– Verdidokumentet ein føresetnad for kristne skular

Friskulelova seier at skular som er godkjende på religiøst grunnlag, må synleggjere livssynsprofilen sin i grunndokumenta sine, og at dette skal atterspeglast i undervisinga.

Kristne Friskolers Forbund (KFF) meiner det vil få store konsekvensar for kristne skular og organisasjonar om ein ikkje lenger kan styre sitt eige verdigrunnlag.

– Dersom det ikkje lenger skal vere rom for den teologisk aksepterte forståinga av ekteskapet fordi norsk lov har ei endra innretning, vil det i praksis seie at det ikkje er plass for dei fleste livssynssamfunn i det norske samfunnet, meiner generalsekretær Jan-Erik Sundby i KFF.

Den siste tida har Norsk Luthersk Misjonssambands (NLM) verdidokument skapt furore i fleire medium. Som tilsette ved skulane til organisasjonen må lærarane vere lojale mot dokumentet, som blant anna seier nei til ekteskap mellom likekjønna, abort og skilsmisse. Også KVS Lyngdal, som er eigd av Indremisjonsforbundet (ImF), har fått merksemd for dette.

Verdidokumentet får fleire politikarar til å rase.

– Ubrukeleg

Til Fædrelandsvennen seier Trond H. Blattmann (Ap) at han synest det er ubrukeleg at skulane i det heile teke har eit sånt dokument, og at det bør kastast. Partikollega Freddy de Ruiter stiller spørsmål ved om det i det heile teke er lovleg.

– Dersom det viser seg at denne praksisen er lovleg så må vi politikarar ta affære å sørgje for at det blir ulovleg, seier stortingspolitikaren til Agderposten.

Friskulelova seier derimot at skular som er godkjende på religiøst grunnlag, må synleggjere livssynsprofilen sin i grunndokumenta sine, og at dette skal atterspeglast i undervisinga.

– Det er ein føresetnad for denne typen skular. Desse dokumenta blei godkjent ved etablering av skulen, eller når det blir gjort betydelege endringar. Eg forventar at når ein har ei seriøs og heilskapleg tilnærming til det så ser ein også at dette må liggje til grunn, seier Jan-Erik Sundby.

Ikkje opp til politikarane

Han liker ikkje tanken på at politikarar skal gå inn og påverke verdidokumenta til institusjonane, eller ikkje lenger vil gi fritak frå delar av lovverket.

– Eg kan vanskeleg sjå at ei slik overstyring kan sameinast med grunnleggjande trusfridom, seier Sundby.

Han meiner det norske demokratiet må vareta retten til å vere annleis, og at det neppe kan vere opp til politikarar å avgjere kva eit kristent verdigrunnlag skal innebere.

Sundby ønskjer ikkje å spekulere for mykje, men seier at det vil vere dramatisk dersom institusjonar blir pressa til å gjere endringar i verdidokumentet.

– Dersom det ikkje skal vere rom for formuleringar i verdidokument som i dette tilfellet, vil eg oppfatte som tydeleg brot med grunnleggjande demokratiske fridomar som ikkje berre vil ramme skular, men også trussamfunn.

Vidare meiner han at enkelte politikarar er litt for raske på avtrekkjaren.

– Eg konstaterer at det nærmar seg valet til hausten. Dette er litt i tråd med diskusjonane som har vore tidlegare. Når det er noko ein ikkje liker så skal det stoppast, seier han.

– Spørsmål om toleranse

Emil Andre ErstadKrFU-leiar Emil André Erstad (bildet) meiner dette dreier seg om krevjande spørsmål, men at mykje koker ned til toleranse.

– Dersom vi skal kunne snakke om toleranse som ein verdi i samfunnet vårt, så må vi også tolerere annleistenkjande. Dei skal kunne drive skular og meine ting som avvik frå normalen i samfunnet, også ut frå den religiøse overtydinga si, seier han.

Erstad har lite tru på at politikarar vil gå inn og krevje endringar i verdidokument. Til det blir den prinsipielle argumentasjonen i debatten for svak.

– Dette handlar om religionsfridomen og retten til å meine ting som ikkje er like populært i alle delar av samfunnet. Vi må tole folk som går i ei anna retning, seier han.

– Eg forventar at NLM og andre eigarar held seg innanfor læreplanmål og norsk lov. så lenge dei gjer det blir det autoritært å krevje noko anna frå skulane. Eg synest det er merkeleg med politikarar som snakkar høgt om toleranse, og med ein gong somme meiner noko anna enn dei sjølv så skal det hindrast, legg han til.

Diskrimineringsombodet skeptisk

Ifølgje Utdanningslova skal alle former for diskriminering motarbeidast. Samtidig kan trus- og livssynssamfunn fritakast frå delar av likestillings- og diskrimineringslova i Noreg.

