Maria jublar gjennom Halmrast

Ein «one hit.wonder» av ein salmediktar har no fått historia si nedskriven i boka «Jeg som er ringest blant ringe».

Påskesalmen «Å salige stund» er kjend for – og elska av – mange, men forfattaren Johan Halmrast er for dei fleste heller ukjent. Dette ønskte forfattar Nils-Petter Enstad å gjere noko med.

–  Salmen trefte meg allereie som barn då vi lærte salmevers i kristendomstimane på skulen, fortel Enstad.

Det var slik han fyrst blei kjend med den glade påskemorgon-salmen.

– Eg ville ikkje kunne definere kva det var som trefte meg. Kanskje var det bakgrunnen min i Frelsesarmeen som bidro.  Melodien har noko frelsesarmésk over seg; den er glad, den har rytme, den har trøkk, seier forfattaren.

Nysgjerrig på Halmrast

Då Enstad fleire år seinare lærte at Halmrast, som døydde i fattigdom, berre blei følgt til grava av fire frelsesoffiserar i tillegg til faren og broren sin, skapte det ein forvitenskap i han. Det blei også starten på forfattarskapen hans.

– Eg begynte å samle på moment til forteljinga om denne mannen, og i 1990 gav eg ut mi fyrste bok, eit lite hefte på 32 sider, som handla om Halmrast og om salmen, fortel Enstad.

– Men eg ante at her er det meir stoff. Her var der meir som burde forteljast.

150-års jubileum

Forteljinga om Halmrast har lege i bakhovudet til Enstad i mange år mens han har heldt på med andre bokprosjekt.

– I 2012 var det 100 år sidan han døydde. Då var eg i gong med ei bok, men blei ikkje ferdig. Og i år er det 150 år sidan han blei fødd – og denne gongen kom eg i mål, fortel forfattaren.

«One hit wonder»

Johan Halmrast skal ha skrive 30 romanar, men berre ein tredjedel av dei er kjende ved tittel i dag. Han tente også småpengar på å skrive notisar for hovudstaden sine aviser.

– Men helst ville han vere lyrikar og aller helst salmediktar. Kristentrua var alltid djupt og inderleg til stades hos han, fortel Enstad.

Han trur «Å salige stund» var noko av det fyrste Halmrast fekk på trykk.

– Så langt eg har kunna bringe på det reine, var dette den fyrste litterære teksten Johan Halmrast hadde på trykk. Mange vil seie det også er den beste. Johan Halmrast er det ein må kunne kalle ein «one hit wonder» i norsk salmehistorie.

Maria Magdalenas jubel

«Å salige stund» skildrar ikkje ei generell, kristen glede over oppstoda, men tek utgangspunkt i ein bestemt person si oppleving.

– Sjølv kalla han den for «Maria Magdalenas jubel». Halmrast veljar eit talerøyr, eit augevitne, og det talerøyret er Maria Magdalena.  Hennar jubel kom tidleg inn i songbøkene til dei ulike kristne organisasjonar og frikyrkjer, seier Enstad.

Det Norske Misjonsforbund tok den med i songboka si alt i 1895. I Frelsesarmeens songbøker har den vore med sidan 1900. Og då Landstads Reviderte salmebok kom i 1924 var teksten med også der. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.