Sambåndet

Søndag 17. desember 2017
RSS
FØLTE SEG UTRYGGE: Reza Fazli og Mahnaz Mirzaei følte seg truet på norske asylmottak og valgte til slutt å forlate systemet. Foto: Ingunn Marie Ruud, KPK

Kristne fryktar for livet på norske asylmottak

Det iranske ekteparet Reza Fazli og Mahnaz Mirzaei er kristne konvertittar og kjende seg aldri trygge på norske asylmottak. No bur dei på ein hemmeleg stad.

Av Ingunn Marie Ruud og Markus Plementas (KPK) . Publisert 27. desember 2016.

Vi møter dei iranske konvertittane Reza Fazli og Mahnaz Mirzaei på ein liten gard på Austlandet. Her har det kristne ekteparet søkt tilflukt utanfor mottakssystemet mens dei ventar på at asylsøknaden blir behandla.

– Vi torde ikkje lenger å bu på asylmottak, fordi vi var redde for å bli drepne, fortel ekteparet.

Som muslimar som har konvertert til kristendomen, har dei opplevt det svært vanskeleg å bu på norske asylmottak. Mirzaei fortel at ho nesten ikkje våga å flytte seg utanfor rommet sitt.

– Fordi eg er kristen og ikkje går med hijab, såg dei muslimske mennene på meg som ei fråfallen hore dei kunne misbruke som dei ville, hevdar ho.

Fordi eg er kristen og ikkje går med hijab, såg dei muslimske mennene på meg som ei fråfallen hore dei kunne misbruke som dei ville

Ektemannen Fazli fortel at livet på mottaka var veldig hardt.

– Nesten alle bebuarane der er islamistiske muslimar frå Syria, Afghanistan og Irak som følgjer strengje islamske lover og bønnetider. Slik dei tolkar Koranen, hadither og sharia (islamsk lov, red.anm.), er vi fråfalne som skal drepast, seier Fazli.

Ønskjer eigne mottak

Ekteparet, som flykta frå Iran på grunn av religiøs forfølging, har som asylsøkjarar i Noreg på nytt kjend seg truga, då frå andre bebuarar på mottaka.

– Vi skulle ønskje det kunne opprettast eit eige mottak for kristne slik at vi kunne kjenne oss trygge, seier Fazli som meiner at UDI ikkje har teke situasjonen deira på alvor.

Vi skulle ønskje det kunne opprettast eit eige mottak for kristne slik at vi kunne kjenne oss trygge

Ekteparet har budd på fleire forskjellige mottak, men fortel at dei opplevde den same trakasseringa over alt. No har dei funne gode hjelparar som har gitt dei husrom og stønad.

– Når dei flytter frå mottaka, blir det oppfatta som at dei vel å gå utanfor systemet. Då mister dei all rett til undervising og økonomisk stønad frå UDI, men saka går vidare, seier ein av hjelparane som ønskjer å vere anonym.

Vil fortelje om Jesus

Reza Fazli vaks opp som truande muslim i Iran. Då han som ung mann drog til Nederland og møtte nokre kristne, opplevde han at Jesus kom til han i ein draum, og i 2003 blei han sjølv kristen. Nokre år seinare, då han var tilbake i Iran, opplevde også kona Mahnaz å møte Jesus.

– Det var svært farleg for oss å tru på Jesus og fortelje andre om Han, seier Fazli som for halvanna år sidan så seg nøydd til å flykte frå heimlandet.

Det var svært farleg for oss å tru på Jesus og fortelje andre om Han

I Iran er det forbode for muslimar å skifte religion og konvertittar risikerer både piskeslag og dødsstraff.

– Det var trist å forlate Iran, men eg kjenner at det er Guds plan at eg skal fortelje muslimar i Noreg om Jesus, seier Fazli som har undervist og døypt fleire konvertittar i Noreg.

Tilrettelagt for muslimar

Den tverrkyrkjelege kristne organisasjonen Åpne Dører, som arbeider for forfølgde kristne, har tidlegare stadfesta overfor KPK at dei kjenner til fleire konkrete tilfelle der konvertittar har blitt verbalt truga eller fysisk angripe for den kristne trua si på norske mottak.

ISLAMSKE SYMBOLER: En klokke med innskriften «Allah» sto på kontoret til et av asylmottakene de kristne konvertittene har bodd på. Foto: Reza Fazli

Fagleg leier Stig Magne Heitmann i Åpne Dører har møtt ekteparet Reza Fazli og Mahnaz Mirzaei fleire gonger det siste halvåret og kan stadfeste at dei har opplevt store utfordringar på norske asylmottak.

– Dei er forundra over at dei berre finn Koranen i bokhylla, og når dei spør etter ein bibel, er det eit tabu. Det er også helt naturleg med fredagsbønn for muslimar på mottaka, mens forslag om ei gudsteneste eller ei bønnesamling for kristne gjerne blir avvist, seier Heitmann.

Dei er forundra over at dei berre finn Koranen i bokhylla, og når dei spør etter ein bibel, er det eit tabu

Få sanksjonshøve

Presserådgivar i UDI, Kristian Nicolai Stakset-Gundersen, seier at norske styresmakter ikkje tolererer at flyktningeminoritetar blir truga og trakassert på norske mottak.