Sunniva ØrstavikLikestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik (bildet) har lenge vore kritisk til NLM sitt verdidokument. I 2006 peikte ho på at det var problematisk sett i lys av både diskrimineringsforbodet i arbeidsmiljølova og i diskrimineringslova.

– Denne saka ligg i skjeringspunktet mellom retten til ikkje å bli diskriminert på grunn av seksuell orientering, og retten til religionsfridom og organisasjonsfridom. Religions- og organisasjonsfridomen blir teke vare på gjennom at det i visse tilfelle er lov å leggje vekt på homofil samlivsform, skriv ho i ein e-post til KPK

Ombodet understrekar at desse fridomane likevel ikkje er absolutte.

– Det kan ikkje stillast krav overfor tilsett som går lenger enn det som er nødvendig for å fremje det religiøse føremålet til organisasjonen, seier ho.

«Misjonerande journalistar»

NLA Mediehøgskolen Gimlekollen i Kristiansand er ein av skulane som må ta omsyn til verdidokumentet. Det har ført til fleire oppslag og kronikkar i regionavisa Fædrelandsvennen.

Generalsekretær Kjersti Løken Stavrum fekk spørsmålet om den kristne profilen  til skulen kunne føre til at dei utdanna «misjonerande journalistar».

Det får fyrstelektor Kåre Melhus ved NLA Mediehøgskolen til å reagere. I ein kronikk skriv han:

«Verdidokumentet har vært tilgjengelig på hjemmesidene våre i 10 år. Fædrelandsvennen har også ved flere anledninger skaffet blest omkring dokumentet, uten at vi til nå har kunnet registrere noen form for kvalitetsforringelse på studenter og stab. (…) Midt i agurktiden og idétørken har Fædrelandsvennen varmet opp en ti år gammel sak, uten å komme med nye momenter».

– Upresis kritikk

Informasjonsleiar i NLM, Espen Ottosen, meiner fleire av kritikarane har vore upresise i forsøka sine på å skildre NLM sin praksis.

– Det har vore framstilt som at dei tilsette må skrive under på verdidokumentet. Det er feil, det blir signert ein arbeidskontrakt kor verdidokumentet er nemnt. Vi har heller aldri sagt at absolutt alle tilsette på alle skulane våre må vere einige i alt som står i verdidokumentet, seier han.

Ottosen er overraska over at saka har dukka opp i media no.

– Dette er eit verdidokument vi har hatt lenge, og vi meiner jo det er ganske opplagt at ein kristen skule ønskjer å ha kristne lærarar, som vil støtte opp om kristen formidling, tru og tanke, seier han. KPK

3 replies
  1. Oskar Tveit says:

    Selvfølgelig skal man ha rett til å mene det man vil og å tro på hva man vil .Uansett så har både IMF og NLM en del å svare for i disse spørsmålene.Det har vært skrevet både i Aftenposten,Aftenbladet og Fædrelandsvennen i sommer.Jeg er enig i at det er rart at debatten kommer nå ,som det blir sagt så ligger dokumentene åpent på hjemmesidene til organisasjonene. Dog ikke helt lette å finne. Min motstand mot kristne skoler er basert på at de er utydelige i markedsføringen.Jeg har vært på flere utdanningsmesser,sett flere nettsider og brosjyrer fra flere skoler.Her står det at dette er kristne skoler, men jeg har aldri sett eller hørt at noen av de kontoversielle meningene har holdt frem som det viktigste.Dette burde stå på alle brosjyrer,nettsider og det burde tales tydelig ere er jo veldig tydelige i andre sammenhenger. Jeg ser at det ikke er god markedsføring å forklare kvinnesynet,gjengifte,skilsmisse,homofilisynet eller synet på menn og kvinners tjeneste,men det bør elever og foreldre som er søkere på skolene opplyses tydelig om. Hvis de så likevel vil gå på en skole med disse holdningene,så vær så god ! Som misjonsorganisasjoner kan dere ikke være bekjennte av å ikke få budskapet frem !

    Svar
    • Petter Olsen says:

      Hei, og takk for respons!

      Verdidokumentene dreier seg ikke bare om å ha rett til å mene det man vil, som du skriver, men artikkelen får fram at skolene faktisk er lovpålagt å ha et slikt dokument. Men synspunktet ditt i fortsettelsen er interessant. Du får følge med framover:-)

      Svar
      • Oskar Tveit says:

        Jeg har lest det , men kommenterer ikke alt,tar det jeg mener er mest utfordrende og det jeg er mest uenig i. Det er greit at de er lovpålagt å ha dette, men det som faktisk uroer meg mest er at dette ser ut til å overraske så mange.Har hverken stortingspolitikere eller journalister satt seg inn i dette ? Hvis ikke bør man kanskje ta debatten på nytt . I tillegg er jeg opptatt av at vi har en fellespott her i landet, for meg er privatskoler med 85 prosent statlig støtte nødt til å føre til et «overforbruk «.Mange offentlige skoleplasser står tomme.

        Svar

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.