Sambåndet

Tirsdag 17. oktober 2017
RSS
MYE Å GÅ PÅ: Høgskolelektor Hildegunn Marie T. Schuff mener det fortsatt er mye å gå på når det gjelder miljøspørsmål i kristne sammenhenger. FOTO: Bjarte Østebø, KPK

Meiner forvaltaransvaret må hentast fram igjen

Velstandsauken og ei snevrare forståing av kva kristen tru inneheld har gått utover forvaltaransvaret, meiner høgskulelektor.

Av Bjarte Østebø, KPK . Publisert 30. desember 2016.

Kva for eit etisk ansvar har menneske for å bevare naturen? Det var blant spørsmåla som blei teke opp då Strømmestiftelsen inviterte til frukostseminar om samspelet mellom menneske, dyr og naturen.

Seminaret blei innleia av Hildegunn Marie T. Schuff. Ho er høgskulelektor ved Ansgar Teologiske Høgskole, Korsvei-redaktør og De Grønne-politikar.

– Ein kan seie at vi er gitt ei oppgåve med for å forvalte naturen. Vi er skapt til å leve i relasjon med den. I kristen tradisjon snakkar vi mykje om nestekjærleik. Kan vi då gi plass til resten av naturen i dette, spør ho.

– Når eg har jobba med desse problemstillingane, tenkjer eg alltid på det dobbelte kjærleiksbodet, om å elske Gud og nesten din. Dersom vi elskar Skaparen, kva gjer vi då med skaparverket, utdjupar ho overfor KPK.

På agendaen

Schuff opplever eit aukande medvit rundt klimaspørsmål i delar av kristen-Noreg. Allereie i 2001 sette Kyrkjemøtet som visjon at den verdsvide kyrkje skulle bli den største miljørørsla i verda.

Klimaspørsmål var òg temaet under 1. mai-møtet på Fjellhaug i fjor. I etterkant av dette møtet understreka både NLM-general Øyvind Åsland og tidlegare Normisjon-leiar Rolf Kjøde det viktige i å engasjere seg i miljøsaka.

«Gud skapte oss menneske til å vere ein del av heilskapen til skaparverket. Då er det oppgåva vår å forvalte det til ære for Gud, til beste for dei fattige i vår tid og for komande generasjonar og i ein balanse som gir langsiktig berekraft for naturen» sa Kjøde.

«Den største utfordringa vi har, er å ta på alvor all den kunnskapen vi har om tilstanden i verda i dag, og omsetje den i konkrete tiltak både som fellesskap og enkeltindivid.» uttalte Øyvind Åsland.

Forsvunne nedover prioriteringslista

Schuff meiner det framleis er mykje å gå på når det gjeld miljøspørsmål i kristne samanhengar.

Les òg: Misjonsfolk og klimakamp (imf.no og verdidebatt.no)

– Eg trur vi er skapt og kalla til å stå på livet si side. Som i Salme 8 kan vi la skaparverket fylle oss med audmjukskap og takksemd og la det prege korleis vi lever. Vi må hente fram igjen nøysemd og forvaltaransvar, og tradisjonen for å dele med andre, som er mykje meir berekraftig enn dagens rådande forbrukarkultur, seier ho og held fram:

– Med den kunnskapen vi har i dag, følgjer eit stort ansvar. Vi har mange ressursar å hente fram frå vår eigen kristne tradisjon, men det har nok forsvunne lenger ned på prioriteringslista med velstandsauke og ei snevrare forståing av kva livsområde trua har noko med. Den kristne tradisjonen peikar mot at vi er ein del av noko større enn oss sjølv, og den opnar døra for å sjå venleiken i skaparverket og ivareta naturen, seier ho.

På overtid

Seminaret blei halde under under Arendalsuka hausten 2017 og hadde overskrifta «Det er no det gjeld». Marknads- og kommunikasjonssjef Kristine S. Sødal i Strømmestiftelsen grunngir valet med at tida er knapp.

– Overskrifta er vald fordi vi eigentleg er på overtid allereie. Skal vi redde naturen og dyra må det handlast no. Det å nå tenkje og begynne med å finne løysingar nyttar ikkje. Det må handlast no, vi har dårleg tid seier Sødal til KPK

Organisasjonen sitt kristne verdigrunnlag gir eit naturleg fundament for engasjementet.

– Utgangspunktet vårt er at alle menneske har lik verdi og fortener like høve. På same måte meiner vi at vi har eit ansvar for både natur og menneske. Kall det gjerne forvalteransvar, seier Sødal. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

I ettermiddag blir det demonstrasjon foran Stortinget mot regjeringens forslag i statsbudsjettet om millionkutt i bevilgningene til folkehøgskolene.

– Vi er med og utdanner for samfunnet og gir barn og unge et kompass – på alle plan i livet, sier rektor Jeanette Vesetvik.

Menigheter preget av Hauge-bevegelsen, satset mye på å sende ut misjonærer, går det fram av ny bok.

Theodore Kalogeropoulos fra Athen har mange tjenester i misjonen. Radioarbeid førte ham til Straume Forum denne uken.

Det kristne Norge klarer seg uten at kristendommen blir nevnt i Grunnloven, mener forsker og professor.

Copyright © Sambåndet 2017