Sambåndet

Søndag 12. juli 2020
RSS
KONSERTMELDING: av Karl Johan Hallaråker

Jublande jubel-konsert

KONSERTMELDING: av Karl Johan Hallaråker

Skrevet av Karl Johan Hallaråker den 13. august 2015.

Det er ikkje kvar dag eg skriv konsertmelding. Men unntaket stadfestar hovudregelen. Laurdag 8. august var det nemleg ei heilt spesiell samling i den gamle kinoen på Voss. Fem hundre menneske i ulik alder frå nærast svenskegrensa til havgapet i vest fylte kinosalen til jubileumskonsert med Marit Andresen Røen, mannen Knut Inge Røen, deira to ungdommar, andre familiemedlemmer av dei to, Nancy Karine Sangolt, Nordstrandbrødrene og – ikkje minst – Marit sitt barnekor frå Samnanger med tilskudd frå Helgatun, vidare Turid Bakke Braut og samansett band leia av Vidar Sangolt.

I vel to og ein halv time inklusiv pause fekk vi variert song og musikk frå tradisjonelle bedehussongar til gospel og klassisk musikk som forsamlinga med høglytt applaus sette stor pris på. Somme skulle nok ønskt at fleire songar var på norsk, men med den gode kvaliteten blei slikt lett tilgjeve.

Det er uråd å trekka fram alle aktørane. Dei hadde alle høg kvalitet. Men eg kan ikkje la vera å nemna Marit og Knut Inge sine to ungdommar, Linn Borgny og Benjamin Andreas. Deira songkvalitet og formidlingsevner rørte fleire tørrpinnar enn meg. Håpar at leiarar i kristen-norge oppdagar og løfter fram desse flotte ungdommane.

Konserten var markeringa av Marit Andresen Røen si sekstiårsfeiring og førti år som evangelist og leir- og barnekorleiar, samt Knut Inges femti år som songar. Inntektene gjekk til eit av hennar hjartebarn, Helgatun i Myrkdalen. Etter konserten var alle velkomne til denne oasen i fjellheimen der ein varta opp med betasuppe og eit bugnande kake- og dessertbord. Mange fann vegen dit. Helsingstalane kom som perler på ei snor. M.a. flott helsing frå Indremisjonssamskipnaden sin dyktige dagleg leiar, Marit Hårklau Ådnanes.

For underteikna var det både naturleg og stort å få oppleva denne laurdagen. Som nyvald formann i Indremisjonssamskipnaden i 1975 var det ei av dei første oppgåvene å få samtala med og tilsetja pinsejenta frå Ørje i vårt indremisjonsarbeid. At ho var utrusta med natur- og nådegåver ut over dei fleste, oppdaga vi snart. Intelligent, klok, trufast og lojal har ho opptrådt frå før-ste dag. Dei som har fulgt henne gjennom desse førti åra, kan stadfesta at ho er ei stor Guds gåve til misjonsfolket, barn og unge i Sunnhordland, Hardanger og Vossebygdene.

Mange takkar Gud for Marit!

Konsertkvelden blei avslutta med Knut Inge si flotte formidling av Den hellige stad, og i kjent Marit stil med fellessongen O Store Gud og siste kor: Da bryter lovsang i fra sjelen ut: Takk, Store Gud, Takk, Store Gud.

Vi som fekk vera med, kan berre takka og ønskja Guds rike velsigning over familien Andresen Røens vidare teneste i Guds rike.

LES MEIR får konserten: – Det var et overveldende bønnesvar

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Årets nyhet på Lyngdal Bibelcamp er appen Meet316, og den gir litt ekstraarbeid og nye muligheter.

Småbarnsfamilien Åkre vært ikkje dradd mot store kristne stemne. Dei har funne sin feriestad i Bygland der det er låg puls, god forkynning, fint turterreng og lett å få kontakt med alle.

I år har Solveig Hosøy og Lyngdal Bibelcamp 30-årsjubileum, og det feirer hun med å være leirsjef.

Den 22. juni var det byggestart for Helgatunlia-prosjektet. For tiden er det hektisk aktivitet for å få de første leilighetene klar til påske 2021.

Då han byrja i ImF i 2008, ante neppe Erik Furnes at det skulle koma så direkte til nytte i jobben som indremisjonsleiar at han er utdanna dataingeniør.

Copyright © Sambåndet 2020