– Dagens leiarar har mykje å lære av Hauge

Hans Nielsen Hauge var ein pådrivar for nøysemd, meiner tidlegare næringslivsleiar.

Fredag 14. oktober deltok over 300 personar på det 7. Hauge-seminaret i Herøy. Foredragshaldarar var forfattar Edvard Hoem og Linda Helén Haukland frå Nord universitet i Bodø. Dei fekk oppleva ei lydhøyr forsamling.

Tidlegare bedriftsleiar Martin Brænne frå Folkestad har vore på fleire av Haugeseminara.

– Eg kjem frå lekmannsslekt og kjenner til utfordringane ved å stå for meiningane sine i det etablerte veldet. Eg meiner at Hauge si lekmannsrørsle har vore nyttig for landet vårt. Hans Nielsen Hauge var oppteken av å skape verdiar, heller enn å utnytte verdiane. Dette med at bedriftseigarane ser verdien av å pløye overskotet tilbake til fellesskapen og medarbeidarane sine, trur eg er den viktigaste arven vi har etter han. Å vere nøysam har røter attende til lekmannssamfunnet, og eg trur at Hauge var katalysatoren for dette. Dagens leiarar har mykje å lære av Hauge, sa Martin Brænne, tidlegare leiar for Brænne Mineralvatn og næringsutviklar, etter at seminaret var ferdig.

Lyssette noregshistoria

Han var med på samlinga i lag med kona si Hilde Brænne. Ho deltok for første gong på Haugeseminar.

– Det var interessant å lytte til både Edvard Hoem og Linda Helén Haukland. Til saman gav dei litt ulikt lys over denne delen av noregshistoria vår, og vi fekk eit vidt perspektiv på Hauge sitt liv og virke, og på kvinnesynet hans. Vidare var det flott song og musikk av Anne-Marthe Lillebø og Runde blandakor, som gjorde kvelden allsidig og flott. Eg ser allereie no fram til neste år og eit nytt Haugeseminar, uttalte ho.

Skjult historie

Forfattar Edvard Hoem hadde temaet Hauges kvinnesyn – Hauges predikantinner. Eit tema han utdjupa på ein allsidig måte.

– Tidlegare har eg skrive om Hauge i skjønnlitteraturen. I Nasjonalbiblioteket fann eg skrifter om den haugianske perioden skrive av Finn Wiig Sjursen. Han har gravd fram ein skjult del av historia, for tidlegare har det vorte framstilt slik at Hauge ikkje likestilte kjønna. Haugekvinnene er ei heilt avgjerande del av denne store folkerørsla. Hauge var heilt klar på dette at kvinnene var like mykje verdt som mennene, sa Hoem.

Tok livet av myte

Linda Helen Haukland snakka om den haugianske feminismen, og ho trekte fram mange interessante delar av livshistoria til Hauge.

– Det er ei vanleg myte at Hauge var ein knekt mann etter fengselsåra, men ho tek vi livet av med ein gong. Han vart ein nasjonal leiar som folket følgde, ein «folkekyrkja» sin preses. Det unike med Hauge var at han fremja bøndene sine lese- og skrivedugleikar, og at han mobiliserte kvinner. Bøkene hans er fulle av norgvaismer, slik at tekstane hans var lettare å forstå enn andre skrifter som var skrivne på dansk. Ergo fekk han tekstane ut på ein ny og meir forståeleg måte. Han opplevde å få kallet sitt frå Gud, og dette oppdraget gjorde at kjønnsdimensjonen bleikna. I arbeidet med å spreie evangeliet og kjempe mot fattigdomen, samarbeidde alle, og arbeidsoppgåvene vart fordelte uavhengig av kjønn, men etter funksjonar. Han hadde eit moderne kvinnesyn, forklarte Linda Helén Haukland.

Det var Per-Arne Lillebø som leia årets Haugeseminar. Han sa at det var mange som følgde Hauge, cirka 300.000 av kring 900.000 innbyggjarar i Noreg. Lillebø er mest imponert over at Hauge var ein ung mann, og at han følgde kallet han fekk av Gud og reiste rundt i Noreg. Anne-Marthe Lillebø og Runde blandakor under leiing av dirigent Kaja Runde sytte for flott song og musikk.

Ettar at seminaret var avslutta var det mange som ville snakke med Haukland. Linda Helén meiner at det er viktig å løfte fram Hauge gjennom årlege seminar, og ho rosar den lokale nemnda ved Per-Arne Lillebø, Per Sævik, Olaus Jon Kopperstad og Roger Kvalsvik som har gjort det i sju år no.

Per Sævik avrunda kvelden og takka alle bidragsytarane. Han syntest det var flott at Berte Kanutte Aarflot frå Ørsta vart trekt fram som ei av haugekvinnene. – Alle kvinner kan gå inn i alle stillingar med frimot, sa Sævik.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.