Likeverd og familie på Hauge-seminar

Kvinnesynet til Hans Nielsen Hauge er tema på Haugeseminaret i Fosnavågen fredag.

Då Hans Nielsen Hauge (1771-1824) reiste rundt om i landet, hadde han med seg fleire kvinnelege leiarar og lekpredikantar. På den tida skulle verken lekfolk eller kvinner forkynne Guds ord. Under Haugeseminaret i Fosnavågen fredag 14. oktober vil Linda Helén Haukland frå Universitetet i Nordland og forfattar Edvard Hoem snakke om ulike sider ved Hauge sitt kvinnesyn. Anne-Marthe Lillebø og Runde blandakor syter for song og musikk.

Per Sævik har saman med Per-Arne Lillebø, Roger Kvalsvik og Olaus-Jon Kopperstad drifta Haugeseminar i Herøy sidan 2010. Årets seminar med tema likestilling og familieliv er det sjuande i rekka. Midt i seminaret vert det ei matøkt.

Kvinnene sin plass

– I år har vi sett feminismen i Haugerørsla i søkelyset. Hauge let kvinnene ha ein sjølvsagt og sterk plass i rørsla si. Mellom dei framtredande haugekvinnene på den tid var Berte Kanutte Aarflot i Ørsta. I år har vi valt å ha berre kveldsseminar. Tidlegare har vi ofte hatt eit føremiddagsseminar for næringslivet. Med gode foredragshaldarar vil det undre meg mykje om det ikkje vil komme mange frå både by og bygd til dette seminaret, fortel Per Sævik som skal innleie samlinga.

Her kan du sjå Johnn Hardang i P7 snakka om Berte Kanutte Aarflot (Youtube)

Så langt har Haugeseminara vore populære samlingar med opptil 400 deltakarar på kveldssamlingane og kring 150 på næringslivsmøta.

Ikkje teologisk grunna

Forfattar Edvard Hoem fortel at Hans Nielsen Hauge likestilte begge kjønn. Temaet for innlegget hans vert «Hauges kvinnesyn. Hauges predikantinner.»

– Hauge fann ikkje teologisk grunnlag for å hevde at det skulle vere skilnader mellom kvinner og menn. Sara Oust som var ein av leirane i Haugerørsla, reiste rundt i landet saman med ei venninne og forkynte. I Paulus sitt brev til galatarane, kapittel 3, vers 28, står det: «Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje træl eller fri, her er ikkje mann eller kvinne; de er alle ein i Kristus Jesus.» Elles kjem eg nok også til å ta ein avstikkar i foredraget mitt til haugianismen på prærien i USA, informerer Edvard Hoem.

«Den haugianske feminismen»

Linda Helén Haukland er stipendiat i sosiologi ved Nord universitetet i Bodø, der ho også har førelese i historie. Ho gler seg til å komme til Fosnavågen i oktober å snakke om «Den haugianske feminismen» og å møte mange engasjerte folk lokalt.

– Eg har latt meg fascinere av Hauge sitt livsverk. Han har sett djupe spor i lokalsamfunna og i landet vårt. Han representerer ein viktig historisk arv for alle nordmenn. Hans Nielsen Hauge hadde ikkje ein agenda om likestilling, men ein tanke om likeverd. Hauge sitt syn var med på å utvaske skiljelinjer i samfunnet. Dei som ikkje kunne lese og skrive, fekk lære det, og sjølv om nokre var analfabetar, var dei like mykje verdt som alle andre. Eg meiner at Hauge sitt kvinnesyn var radikalt fordi han arbeidde for og med kvinner, men målet hans var ikkje primært å frigjere kvinna, men å spreie evangeliet og å bekjempe fattigdom. I arbeidet med dette bleikna kjønnsdimensjonen, meiner Linda Helén Haukland.

Les meir om Hans Nielsen Hauge og seminararrangør Per Sævik i papir-/e-bladutgåva av Sambåndet nr. 9/16.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.