Sambåndet

Søndag 22. september 2019
RSS
Kvam kraftverk AS har montert ny trafostasjon på anleggsområdet (frontbilde). Entreprenøren er allereie i sving med den siste finpussen av byggetomta (bildet ovanfor). Snart blir det pæling. Begge foto: Lars A. Oma (Framnes KVGS)

Arbeidet med ny idrettshall i gang

Tysdag starta arbeidet med å byggja ny idrettshall ved Framnes kristne vidaregåande skule.

Av Redaksjonen. Publisert 6. april 2016.

Framnes Arena: Om lag slik vert hallen sjåande ut når han står ferdig neste år. Fotomontasje: Forum Arkitekter AS

Styret for Framnes kristne vidaregåande skule i Hardanger vedtok i slutten av februar å byggja ny idrettshall. Totalentreprenøren, Brødrene Ulveseth AS, starta arbeidet tysdag 4. april. Selskapet er i full gang med å planera området, og Kvam kraftlag AS har sett opp ny trafostasjon. Deretter skal det setjast opp sikringsgjerde og arbeidsbrakker. Om kort tid startar arbeidet med å setja ned pælar i grunnen.

Målet er å gjera hallen ferdig til mai 2017. Hallen kostar om lag 40 millionar kroner eks mva. Alle formalitetar rundt byggesøknaden er på plass.

Styrkjer skulen

«Framnes arena» får standard handballbane med parkett og fotballbane på 27×36 meter – med krøllgras som dekke. I tillegg vert det m.a. nytt styrkerom og truleg ny klatrevegg.

Vidare skal det vera fire garderobar, i tillegg til lærargarderobe og handikapgarderobe. I andre etasje vert det styrketreningsrom på 170 kvadratmeter. Det vert òg eit disponibelt rom på 60 kvadratmeter som kan brukast til klasserom, spinning eller liknande. Det vert om lag 220 sitteplassar på tribunen. I handballhallen vert det automatisk uttrekstribune med plass til 306 stolar

I det kommunale området ved hallen skal det lagast park, fotballbane og ny sandvolleyballbane.

– Det nye anlegget vil verta eit betydeleg løft for både idrettsutdanninga vår og for skulen elles, seier rektor Harald Voster.

Ombygging

Skulen er allereie i gang med å planleggja ombygginga av den gamle gymnastikksalen. Her er det plass til eksempelvis ekstra klasserom, bibliotek og lesesal fordelt på to plan.

Skulen er eigd av Indremisjonsforbundet (ImF) og Indreminsjonssamskipnaden (IMS).

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Divisi besøker Sør-Rogaland denne helgen. «divisi-kveld» i Ålgård kirke der menigheten inviteres til fellesskap i sang og musikk, er en av programpostene.

Daniel Sæbjørnsen skal møte ungdommer på digitale plattformer, og han ønsker en dialog heller enn en monolog.

Sarah Hetland (19) og Tore Lindefjeld (18) er godt fornøyd med fjorårets Lederkonferanse og planlegger å få med seg årets konferanse. Fristen for å melde seg på til lavest mulig pris, er utsatt til 24. september.

KOMMENTAR Vil den nye oversettelsen av Bibelen til nordsamisk skape like mye diskusjon blant brukerne som 1978-oversettelsen til norsk gjorde? Det finnes i alle fall paralleller.

En fellesgudstjeneste på Saron markerte etableringen av Blå Kors Bryne.

Copyright © Sambåndet 2019