Bergen får kristen bokhandel

Lokale er på plass, og dagleg leiar er tilsett. Bergen Kristne Bokhandel opnar i oktober.

Det stadfestar styreformann Johannes Kleppa i Bergen Kristne Bokhandel AS overfor sambåndet.no.

– Dagleg leiar blir Britt Helen Nerheim Opstad, og lokalet ligg i Øvre Korskireallmenningen 6, seier Kleppa.

Stiftingsmøtet for selskapet var på måndag, og første styremøte var på torsdag. Den daglege leiaren er tilsett i 80 prosent stilling frå 1. oktober.

– Lokalet er nokså tenleg slik det er, men noko oppussing er det snakk om, seier Kleppa.

Treng fleire frivillige
Etter styremøtet torsdag var det òg ei samling med ein del av dei som har meldt seg som ulønna medarbeidarar.

– Det var eit positivt møte, men me treng fleire, både til arbeidet i butikken og til boksal rundt om i forsamlingar og kyrkjelydar, seier Kleppa.

Styret heldt fast på at butikken skal opna i oktober, men det er ikkje fastsett nokon dato.

ImF er med
Indremisjonsforbundet, som eigar av Sambåndet Forlag AS, går inn med 100.000 kroner i butikken. I tillegg får selskapet 500.000 kroner i gåve. Pengane kjem frå salet av eigedomen der Vestbok heldt til.

– Me har òg takka ja til tilbod frå ImF om gratis rekneskapsføring det første året. Det var svært generøst, seier Johannes Kleppa.

Vestlandets hovudstad har vore utan kristen bokhandel sidan Vestbok stengde dørene i februar 2013.

LES MEIR: Planar for kristen bokhandel

Den kristen bokhandelen Vestbok, som vart nedlagt i 2013, lå i krysset Vetrelidsallmenning og Kong Oscarsgate. Den nye bokhandlaran får lokale i Øvre Korskirkeallmenning, ei tverrgate 150 meter lengre aust i same gata.

Den kristen bokhandelen Vestbok, som vart nedlagt i 2013, lå i krysset Vetrlidsallmenningen og Kong Oscarsgate. Den nye bokhandlaran får lokale i Øvre Korskirkeallmenning, ei tverrgate 150 meter lengre aust (til høgre på biletet) i same gata.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.