Sambåndet

Torsdag 22. juni 2017
RSS

Det mest sårbare

Hva er tillit, hva skjer når tillit brytes og mistes, og går det an å gjenvinne tillit?

Av Sambåndet LEDER . Publisert 7. mars 2016.

Dette er utgangspunktet for temaseksjonen i dette nummeret(februarnummeret av papir-/e-bladutgaven, red.anm.). Det er et både krevende og viktig tema, for tillit er grunnlaget for gode og ansvarsfulle relasjoner mennesker imellom.

Vi har valgt å gi ansikt til dette temaet gjennom to enkelthistorier. Sangeren Gunnstein Draugedalen forteller om natten da hans tillit ble brutt, og om hva det gjorde med ham. En annen – som vi lar være anonym – brøt en annen persons tillit. Spørsmålet hans er om erkjennelse kan skape et rom for en fortsatt plass i den troende forsamling.

Dette lodder dypt og er sårbart, både hos de som forteller, og – tror vi også – hos de som leser. Derfor bærer vi et betydelig ansvar for ikke å la disse historiene stå alene.

To ordpar vi er opptatt av i Sambåndet-redaksjonen, er å «tale vel» og å «tale sant». Av og til kan dette framstå som motsetninger. Vi er overbevist om at det er behov for å tale sant, da i betydningen også å ta opp saker som på ulike måter kan være krevende. I dette tilfellet har vi tatt mål av oss til å tale sant om et av livets mest sårbare områder. Det er både et privilegium og, som nevnt, et betydelig ansvar. Vi er ydmyke med tanke på både de som forteller fra egne liv, og de som bidrar til helheten.

I Apgj 27 leser vi om at skipet som skal føre Paulus til Roma, legger til i Sidon. Soldaten Julius (v. 3) «som behandlet Paulus med menneskekjærlighet, gav ham lov til å gå til venner og nyte godt av deres omsorg». Forfatter Hans Weichbrodt («Gjennom stormen») mener dette trolig er de som ble drevet på flukt i forbindelse med steiningen av Stefanus, som Paulus den gang «samtykte» i (Apgj 8,1). Uavhengig av om dette er tilfelle, handler hele vår historie om mennesker som har gått inn i dype prosesser for å bearbeide krevende opplevelser.

Generalsekretær og personalleder i ImF kommer med sin respons på utfordringer rettet til den troende forsamling. Det skal ikke herske tvil om, heller ikke fra Sambåndets side, at hovedhensynet ligger hos den som opplever at tillit brytes.

Les også: Sambåndet før og nå

3 Comments »

  • 1

    Annbjørg Barane

    7. mars, 2016, kl. 20:41

    «Alt som er sant, og alt som er ære verdt, alt som er rett, og alt som er reint, alt som er verdt å elska, og alt som er verdt å akta, ja, alt som er til glede og alt som fortener ros,»…. Ja, skriv om det! Skriv sant og tal vel om det som er godt, positivt og byggjande. Det er så mange ting i tida, også mellom oss kristne, som kan gje motløyse og avmakt. Slikt må gjerne skrivast om og debatterast. Vi kan vera sårbare på kvar våre felt. Men la oss også dela med kvarandre det som kan gje glede og nytt
    mot! Det finst mange flotte menneske som gjer og betyr mykje for andre. Det skjer
    mykje fint rundt omkring, noko som andre må få vita om og henta inspirasjon frå. Vi treng om å dela det som er positivt og kreativt, og på mange ulike måtar setja mot i kvarandre! Og vi har å gjera med ein stor og god Gud. Løft blikket og sjå på Han, skriv om Han! Lykke til med å gje oss god og oppmuntrande lesnad!

    Svar
    • 1.1

      Petter Olsen

      12. mars, 2016, kl. 12:04

      Som ansvarleg for det som står i leiarartiklane i Sambåndet – som no ikke lenger er signerte – takkar eg for respons frå ein av våre trufaste lesarar, Annbjørg Barane. Ho byrjar med å sitera frå Fil 4,8, som eg er einig i at på mange måtar er ei bibelsk utgåve av pressa sin Ver varsam-plakat. Barane oppsummerer verset slik: «Skriv sant og tel vel om det som er godt, positivt og byggjande». Ho synest i denne setninga å ville avgrensa det som det skal skrivast sant om, til det som har ei positiv klang, og dette positive er det som er byggjande.

