Sambåndet

Torsdag 23. november 2017
RSS
Første Lausanne-kongress ble holdt i Palais de Beaulieu i Sveits i 1974. Foto: Rama, Wikimedia Commons, CC-BY

Norme og norsk asylpolitikk

Eg synes ikkje det er greitt at vi uttaler oss, til dømes i sosiale media, utan å sette oss inn i fakta, skriv generalsekretær i ImF og 1.varamann til Norme-styret, Erik Furnes.

Av Erik Furnes SYNSPUNKT . Publisert 5. april 2016.

Erik Furnes er generalsekretær i Indremisjonsforbundet og 1.varamann til styret for Norme

I juli 1974 samla 2700 evangelikale kristne leiarar frå over 150 land seg i den sveitsiske byen Lausanne. Anført av leiarar som Billy Graham og John Stott vart det meisla ut eit nytt initiativ for å stå saman om å fullføre misjonsoppdraget på kloden vår. Sidan den gong er Lausanne-pakta blitt understreka og fornya gjennom dei store konferansane i Manila og Cape Town. I Norge vart Norsk Misjonsråd, den Evangeliske Allianse og Lausanne-rørsla samla i 2001 under paraplyen Norme (Norsk Råd for Misjon og Evangelisering).

Eg veit ikkje når leiinga i ImF melde seg inn i dette, men for ei rørsle som vår, er det naturleg å stå saman med andre truande i ein større samanheng. Det handlar om synleggjering av at ein står saman om misjonsoppdraget, men også ei erkjenning av at vi sjølve har for små ressursar til å engasjere og uttale oss om ymse saker og spørsmål. Derfor støttar vi andre organisasjonar og tiltak gjennom medlemskap eller eigarskap, t.d. Menneskeverd, Familie & Medier, Dagen, P7, Blå Kors med meir. Av same grunn er vi altså medlem av Norme, og underteikna har det siste året vore 1.varamedlem til styret.

Anne-Lise Søvde er dagleg leiar i Norme. Foto: Ole Andreas Husøy, KPK

Anne-Lise Søvde er dagleg leiar i Norme. Foto: Ole Andreas Husøy, KPK

Eg skriv dette på bakgrunn av ein del reaksjonar på at dagleg leiar for Norme har uttalt seg til regjeringa og media om forslaga til innstramming i asyl- og innvandringspolitikken.

På same måte som eg kan skrive leiarar i Sambåndet på vegne av ImF utan å rådføre meg med styret, må også dagleg leiar i Norme kunne gjere det same. Deretter får ein diskutere eventuell usemje i styret.

Eg uttaler meg på vegne av ImF på grunnlag av Bibelen og den evangeliske lutherske vedkjenninga. Dagleg leiar i Norme uttaler seg på grunnlag av Bibelen, Lausanne-pakta og Cape Town-erklæringa. Det gjeld også i spørsmål som det kan vere litt usemje om mellom dei 43 medlemsorganisasjonane.

Les òg: Lars Dale om Lausanne-rørsla

I haust uttalte dagleg leiar seg i spørsmålet om likekjønna vigsel i Den norske kyrkja, ein uttale som dei fleste ImF-folk sikkert støttar heilhjarta, men den fall nok tilhengarar av Åpen Folkekirke tungt for brystet. Styret støtta dagleg leiar sin rett til å uttale seg om dette, fordi Norme sine grunnlagsdokument er tydelege i si rettleiing.

Dersom ein medlemsorganisasjon er usamd med Lausanne-pakta sitt innhald, får ein heller ta konsekvensen og melde seg ut.

Den Evangeliske Allianse og Lausanne-rørsla har engasjert seg i spørsmål om asyl- og flyktningepolitikk og prøver å vere ei stemme inn mot politiske styresmakter i ulike land. Vi veit til dømes at mange menneske vert forfølgde og drepne for si trus skuld. Når nokon av slike grunnar ikkje ser noko framtid for seg og sine born i sitt heimland, vert dei tvinga på flukt. Når mange kristne opplever vanskar med å bli trudd på at ein har eit reelt behov for å bli beskytta, er det nødvendig at andre kristne hever røysta på vegne av dei. Når Norme skal argumentere for dette inn mot norske styresmakter, vert det likevel ikkje truverdig om ein skal tale på vegne av kristne åleine. Derfor støttar eg også den aktuelle høyringsuttalen når den held fram at det må vere mogleg for alle asylsøkjarar til å få prøvd si sak. Det betyr sjølvsagt ikkje at alle skal få opphaldsløyve.

Når eg har fått kritisk respons på kva Norme har uttalt seg om, har eg retta ei utfordring tilbake om å lese og kommentere dei 3-4 momenta som høyringsuttalen faktisk handlar om, men etter det vert det stilt. Eg synes ikkje det er greitt at vi uttaler oss, til dømes i sosiale media, utan å sette oss inn i fakta.

Det eg beklagar i uttalen, er at den avsluttar med å be regjeringa trekkje alle endringar i asyl- og innvandringspolitikken, noko som er eit uttrykk for at ein ikkje tek inn over seg at politikarane faktisk har eit ansvar for å ta omsyn til heilskapen. Det er også beklageleg at det er kome kommentar på innvandringsministeren sin bruk av korssmykket, noko som eg meiner er å blande sak og person på ein lite konstruktiv måte.

Når det gjeld spørsmålet om masseinnvandringa til Europa, kommenterte vi det i Sambåndet sitt september-nummer i fjor. Debatten er elles prega av lite nyansar. Det er forståeleg at mange fryktar for at landet vårt får fleire ytterleggåande islamistar som ikkje er respekterer vårt demokrati, men det forsvarar ikkje å gjere det bortimot umogleg å få asyl for dei som verkeleg treng hjelp. På den andre sida kan det verke som nokon meiner at den einaste rette måten å vise kristen nestekjærleik er å opne grensene for alle fattige og naudlidande.

Mykje kan seiast om effekten av norsk bistandsarbeid dei siste tiåra, men det er ingen tvil om at ein framleis kan hjelpe flest på den måten.

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Ulikt syn på om bedehusstyret har et åndelig ansvar for virksomheten var avgjørende for at styret for Talgje bedehus trakk seg.

På Indremisjonsforbundets (ImF) miniarbeidermøte ble medarbeiderforeningen ImF-Maf stiftet.

Trosforsvarer Stefan Gustavsson mener det er mulig å endre det grenseløse og nytelsesorienterte synet på seksualitet som har har utviklet seg i Skandinanvia.

Indremisjonsforbundet (ImF) ønsker å styrke organisasjonens identitet.

Det har vært hektiske dager for arrangements- og markedsansvarlig Kenneth i Indremisjonsforbundet (ImF) like før ImFs lederkonferansen starter.

Copyright © Sambåndet 2017