Grunnsteinen lagt ned

Mange var møtt fram då grunnsteinen for Straume forum blei støypt ned søndag.

Det er Brattholmen Indremisjon som står bak forsamlingshuset som er i ferd med å reisa seg på Straume. Søndag etter møtetid inviterte formann Kenneth Foss til grunnsteinsnedleggjing. Det var indremisjonsmannen Oddmund Tveranger som fekk æra av å leggja grunnsteinsskrinet ned i hola. Han har vore tilsett både i administrasjonen i Indremisjonsforbundet (ImF) og på Bildøy bibelskule.

Sambåndet.no har det frå gode kjelder at det låg eit strøkent eksemplar av Sambåndet nr. 10 for 2014 i skrinet. På to av sidene i dette nummeret gjer generalsekretæør Erik Furnes og administrasjonsleiar Anja U. Heggen i ImF greie for dei misjonsstrategiske grunnane for at ImF-administrasjonen skal flytta frå Søre Bildøy og inn i Straume forum.

Atle Våge, grunnstein, Straume forum. Foto: Anne May Snekkevik

Styreformann i Straume Forum, Atle Våge, ved grunnsteinen i nybygget. Foto: Anne May Snekkevik

Brattholmen Indremisjon har vakse ut av Brattholmen bedehus og har alt i fleire månadar hatt søndagsmøta i bibelskulehallen. Det var etter møte i fullsett hall søndag at ein stor flokk samlast til ein enkel seremoni og bedehuskaffi under tak i kjellaren i nybygget. Medan altså Oddmund Tveranger la ned grunnsteinen, stod ein korrekt antrukken (bortsett frå hjelmen) byggegeneral Atle Våge for støypinga. Fleire born, som representantar for den oppveksande slekta, fekk leggja på ei skei med mørtel kvar.

Straume forum opplyser på sin Facebook-profil at arbeidet med taktekking startar denne veka, og at ein i neste veke reknar med å starta dugnadsarbeid.

Sambåndet på papir og nett har følgd den omfattande prosessen med Straume forum. Sjå mellom anna lenkene til denne artikkelen.

1 svar

Trackbacks & Pingbacks

  1. […] Søndag 16.august ble grunnsteinen for Straume Forum lagt ned etter Brattholmen Indremisjon sitt formiddagsmøte i bibelskolehallen. Sambåndet var tilstede og har skrevet en reportasje som du kan lese her. […]

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar til Gunnstein lagt ned for Straume Forum! | Midthordland Indremisjon Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.