Sambåndet

Mandag 27. mai 2019
RSS
Generalsekretær Erik Furnes i ImF, Fredheim-pastor Runar Landro og barne- og familieleiar Bjarte Vesetvik i ImF-Ung flankert av Matt Markins og Cindy Craig. Bildet er teke på kontoret til Arthur Rorheim, grunnleggjar av Awana (no 96 år gamal). Foreldra hans utvandra frå Stavanger til Chicago i 1913. FOTO: PRIVAT

Ser på nytt barneopplegg

Den amerikanske organisasjonen Awana har arbeid i 112 land og ønskjer å ha Indremisjonsforbundet (ImF) som partner i Norge.

Av Petter Olsen. Publisert 16. april 2015.

2.-7. februar besøkte generalsekretær Erik Furnes i ImF, Fredheim-pastor Runar Landro og barne- og familieleiar Bjarte Vesetvik i ImF-Ung Chicago på invitasjon frå Awana. Denne organisasjonen når i dag nesten 2,8 millionar barn og unge gjennom arbeidet sitt, og målet er å nå 10 millionar innan 2020.

Donorar

Furnes opplyser at Awana ønskjer partnarskap med ImF og stiller ressursane sine til rådvelde utan å ta betalt for det.

– Dei har donorar som støttar verksemda deira og treng ikkje pengar frå oss. Me vil no vurdera dette, seier han til Sambåndet.

Bind saman

Det generalsekretæren særleg set pris på hos Awana, er at dei har opplegg som knyter saman barn, foreldre og forsamling. Dette jobbar dei heile tida med å vidareutvikla. ImF-delegasjonen hadde tre kassar med materiell i bagasjen heim til Norge. Noko av det må tilpassast norsk kultur, men det aller meste kan etter Furnes si vurdering omsetjast direkte, og ImF får tilgong til alt digitalt materiell.

Leiartrening.

Søndagsskolen Norge har opplegget «Sprell levande», og mange nyttar det. Generalsekretæren i ImF ønskjer dialog med Søndagsskolen, men trur samstundes det er behov for eit alternativ.

– Ikkje minst gjeld det vektlegginga og materiellet for trening av leiarar. Så langt eg kjenner til, finn ein ikkje maken til Awana sitt opplegg her i landet, seier Furnes.

I dag er det over 300.000 barne- og ungdomsleiarar som nyttar Awana sitt konsept. Det er lagt vekt på å sjå den einskilde, og det er berre seks born på kvar leiar. Tanken er at leiarar lærer opp nye leiarar, slik at leiartreninga er multipliserande. Foreldre blir utrusta til å ha dialog med borna sine.

Medvitne foreldre

– Det kristne barnearbeidet kan bli slik at foreldra leverer barna og dreg sjølve vidare til noko anna. Men i dette opplegget er det tilpassa undervisningsbøker der barn og foreldre til dømes skal læra same bibelvers utanboks. Her ligg det eit stort potensial for å gjera foreldra meir medvitne, og Awana-leiarane kunne fortelja at det ofte skjer at foreldre kjem til tru fordi dei blir involvert i det barna får opplæring i, seier Furnes.

Landa der flest nyttar Awana-opplegget, er USA med 12.605 forsamlingar og India med 7161. I Skandinavia er det førebels berre ei amerikansk forsamling i Stavanger-området som står på lista.

– Awana har òg kontaktar i fleire land som ikkje er så opne for evangeliet, fortel Erik Furnes.

Sprell levande

Erling Ekroll er avtroppande generalsekretær i Søndagsskolen Norge, som står bak formidlingsopplegget Sprell levende. Han var sjøv på studietur til USA i november i fjor. Der fekk han med seg at mange lutherske forsamlingar nyttar formidlingsmateriell frå forlaget Augsburg Fortress. Det er nå planar om samarbeid mellom Søndagsskolen Norge og dette forlaget, noko som kan gi Sprell levande meir videomateriell.

– Eg kjenner ikkje Awanas opplegg, men har ikkje sett noko i USA som eg meiner er betre enn heilskapen i Sprell levende. Derfor tenkjer eg at det ikkje er naudsynt for ImF å lansera noko anna, men eg er ikkje redd for konkurranse eller oppteken av at vi skal ha noko monopol, seier Ekroll til Sambåndet.

Fordelen med Sprell levende slik Ekroll ser det, er online-løysinga og fleksibiliteten for brukarane. Dei har om lag tusen abonnentar i Norge, og 95 prosent svarar at opplegget er eit godt verktøy.

 

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Bjørn Are Davidsen har undersøkt hva slags bilde lærebøker i grunnskolen og videregående skole gir av kristendommen. Det er et utpreget mørkt bilde.

Atten ungdommer fra Bedehuskirken brukte påsken til å besøke en misjonærfamilie i Sørøst-Asia.

I fjor registrerte misjonseide Plussreiser en økning på inntil 27 prosent på reiser til Israel.

Nyansatt administrasjonsleder i ImF-Ung, Anne-Kari Vik, oppfordrer lag og forsamlinger til å ta kontakt hvis de trenger administrativ hjelp.

Representanten for 21 campingplasser på Agder og i Telemark spør hvorfor det ikke er snakk om brannsikkerhetskrav på bobilparkeringer, stellplasser og rasteplasser.

Copyright © Sambåndet 2019