Vil reservera seg mot konservative kristne

Hiphop-gruppa Side Brok likar dårleg at presten i heimbygda ikkje vil via homofile par. No vil dei nekta det dei kallar «konservative kristne og andre homofobar», høve til å gå på konsert.

Lokalavisa Møre-Nytt i Ørsta skreiv førre veke at sokneprest Espen Aarseth ikkje vil vie likekjønna i kyrkja sjølv om Kyrkjemøtet har opna for det, men at han sjølvsagt ønskjer homofile velkomne i kyrkja. Dette fekk ifølgje Sunnmørsposten hiphop-gruppa Side Brok til å reagera. Medlemmane i Side Brok kjem sjølv frå Ørsta og skreiv dette på sine Facebook-sider saman med eit bilde av avisa:

Slik står det til der me kjem frå: Ein av prestane seier at han ikkje vil vie homofile, men at dei sjølvsagt er velkomne i kyrkja (ja, han seier «sjølvsagt»!). Dei to andre prestane sit på gjerdet, og har ikkje bestemt seg enno. Reservasjonsrett har vorte veldig populært, og no vil me òg ha det: Frå no av er konservative kristne og andre homofobar ikkje velkomne på Side Brok-konsertar. De er sjølvsagt velkomne til å høyre musikken vår på Spotify, men de slepp ikkje inn når me spelar konsert. Det forstår de sikkert. Nestekjærleik meg i ræva.

Innlegget har fått stor merksemd og er nå delt over 1800 gonger.

Ironisk meint

Runar Gudnason i Side Brok seier til Sunnmørsposten at innlegget er meint som tjukk ironi for å samanlikne og vise kor dumt dei meiner det er å ikkje ville vie homofile, og samstundes uttale at homofile sjølvsagt er velkomne i kyrkja.

– Dei er jo ikkje det, seier Gudnason til Sunnmørsposten.

Han meiner at Side Brok er meir tolerante enn prestar, og at dei ikkje vil gjere alvor av å nekte folk å kome på konsert.

– Reservasjonsrett er feil. Det er ikkje berre å finne seg ei anna kyrkje for å gifte seg. Fleire homofile er døypt og konfirmert i den lokale kyrkja og vil gifte seg der. Eg blir enormt skuffa når dei plutseleg ikkje er velkomne til å gifte seg i ei kyrkje dei har eit personleg forhold til, seier Gudnason.

Ikkje overraska

Gudnason blei ifølgje Sunnmørsposten ikkje overraska over prestens haldning, men synest at det er dårleg at den eine av prestane i Ørsta seier nei, medan dei to andre ikkje har bestemt seg.

– Det er skammeleg. Det var viktig å seie ifrå no. Eg er ikkje kristen sjølv – og er ateist, men veit at kyrkja betyr mykje for mange. Mitt inntrykk er at dei fleste meiner prestar som seier nei, er utdatert.

Gudnason meiner at det er ei god samanlikning å sidestilla ei kyrkje og det å gå på konsert.

– Det handlar om fellesskap, seier han.

Tre av fire prestar

Leiaren i Presteforeninga i Møre, Magne Furuseth i Molde, sa til NRK Møre og Romsdal at tre av fire prestar truleg vil bruke reseravsjonsretten og seie nei til likekjønna vigsel.

– Slik eg kjenner presteskapet i Møre, ser eg føre meg at dei fleste i utgangspunktet har ein nokså konservativ teologi. Sjølv om det har vore ei endring over nokre år, trur eg framleis at eit ganske vesentleg fleirtal av prestane tenkjer at dette stemmer dårleg med det bibelske materialet, sa Furuseth og la til at utspelet var basert på samtalar og diskusjonar med kollegaer og ikkje noko systematisk rundspørring. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.