Sambåndet

Mandag 24. april 2017
RSS
PAPIRMØLLE: Sambåndet har fylgt prosessen med søknad om statsstøtte til folkehøgskole i Ørskog kommune på Sunnmøre. FOTO: Rebekka Hatlem

Til hjelp for ungdomane og samfunnet

Sjølv om det er ein urovekkande stor andel elevar som fell ut av den vidaregåande opplæringa før fullenda eksamen, er det lite kreativitet å spore i korleis ein kan snu ein negativ trend.

Av Erik Furnes SYNSPUNKT . Publisert 20. august 2015.

Det er no godt over tre år sidan ImF første gong sende inn søknad til Kunnskapsdepartementet om å få starte ein ny folkehøgskole for 16-åringar. I tillegg til ImF sin grunntanke om å formidle den kristne bodskapen til oppveksande generasjonar, har søknaden vore basert på ein visjon om å gje til tilbod til ungdomar som på mange måtar fell mellom stolane i dagens 13-årige undervisningsløp. Dette løpet inneber at ein skal gå rett frå grunnskule og inn i vidaregåande skule, enten ein er motivert for det eller ikkje.

Etter tre år med fornya søknader har vi ikkje fått konkrete signal frå politisk hald om at det er behov for ein annan type skule av dette slaget. Det undrar oss. Vi har hatt møte med ein statssekretærar med knallraud politisk farge, og ein med knallblå farge, men det ser ut for oss som at det vert tenkt overraskande likt på dette feltet. Sjølv om det er ein urovekkande stor andel elevar som fell ut av den vidaregåande opplæringa før fullenda eksamen, er det lite kreativitet å spore i korleis ein kan snu ein negativ trend.

I tillegg til den store fråfall-prosenten er det også rart at det ikkje er meir søkelys på alle ungdomar som tydelegvis vel feil studium etter vidaregåande. Vi kjenner vel alle nokon som starta på heilt ny utdanning etter at dei meir eller mindre har fullført ei anna utdanning. Kor mykje kostar vel ikkje dette samfunnet?

Dette er grunnar til at vi meiner Noreg i dag manglar ein type folkehøgskular for 16-åringar. Fylkespolitikarar, skulerådgjevarar og foreldre/føresette spør etter eit alternativ til det å gå rett inn i vidaregåande opplæring. Vi meiner at eit år på folkehøgskule har verdi i seg sjølv med tanke på livskurs, modning og utvikling. For mange vil eit slikt år òg vere viktig for å finne vegen vidare når det gjeld utdanning.

Elevane vil få ein betre bakgrunn for sitt val av vidaregåande opplæring og vidare studieløp. Etter eit år med praksis, modning og personleg utvikling, kjem elevane til å vera sikrare på kva dei skal velje vidare. I tillegg vil dei ha eit nytt syn på seg sjølve, som seier: «Dette klarar eg!» Vi tenkjer oss ei «rådgjevarteneste» på skulen, både personleg og fagleg, der «godfot-teorien» gjennomsyrar heile kvardagen deira. Frå linjefag, til valfag, basisfag og fritid blir elevane utfordra på å meistre. Gjennom nær kontakt med lærarar og rådgjevarar skal dei bli klare til å stake ut vegen vidare i sitt yrkesliv og ikkje minst personlege liv. Vi vil få til eit godt rettleiingssystem/verktøy og vil vere ei fyrlykt i denne samanhengen. Gjennom ressursar vi har fått tilgong til etter å ha vitja nokre av Danmark sine mange «efterskoler», og gjennom samarbeid med høgskule og forskingsmiljø, vil vi kunne hjelpe elevane til å ta dei rette vala for framtida.

Vi vil satse på ein skule der grunnleggjande ferdigheiter vil bli integrert i både linjefag, valfag og fellesfag. I Stortingsmelding 30 (2003/04) «Kultur for læring» kjem det fram at dette omgrepet inneber: – å kunne uttrykkje seg munnleg, – å kunne lese, – å kunne uttrykkje seg skriftleg, – å kunne rekne, – å kunne bruke digitale verktøy. I søknaden har vi lansert alternative og kreative idear for korleis ungdomar kan tileigne seg kunnskap i eit anna sosialt miljø.

Vi ynskjer å rekruttere breitt. Drøftingane med fylket har vore særs positive når det gjeld å leggje til rette for elevar med særskilde behov. Her vil vi nytte våre mange kanalar til å knyte folk til rette stillingar, både lærarar, miljøarbeidarar og andre tilsette.

Det er mykje godt å seie om det norske utdanningstilbodet, og det passar nok greitt for dei fleste og for dei motiverte, men vi meiner samfunnet vårt også treng ventilar for dei som av ein eller annan grunn treng alternativ. Å tenke kreativt og diakonalt om skulearbeidet meiner vi er i god haugiansk og «indremisjonsk» ånd.

Erik Furnes er generalsekretær i Indremisjonsforbundet

Les også: Karakterpresset sender flere på folkehøgskole

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Til høsten starter to kretser i Indremisjonsforbundet med konfirmantundervisning – Indremisjonssamskipnaden og ImF Rogaland.

Frikstad bedehus er i gang med å utvide, mens Molde bedehus planlegger utbygging.

Byråkrater og politikere går nå langt i å mistenkeliggjøre virksomheten til kristne organisasjoner.

Fire kretser i Indremisjonsforbundet (ImF) leter etter ny leder. En løsning kan være sammenslåing av kretser til regioner, sier formann i ImF-styret, Odd Asbjørn Nybø.

Trues det kristne håpet om et liv etter døden av medisinske utsikter til et lengre liv på jorden?

Copyright © Sambåndet 2017