Kva er eit kor verd?

Tilbakegangen i talet på kor og kormedlemmer er ganske enkelt forferdeleg, skriv Arild Berstad, dirigent for koret Respons.

«Dette koret er meir verd enn ti predikantar!» Slik omtalte musikkanmeldar for Sunnmørsposten, Kjetil Hjelset, ein konsert med divisi i Spjelkavik kyrkje midt på nittitalet.

Å setje desse to ulike funksjonane opp imot kvarandre vil ikkje eg gjere. Men at Hjelset, som sjølv har lang fartstid i Skruk og andre lokale kor, sette stor pris på det vi kan kalle Indremisjonsforbundets flaggskip i korsamanheng, er heilt sikkert, og det med god grunn!

Men kva kom fyrst – koret eller predikanten? Svaret må vel bli predikanten. «Trua kjem av forkynninga», les vi i Skrifta. Og der folk har kome til tru, har også songen og musikken blomstra. Kor har blitt danna. Unge, nye predikantar har blitt rekruttert frå dei mange kora som etter kvart poppa opp der Guds rike gjekk fram.

Der barn, unge, vaksne og eldre har samlast til korøvingar, har som regel evangeliet om Frelsaren lydd i ord og tonar og hatt gode vekstvilkår. I nokre kormiljø – særleg i ungdomskor – har det vore ei kontinuerleg stille vekkjing. I andre kor har dei opplevd periodar der vekkjingsvinden har brusa sterkt og mange har blitt vedkjennande kristne.

Der barn, unge, vaksne og eldre har samlast til korøvingar, har som regel evangeliet om Frelsaren lydd i ord og tonar og hatt gode vekstvilkår

Framleis har song og musikk ein svært viktig funksjon i Guds rikes arbeid – også i ImF. Dette såg vi seinast på generalforsamlinga i Ålesund i slutten av juli. Konsertar med høg kvalitet og sterk bodskap er døme på det. Men også dei andre samlingane bar preg av inspirerande song og musikk, leia av dyktige musikarar og songarar. Eg takkar Gud for desse – og ImF-leiinga for at de investerte i så god song og musikk og lyd- og lysteknikk. Når folk tenkjer tilbake på desse dagane på Borgund folkehøgskule, vil eg tru at mange kjenner inspirasjon, glede og frimod knytt til forkynning, fellesskap – og songen og musikken!

Når vi opplever kva den kristne songen og musikken betyr for kvar enkelt av oss, kan vi gjerne stille oss spørsmålet: Kvifor satsar vi ikkje meir på dette feltet? Det er det stikk motsette som skjer. Tilbakegangen i talet på kor og kormedlemmer er ganske enkelt forferdeleg. Medan det på 80-talet var 10–12 ungdomskor berre i ImF-samanheng på Sunnmøre, er det i dag to–tre igjen. Det same opplever dei i andre samanhengar og på andre kantar av landet. «Ja, men kor er kanskje ikkje in blant ungdom lenger», seier nokre og legg til: «Det er trass alt kome til nokre nye lovsongsgrupper.» Jau, lovsongsgrupper er veldig bra, det, og lat oss få fleire av dei. Dei har ein viktig funksjon. Men utgjer dei det same lågterskeltilbodet som eit ungdomskor gir?

Når vi opplever kva den kristne songen og musikken betyr for kvar enkelt av oss, kan vi gjerne stille oss spørsmålet: Kvifor satsar vi ikkje meir på dette feltet? Det er det stikk motsette som skjer

Framleis møter nærare hundre tenåringar opp til korøvingar på Emblem. Kvifor skal ikkje andre kunne oppleve det same? Det er ikkje spesielt, det vi gjer i Respons. Det «spesielle» er at vi finst. Er til for dei som vil bli med. Ingen skal tvile på at ungdom likar å synge og spele. Det er i hopetal av dei som ønskjer å teste ut sitt talent. Men aller viktigast er at det finst ein stad der dei kan møtast – til sosialt samkvem, kristen fellesskap og sjølvsagt til utøving av song og musikk. Lat meg også legge til lyd, lys og sceneteknikk. Det siste er bra for dei som helst vil gjere andre ting enn å synge og spele, men som vil vere med i fellesskapen.

Finst denne møtestaden der du bur? Vil du vere med og etablere ein slik møtestad for ungdom? Har du eit ønskje om å sjå unge kome saman på bedehuset for å synge ut verdas beste bodskap, så er spørsmålet om du vil prioritere tid til å vere i lag med dei, viktigare enn kva du har av musikalske gåver.

Finst denne møtestaden der du bur? Vil du vere med og etablere ein slik møtestad for ungdom?

Sjølvsagt trengst det «fagfolk» som kan leie eit kor. Det trengst gjerne musikarar, dirigent/ein som kan øve inn stemmer. Men om ikkje alt er på plass, går det an å starte med det enkle. Singback og einstemmig song er ikkje noko nederlag. Det er vaksne kristne som vil dele litt av si tid med ungdomar, som er ein basisfaktor. Medlemstal må ikkje vere avgjerande for om eit kor er liv laga eller ikkje. Start med dei som møter opp!

Det er ikkje Erik & co i sentralleiinga som skal ut og starte kor. Dette er noko du som bur der du bur, må ta tak i. ImF kan bidra med oppstartingstilskot og folk som kan gje vegleiing og hjelp. Men få med deg fleire og kast deg ut i det!

Det er ikkje Erik & co i sentralleiinga som skal ut og starte kor. Dette er noko du som bur der du bur, må ta tak i

Kva kan du vente å få att? Guds velsigning og mange gleder! Sikkert også litt slit og strev. Men mest av alt trur eg det vil gå i pluss. Det har eg iallfall erfart sjølv. Då eg på GF vart spurd om kva som inspirerte meg til å halde på, svarte eg både familie og forsamling, men aller viktigast: Ingen kan inspirere meir enn Han!

Så kan vi glede oss over divisi – som stadig fornyar seg og held det gåande på fantastisk høgt nivå! Og vi kan glede oss over predikantane som forkynner til tru, liv og teneste. Og vi kan sjølv vere med i korarbeid med dei gåver Gud har gitt oss!

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.