      Då lyt me lesa sitatet frå Filipparbrevet ein gong til: I min bruksbibel (1988-omsetjinga på bokmål) står det slik: «Alt som er sant, alt som er ære verd, alt som er rettferdig, alt som er rent, alt som er verd å elske, alt som folk taler vel om, alt som duger og er ros verd – gi akt på det!». «Alt som er sant (mi utheving), skriv altså Paulus, det som er sant og ekte i motsetnad til det som er hykleri og uekte. I Efes 4,25 oppmodar apostelen: «Legg derfor av løgnen og tal sannhet hver med sin neste! For vi er jo hverandres lemmer».

      Sanning har altså ein eigenverdi (eg er likevel einig i ordtaket om at «alt ein seier skal vera sant, men ein treng ikkje seia alt som er sant»). Byggjande sanning er ikkje avgrensa til det som kan oppfattast som positivt. Dette var det nok trong for i samtida i Filippi. I Apg 16 les me om eit samfunn prega av spådomsånder (v. 16) og intoleranse mot kristen lære (v. 20ff). Mellom anna inn i denne samtida – som me kjenner igjen i vår eiga tid – oppmodar altså Paulus til å leggja vekt på sanninga.

      Når leiarartikkelen tek opp at Sambåndet både skal tala vel og å tala sant, er det for å halda fram at det ikkje treng å vera nokon motsetnad her. Det er ikkje slik at det berre er det som synest positivt, som er byggjande. Paulus skriv vidare i 2. Kor 4,2: «Vi har sagt oss løs fra alle skammelige snikveier og farer ikke fram med list. Heller ikke forfalsker vi Guds ord. men ved å legge sannheten åpent fram(mi utheving), anbefaler vi oss for Guds ansikt til alle menneskers samvittighet». I eit avsnitt i Efes 5 går Paulus langt i å oppmoda til å vera open om det som er smerteleg: «Ta ikke del i mørkets ufruktbare gjerninger, men refs (kan òg omsetjast med avslør) dem heller» (v.11).

      Med dette er det ikkje sagt at Sambåndet berre skal ta opp ting som kan oppfattast negativt og vanskeleg – og slik er det då heller ikkje – men me har frimod til òg å skriva om slike ting. Utgangspunktet må då vera at det er sant, og at me har ein aktverdig grunn til å ta det opp. Som ansvarleg redaktør meiner eg me oppfylte desse to krava og i februarnummeret.

      Så er eg glad for at Annbjørg Barane ikke er mellom dei som vil reinska bladet for alt som kan oppfattast negativt av nokon. Eg er einig med henne i at det «skjer mykje fint rundt omkring» i bedehusland, og eg vil meina at me speilar òg det. Det er det òg mange andre som gjer, medan det kanskje ikkje er fullt så mange som tek fram det som smertar, men som likevel bør fram. Sambåndet har til oppgåve å gjera begge deler. I dette arbeidet set me stor pris på respons fra lesarane våre.

      Svar
      • Annbjørg barane

        17. mars, 2016, kl. 19:20

        Eg er ikkje nokon debattant, i alle fall ikkje i møte med ein dyktig redaktør. Men eg ynskjer å seia at eg beundrar skrivande folk både i vanlege aviser, kristelege aviser, organisasjonsblad, misjonsblad m.m. Alltid skal dei finna noko å skriva og meina noko om. Dei skal avdekka saker og orientera folk som er interesserte og engasjerte. Eg meiner at dette er positivt. Det føregår ein del rundtomkring som ikkje er bra, og noko av dette bør vel berast «til torgs». Somme tider kan det bli nok av slikt. Dette seier eg generelt, ikkje retta mot noko nummer av Sambåndet. Men det føregår også så mykje godt og fint, og mitt poeng er at også dette må få god spalteplass, framleis nemnt generelt. Overalt møter vi saker og ting som kan gjera oss nedtrykte og motlause. Då treng vi hjelp til å få fram dei oppmuntringane som finst, i tider som for ein del menneske ikkje er så lette. Tal sant og tal vel om, ja, og tal til oppbygging!

        Svar

Skriv en kommentar

Rallycrossfører Simon Wågø Syversen (24) har plassert henvisning til «Den lille bibel» på kanskje den viktigste sponsorplassen i fronten på bilen.

Med fare for å bli oppfattet som moralist og mørkemann tar jeg pennen fatt.

I sine 40 år som kristenlivsjournalist har Jan Arild Holbek vore oppteken av å ikkje meine noko offentleg. Det har han ikkje tenkt å slutte med no sjølv om han er blitt pensjonist.

Indremisjonskoret er svekket og må ta samling i bunn for å kunne gå videre.

Kretsleder Johan Halsne legger hele sin tyngde inn i anbefalingen om å danne forsamling på bedehuset, men advarer samtidig mot ensidig forkynnelse.

Copyright © Sambåndet 2017