– UDI har tillit til at driftsoperatørar og mottak jobbar på ein god måte for å vareta alle grupper på mottaket. Vi går i dialog med mottak som opplever problem, for å hjelpe dei med å handtere situasjonen og finne løysingar, seier Stakset-Gundersen.

Han fortel at det einaste UDI og mottaka kan gjere, er å gå i dialog med bebuarar og i spesielle tilfelle flytte bebuarar.

– Andre sanksjonshøve har vi ikkje. Dersom det er noko straffbart, blir det ei sak for politiet. Mottaka har plikt til å varsle politiet dersom dei mistenkjer straffbare forhold, seier han.

UDI sin statistikk over bebuarane sin statsborgarskap på norske mottak ser vi at Syria, Afghanistan, Irak og Iran toppar lista. I gjennomsnitt er 95 prosent av befolkninga i desse landa muslimar.

Reza og Mahnaz seier dei forstår at situasjonen for UDI er vanskelig, og dei ber for alle der om visdom, og at dei får alt dei treng.

Fekk koran på rommet

Fazli og Mirzaei kjende seg òg diskriminert av dei som jobba på mottaket. Blant anna fekk dei på eit mottak ikkje bu på same rom.

– Dei sa det var på grunn av plassmangel, men dei muslimske ektepara fekk dele rom. Det var berre vi som blei åtskilt, seier Fazli.

Fazli fortel at svært mange av dei tilsette på asylmottaka også er muslimar. På eit av mottaka opplevde han at det låg ein koran på rommet hans då han flytta inn.

– Dei kunne sjå i papira mine at eg var kristen, men på rommet mitt låg det ein koran. På kontoret på asylmottaket var det også islamske symbol. Dette gjorde meg skremt, fortel Fazli.

Dei kunne sjå i papira mine at eg var kristen, men på rommet mitt låg det ein koran

– Skal vere nøytral grunn

Kristian Nicolai Stakset-Gundersen i UDI seier at eit asylmottak skal vere nøytral grunn.

– Ein kvar bebuar i asylmottak skal få utøve religionen sin utan å oppleve diskriminering. Vidare skal ingen drive forkynnande eller misjonerande arbeid i mottak, seier han.

Les også: Kors på veggen (kommentar)

I HEMMELIGHET: Kristne konvertitter praktiserer sin tro i hemmelighet på norske asylmottak. Foto: Reza Fazil

Fazli hevdar at desse reglane ikkje er like for alle.

– Eg fekk ikkje lov til å fritt snakke om trua mi eller spørje folk om dei ville lese Bibelen. Men den muslimske imamen fekk lov å kome på gjesting på mottaket, hevdar han.

Eg fekk ikkje lov til å fritt snakke om trua mi eller spørje folk om dei ville lese Bibelen

Betaler prisen

Stig Magne Heitmann i Åpne Dører seier det har skjedd at ein imam har vore velkomen på mottaket, mens ein kristen pastor har blitt avvist. Han meiner det er trist at det iranske ekteparet òg i Noreg må betale ein pris for å vere opne om den kristne trua si.

– Det er særs viktig at norske styresmakter sørgjer for at alle tilsette ved asylmottaka får tilstrekkeleg kunnskap om spørsmål knytt til trusfridom og informasjon om korleis kulturen og religionsfridomen er annleis i asylsøkjarane sine heimland enn i Noreg, seier Heitmann.

Manglande kunnskap

Kristian Nicolai Stakset-Gundersen i UDI seier at alle asylsøkjarar må gjennom eit obligatorisk kurs om norske verdiar og norsk levesett, lover og reglar samt konfliktførebygging og -handtering.

– I tillegg til dette blir dei tilsette i mottak kursa til å leie dialoggrupper for å forbetre tryggleiken og førebyggje vald, seier han.

Heitmann meiner norske styresmakter ikkje har nok kunnskap om asylsøkjarane sin kultur til å handtere situasjonen på mottaka godt nok.

Det kan skuldast antipati mot kristne og kristen tru og ein sympati for islam på mottaka

– Eg trur noko av grunnen er manglande kunnskap om kulturen asylsøkjarane kjem frå, og situasjonen som kan oppstå for konvertittar. For det andre kan det skuldast antipati mot kristne og kristen tru og ein sympati for islam på mottaka, seier Heitmann.

Den faglege leiaren i Åpne Dører meiner at også politiet burde ha fått betre innsikt i korleis desse kulturane fungerer. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

ImF-styret meiner underskot i budsjettet for 2018 gjer det naudsynt med nedbemanning på hovudkontoret på Straume.

Indremisjonsforbundet (ImF) og NLM har arvet en halvdel hver fra boet etter et småbruk i Lyngdal kommune.

Gode tilbakemeldinger på Indremisjonsforbundets Lederkonferanse gjør at det blir et årlig arrangement. 9.-11. november neste år blir det ny konferanse.

I årets juleaksjon samlet misjonseide Møre barne- og ungdomsskule i Herøy inn over 80 000 kroner til Åpne Dørers arbeid i Sentral-Asia.

Petter Myhr trakk fram den store betydningen hans far hadde hatt i livet hans, da han tok imot Petter Dass-prisen på vegne av festivalen Olavsfestdagene.

Copyright © Sambåndet 2017