Sambåndet

Lørdag 22. februar 2020
RSS

Dommen og tårene

Når Bibelens autoritet vert broten ned, er det i prinsippet ingen grenser for kva ein kan så tvil om av sentrale bibelske sanningar, peikar Sambåndet på.

Skrevet av Sambåndet LEDER den 22. desember 2016.

Det er ikkje til å undrast over at det har kome opp ein debatt i kristen dagspresse denne hausten om «livets to utgonger». Når ImF i sin uttale om kyrkjesituasjonen ikkje nemnde samlivsetikk med eitt ord, var det for å understreke eit sentralt poeng: Når Bibelens autoritet vert broten ned, er det i prinsippet ingen grenser for kva ein kan så tvil om av sentrale bibelske sanningar. Forrige nummer av Sambåndet kasta lys over dette med sitt søkelys på forsoningslæra, og vi bør ikkje verte overraska over kva nye utslag eit liberalt skriftsyn vil få.

Vi bør ikkje verte overraska over kva nye utslag eit liberalt skriftsyn vil få

Kva har hendt i spørsmålet om frelse og fortaping? Den svenske misjonsteologen Agne Norlander har sagt dette: «Først unnviker man å snakke om et teologisk lærespørsmål. Når man har gjort det tilstrekkelig lenge, begynner man å fornekte. Det er dette som har skjedd i forhold til spørsmålet om livets to utganger. Men dermed forsvinner også en vesentlig motivasjon bak all misjonsvirksomhet» (Agenda 3,16 – januar 2005). Vi trur dette er ei rett skildring. Etter ei tid der det kanskje var for einsidig søkelys på fortapinga sin realitet, har dette tema vorte lite framme i forkynninga, og dermed er ein no kome over i fornektinga.

Ved sida av at Bibelen talar tydeleg om den evige konsekvensen av å forkaste Guds veg til frelse, bør vi også peike på den «sjelesørgeriske» sida av dommen. Mange menneske lever under ufatteleg smerte, urettferd og undertrykking, og for desse har Bibelen ein bodskap om at Gud ein dag skal bringe alt fram i sin rettferdige dom: «Hemna dykk ikkje sjølve, mine kjære, men gjev rom for vreiden. For det står skrive: Hemnen høyrer meg til, eg vil gje attergjeld, seier Herren» (Rom 12:19). Vi skal kjempe for rettferd, og Ikkje noko menneske skal la seg trakke på, men samtidig vil ikkje alt verte rettferdig i denne verda. Her skal vi leve i tillit til at Gud ein dag skal døme.

Alt vil ikkje verte rettferdig i denne verda. Her skal vi leve i tillit til at Gud ein dag skal døme

Så vil vi minne om at denne sida av Bibelens bodskap må løftast fram med det same sinnelag som kjem til uttrykk hos Paulus: «For som eg ofte har sagt dykk, og no atter seier med tårer: Mange ferdast som fiendar av Kristi kross.  Dei endar i fortapinga ….» (Fil 3:18f). Dette seier noko om den nød for sjelene som er drivkrafta i hans misjonsteneste, og det er det same sinnelag som pregar Jesus Kristus når han ser ut over Jerusalem og gret over byen. Ingen harde og lettvinte ord må falle når vi talar om dommen, men samtidig må Ordet må få lyde også om dette.

Les også: Uforsonlig feil (bloggpost på imf.no)

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Voss herad krev omregulering av eigedommen som Egill Danielsen Stiftelse ynskjer å leiga til ny kristen ungdomsskule. Dermed blir det truleg ikkje oppstart før hausten 2021.

Dei nyaste songane frå Hilde Svela har bibelvers som tekst. Dei skal gjøre Bibelen øyrevenleg for store og små, og gjerne for gamle som slit med å hugse og snakke.

Egill Danielsen Stiftelse har fått godkjent søknad om å starte kristen ungdomsskole på Voss.

– Halvparten skal komme gjennom økning i Fast Givertjeneste (FGS) og resten gjennom ulike «stunt» i løpet av året, sier Kenneth Foss, arrangements og markedsansvarlig i ImF.

Elevene på KVS Lyngdal har gode forretningsideer og er gode til å markedsføre dem. Det blir det priser av.

Copyright © Sambåndet 2020