Nyansar i synet på kontroll av internettbruk

- At barna har eit internett-filter mellom øyro er viktigare enn alle andre former for filter, seier rådgivar i Barnevakten.

Det er aldri lett for foreldre å vere vitne til at barna ser på pornografi på nettet. Ei undersøking gjort av Medietilsynet i fjor, viser at 60 prosent av 13- til 16-åringar har vore inne på ei porno- eller sexnettside. Den kristne nettstaden XXX-Church, som ønskjer å vere ei ressursside for dei som slit med porno og sex-avhengnad, har nyleg kome med råd til korleis foreldre bør handtere situasjonen der dei tek barna i å sjå på vakseninnhald på nettet.

Ikkje dårlege foreldre

Nettstaden meiner fyrst og fremst at foreldre bør halde seg roleg i situasjonen. Det er trass alt ikkje enden til verda, blir det streka under.

«Ja, det er keisamt, men vêr så snill ta oss på ordet: Alt kjem til å gå bra. Det faktum at du fanga opp dette no, mens barnet stadig er eit barn, er ein «game changer», forsikrar XXX-Church og skriv vidare:

«Du er ikkje ein forferdeleg forelder, og det er ikkje slutten til verda.»

Openheit og ærlegdom

Når du skal snakke med barnet eller tenåringen din om porno og seksualitet, er det viktig at foreldre skaper ein atmosfære med openheit og ærlegdom, seier rådgivar Kjellaug Tonheim Tønnesen i Barnevakten.

– Det er viktig at du gir den unge rikeleg høve til å dele sine eigne tankar. Skap ein dialog og ikkje ein foreldremonolog – og ta utgangspunkt i ein samtale om seksualitet og kjærleik, held ho fram.

 – Set klare reglar

Det fyrste foreldre bør gjere, er å vere strengare og setje klare grenser for barna sine, meiner ho.

– Dersom barn har vore på porno på nett eller mobil, så er det viktig å ta ein prat om det dei har sett. La barna få snakke og hjelp dei med å realitetsorientere seg og rydde inntrykk. Ver også tydeleg på kva for grenser du ønskjer for barnet ditt.

I eit gjesteinnlegg skrive av Adam McLane, som er tilknytt The Youth Cartel – ein kristen organisasjon som rettleier vaksne som driv med forkynnande arbeid overfor ungdom – heiter det at foreldre må ha klare husreglar og god kontroll på alle internett-tilkopla einingar i huset.

 «Dersom du ikkje har ein slik regel på plass, vil det vere eit godt tidspunkt å gjennomføre ein slik regel for kvar person i huset», nemner han i innlegget.

Filter mellom øyro

Tønnesen meiner det ikkje er enkelt å halde kontroll over barna sin mediebruk, men at det handlar meir om å lære dei å setje grenser for seg sjølv og setje grenser overfor andre.

– Det er ikkje nødvendig eller ønskjeleg å ha full kontroll. Nokre avgrensingar kan ein likevel gjere både i forhold til innhald og tidsbruk, men det aller viktigaste er å vise interesse for barna sine også i det digitale livet, og å byggje gode relasjonar. At dei har eit filter mellom øyro er viktigare enn alle andre former for filter, seier Tønnesen. 

«Ikkje skam barna»

I gjesteinnlegget understrekar Adam McLane også at det er viktig med ei forsonande haldning overfor barna når foreldra fyrst har ferska dei i å sjå pornografi.

«Dei er truleg svært flaue, skamfulle, og vitskremt for at du no skal elske dei mindre, eller at Gud ikkje elskar dei i det heile teke», forklarer McLane.

«Motstå freistinga til å skamme dei og tilby i staden tilgiving. Sjølv om dette kan verke som ei uoverstigeleg hindring å overvinne, så hugs at dei fleste vil oppleve seksuell synd i livet sitt», skriv han vidare.

Han tilrår at foreldre handterer konsekvensane av barna sine handlingar ved å hjelpe dei å «sjå ein klar veg» der dei kan fortene tilliten din igjen, og der du som forelder kan hjelpe dei til å oppleve konkret tilgiving.

Rå og omsynslaus

– Vaksne må huske på at porno-industrien er rå og omsynslaus og rekrutterer gjerne nye unge brukarar ofte på utspekulerte måtar, seier Tønnesen og legg til:

– Mange barn hamnar også på pornosider utan sjølv aktivt å søkje det. Eit anna faktum er at foreldre med god grunn også bør gå i seg sjølv. Dersom det gjeld barn i barneskulealder, så kan ein med enkle grep aktivere avgrensingar på innhald når barna får sin eigen mobil, seier ho. KPK

Les òg: Snakkar annleis om rus og seksualitet

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.