Byen Pilatus regjerte frå

(SERIE: 2/5) Cæsarea ved havet er nemnt fleire stader i Det nye testamente.

Sambåndets sommermagasin kommer i postkassen eller innboksen  14.-17. juli, i år fullstappet med reportasjer fra Israel. I dagene før publiserer vi fem saker vi ikke fikk plass til i bladet. Dette er 2 av 5.

CÆSAREA: På vegen mellom Tel Aviv og Haifa kjem vi til ruinane av hamnebyen Cæsarea (omtalt i Apgj 10). Det var Herodes den store (73/74 f.Kr.-4 f.Kr.) som sette i gong byggearbeida i år 22. f.Kr. Han var konge av Judea, under romersk overherredøme, frå om lag 37-4 f.Kr., og namnet Cæsarea (keisar) var til ære for keisar Augustus.

Tusenar av arbeidarar og dykkarar arbeidde  på byen. To store moloar strekte seg langt ut i havet, og på den eine sto det eit fyrtårn.
I boka «På reise i Israel» fortel Kurt Hjemdal at det var her Peter døypte den første ikkje-jøde, offiseren Kornelius, og at det var her den kristne verdsmisjonen byrja.

Paulus besøkte byen då han var på veg til Jerusalem ved avslutninga av si tredje misjonsreise (Apgj 21,8). Då dei blei klårt at jødane i Jerusalem la planar for å få Paulus drepen, vart han ført frå Jerusalem til Cæsarea for å unngå dette (Apgj 23,23). Han vart sitjande fengsla i denne byen i to år og stilt fram for prokonsulane Feliks og Festus. Det var òg her han fell leggja saka si fram for kong Agrippa (Apgj 24-26). Til slutt vart han send frå Cæsarea til Rom (Apgj 27,1-2).

– Eg vonar at Paulus i desse to åra i fengsel fekk sitja slik til at han kunne sjå idrettsleikane, seier guide Ronny Netzer med eit smil.

Gjennom inngangen i sør kjem me først til det romerske amfiteatret. Lenger nord langs stranda kjem ein til restane av eit slott. Her står det ein stein på 82 x 65 centimeter med ein delvis intakt inskripsjon på:

«Pontius Pilatus, landshovding i Judea, reiste ein bygning, via til keisar Tiberius». Dette er det einaste vidt anerkjende arkeologiske funnet av ein autentisk romersk inskripsjon frå det første århundret som nemner namnet Pontius Pilatus. Det er sannsynleg at han hadde sitt administrative og militære hovudkvarter her frå år 26 til rundt 36 e.Kr., og at han reiste til Jerusalem når det var naudsynt.

Vidare ser me restane av hippodromen, den eine av to hestelaupsbanar i byen.

Kurt Hjemdal fortel i boka si at havstraumar og vind gjorde at byen sokk i grus og forsvann. På 1300-talet var det lite igjen av storverket til Herodes den store, men ruinane er altså i dag synlige.

Vil du bli digital abonnent på Sambåndet? Les mer og registrer deg her

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.