gaven fra en anonym lottovinner brukes til å ruste opp Fjell-Ly.

Etter en tids leting har ImF Midthordland nå fått ansatt en ny barne- og ungdomsleder.

Begrepsbruken til et muslimsk trossamfunn har gjort det nødvendig for NLM-forsamlingen i Kristiansand å presisere ståstedet sitt.

Arkeologer tror el-Araj er svaret på hvor Peters hjemby, Betsaida, lå.

Ein tanke om at det finst ein Gud som vart menneske til frelse for verda, vart for stor til at kunnskapsminister Tormod Røe Isaksen kunne tru.

Copyright © Sambåndet 2017