Sambåndet

Søndag 19. november 2017
RSS
Oddmund Tveranger (bildet over) fekk æra av å leggja ned grunnsteinsskrinet. (Foto: Inge Wilhelm Økland) Fleire born, som representantar for den oppveksande slekta, fekk hjelpa Atle Våge med støypinga ved å leggja på ei skei med mørtel kvar (forsidebilde, foto Anne May Snekkevik).

Grunnsteinen lagt ned

Mange var møtt fram då grunnsteinen for Straume forum blei støypt ned søndag.

Av Petter Olsen. Publisert 17. august 2015.

Formann Kenneth Foss i Brattholmen Indremisjon leia seremonien i kjellaren i nybygget. (Foto: Inge Wilhelm Økland)

Det er Brattholmen Indremisjon som står bak forsamlingshuset som er i ferd med å reisa seg på Straume. Søndag etter møtetid inviterte formann Kenneth Foss til grunnsteinsnedleggjing. Det var indremisjonsmannen Oddmund Tveranger som fekk æra av å leggja grunnsteinsskrinet ned i hola. Han har vore tilsett både i administrasjonen i Indremisjonsforbundet (ImF) og på Bildøy bibelskule.

Sambåndet.no har det frå gode kjelder at det låg eit strøkent eksemplar av Sambåndet nr. 10 for 2014 i skrinet. På to av sidene i dette nummeret gjer generalsekretæør Erik Furnes og administrasjonsleiar Anja U. Heggen i ImF greie for dei misjonsstrategiske grunnane for at ImF-administrasjonen skal flytta frå Søre Bildøy og inn i Straume forum.

Atle Våge, grunnstein, Straume forum. Foto: Anne May Snekkevik

Styreformann i Straume Forum, Atle Våge, ved grunnsteinen i nybygget. Foto: Anne May Snekkevik

Brattholmen Indremisjon har vakse ut av Brattholmen bedehus og har alt i fleire månadar hatt søndagsmøta i bibelskulehallen. Det var etter møte i fullsett hall søndag at ein stor flokk samlast til ein enkel seremoni og bedehuskaffi under tak i kjellaren i nybygget. Medan altså Oddmund Tveranger la ned grunnsteinen, stod ein korrekt antrukken (bortsett frå hjelmen) byggegeneral Atle Våge for støypinga. Fleire born, som representantar for den oppveksande slekta, fekk leggja på ei skei med mørtel kvar.

Straume forum opplyser på sin Facebook-profil at arbeidet med taktekking startar denne veka, og at ein i neste veke reknar med å starta dugnadsarbeid.

Sambåndet på papir og nett har følgd den omfattande prosessen med Straume forum. Sjå mellom anna lenkene til denne artikkelen.

1 kommentar »

  • 1

    Gunnstein lagt ned for Straume Forum! | Midthordland Indremisjon

    20. august, 2015, kl. 11:36

    […] Søndag 16.august ble grunnsteinen for Straume Forum lagt ned etter Brattholmen Indremisjon sitt formiddagsmøte i bibelskolehallen. Sambåndet var tilstede og har skrevet en reportasje som du kan lese her. […]

    Svar

Skriv en kommentar

Indremisjonsforbundet (ImF) ønsker å styrke organisasjonens identitet.

Det har vært hektiske dager for arrangements- og markedsansvarlig Kenneth i Indremisjonsforbundet (ImF) like før ImFs lederkonferansen starter.

Atle Våge har brukt det siste året til å drive bruktbutikk.

Nå gledet Tordis Langlo seg til å høre sønnen. – Vi regner med det blir oppbyggende og bibelsk.

KOMMENTAR Det var sterkt å se mennesker i ti- og hundretall gå fram i Oslo Spektrum lørdag kveld for å søke frelse.

Copyright © Sambåndet 2017