Sambåndet

Søndag 17. desember 2017
RSS
Eivind Arnevåg mottok på vegner av KFUM-kameratene årets Petter Dass-pris. Songarar frå Oslo Soul Children i bakgrunnen. Foto: Ole Andreas Husøy

Petter Dass-prisen til KFUM-kameratene

Det er ikkje vanleg med kapell i idrettshallar, men i KFUM-hallen på Ekeberg er det kapell, som er flittig i bruk.

Av Ole Andreas Husøy, KPK. Publisert 5. desember 2015.

KFUM-kameratene ved Eivind Arnevåg blei torsdag kveld overrekt årets Petter Dass-pris i Oslo domkyrkje.

Ikkje berre har KFUM-kameratene sitt seniorlag i haust rykka opp til 1. divisjon, denne veka blei idrettslaget tildelt pris for si evne til å sameine folkeliv og tru på Gud og for å setje den kristne trua på dagsorden i vårt samfunn, på ein jordnær og folkeleg måte i beste Petter Dass-ånd – som det heiter i statuttane for prisen. Prisen blir delt ut av avisa Vårt Land.

Sjefredaktør Helge Simonnes, som var prisutdelar, poengterte at fotball er noko av det mest folkelege som finst.

Ein klubb for livet

KFUM-kameratene Oslo, blei stifta i 1939 og har sidan 1960-talet hatt tilhald på Ekebergsletta. «Kåffå», som er klubben sitt kallenamn, er i dag primært ein fotballklubb, med om lag 1250 spelarar fordelte på nærmare 90 lag. Dette gjer Kåffa til ein av dei store breiddeklubbane i Oslo fotballkrets. Klubben er medlem både av Norges Idrettsforbund og av Norges KFUK-KFUM, og sameiner både det idrettslege og det åndelege. Klubbens slagord er «En klubb for livet».

Det er ikkje vanleg med kapell i idrettshallar, men i KFUM-hallen på Ekeberg er det kapell, som er flittig i bruk.

Med opprykket for seniorlaget, er klubben i augneblinken også hovudstadens nest beste fotballag, trass i avgrensa økonomiske ressursar.

Kontinuitetsberar

Eivind Arnevåg blei tilsett som leiar av breiddefotballen i KFUM-kameratene i 1982, etter å ha starta som sivilarbeidar der i 1981, og har hatt sin arbeidsplass der sidan, med unntak av dei åra han spelte eliteseriefotball for Lillestrøm. Arnevåg har også spelt for Vålerenga. Han er i høg grad ein kontinuitetsberar i det barne- og ungdomsarbeidet klubben driv, og som juryen omtalar som unikt. I ein uttale frå Norges Fotballforbund, som Simonnes siterte, blir KFUM-kameratene omtalt som eit forbilde for andre klubbar.

Plogspiss

I sin takketale sa Eivind Arnevåg at han var glad på klubbens vegner og meinte det er veldig fortent i og med at KFUM-kameratene var ein plogspiss i 1939 i norsk kristenliv når ein våga å kombinere idrett og kristendom i same foreining. Det vekte ein del motstand i kristne krinsar den gong.

Arnevåg gav honnør til dei som har gått føre han, og som har vore med på å utvikle KFUM-kameratene til den klubben den er i dag.

-Det viktige for meg er å få stå i ei teneste, sa Arnevåg som gav uttrykk for at han hadde følt seg meir som ein dagleg tenar enn ein dagleg leiar.

Fem nominerte

Under arrangementet i Oslo domkyrkje, der Oslo Soul Children stod for det musikalske programmet, blei også dei fire andre nominerte kandidatane til årets pris presenterte: artisten Lisa Børud, biskop Tor Berger Jørgensen, Ingeborg Solum Bø og Sigmund Bø som driv retratstaden Lia gård, og Marit Myklebust, kjent mellom anna som tidlegare leiar for Frelsesarmeens gatehospital i Oslo.

Prisen blir delt ut årleg og blei utdelt første gong i 1995. Årets prisutdeling var dermed den 21. i rekkja. KPK

Les òg: Marit og Irene nominert til Petter Dass-prisen

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

ImF-styret meiner underskot i budsjettet for 2018 gjer det naudsynt med nedbemanning på hovudkontoret på Straume.

Indremisjonsforbundet (ImF) og NLM har arvet en halvdel hver fra boet etter et småbruk i Lyngdal kommune.

Gode tilbakemeldinger på Indremisjonsforbundets Lederkonferanse gjør at det blir et årlig arrangement. 9.-11. november neste år blir det ny konferanse.

I årets juleaksjon samlet misjonseide Møre barne- og ungdomsskule i Herøy inn over 80 000 kroner til Åpne Dørers arbeid i Sentral-Asia.

Petter Myhr trakk fram den store betydningen hans far hadde hatt i livet hans, da han tok imot Petter Dass-prisen på vegne av festivalen Olavsfestdagene.

Copyright © Sambåndet 2017