Mobbeoffer vel kristne friskular

– Dei kristne friskulane fungerer som eit alternativ for elevar som har hatt negative opplevingar i den offentlege skulen, seier forskar ved NLA Høgskolen.

Ei ny undersøking blant foreldre på kristne friskular viser at mange vel slike skular fordi dei har hatt negative erfaringar i den offentlege skulen.

– På grunnskulane er det over 21 prosent som svarer dette. Det vil seie meir enn kvar femte elev. Det er mange, seier Gunhild Hagesæther som er professor II ved NLA høgskulen i Bergen.

Ho har saman med seniorrådgivar i Kristne Friskolers Forbund (KFF), Signe Sandsmark, gjennomførd undersøkinga blant foreldre ved grunnskular og vidaregåande private skular som er godkjent utfra paragrafen i friskolelova om kristen grunngiving.

Lettare å velje friskule

Hagesæther trur det er lettare for foreldre til barn som blir mobba, å velje ein kristen friskule framfor å flytte barnet til ein annan offentleg skule.

– Eg trur det er meir sosialt akseptert å grunngi valet om skuleskifte ut frå kva skulen står for, seier ho.

Forskaren meiner undersøkinga kan brukast som eit argument for statsstønaden til kristne friskular.

– Det er viktig at denne gruppa får tilgang til dette alternativet uavhengig av foreldra sin økonomi. Eg vil forsvare desse skulane sin rett ut frå at dei er viktige som alternativ til den offentlege skulen, seier Hagesæther.

Ikkje berre kristne

Undersøkinga viser òg at blant elevane på kristne friskular har 92,3 prosent foreldre med kristen bakgrunn.

– Det er likevel så mange som 7,7 prosent som har ei anna livssynstilhøyrsel eller ikkje er medlemer av noko livssynssamfunn. Av dei som kjem frå andre trussamfunn, finn vi flest muslimar og hinduar, men også foreldre som er buddhistar, jødar, Jehovas vitnar og mormonarar, seier Sandsmark.

For Hagesæther var ikkje dette overraskande.

– Det er ei stadfesting på oppfatninga vi i samanhengane våre har om tilstanden ved dei kristne skulane. Dei er ikkje livssynshomogene sjølv om kristne livssyn dominerer, seier ho.

Les òg: Kristne friskoler kartlegges

Mindre skular

Over halvparten av foreldra i undersøkinga grunngir skulevalet med eit godt sosialt miljø. Hagesæther trur særleg storleiken til skulane har mykje å bety her.

– Mange av dei kristne skulane er relativt små, noko som gjer det enklare å oppdage mobbing. Det kan òg vere lettare å finne ei god løysing på eit eventuelt mobbeproblem på ein liten skule, seier ho.

Forskaren trur å flytte til ein friskule kan vere til hjelp både for mobbeoffer og elevar som motvillige blir trekte inn i å delta i mobbing.

– Også mobbing på små skular

Allereie i august i fjor var KPK i kontakt med Kunnskapsdepartementet etter innsyn i funna i undersøkinga. Kunnskapsdepartementet er ikkje av same oppfatning som NLA-forskaren når det gjeld storleiken til skulane.

– Utdanningsdirektoratet utarbeidde for eit par år sidan ei eiga oversikt over skulane med dei høgaste mobbetala. Denne lista inneheld òg mange private skular, medrekna somme kristne skular. Oversikta viser òg at mobbetala er svært høge på mange små skular, skreiv daverande statssekretær Birgitte Jordahl i ein e-post til KPK.

Ho meiner at klassestorleik i seg sjølv ikkje er ei forklaring på mobbing.

– Det som er viktigast, er god skuleleiing og kompetente lærarar. Det betyr vaksenpersonar som forstår kva mobbing handlar om, som aktivt grip inn no dei ser mobbing og som arbeider systematisk og langsiktig for å nå resultat, seier ho.

– Ikkje godt nok

Kunnskapsdepartementet synest ikkje det blir gjort nok for å førebyggje mobbing og støtte mobbeoffer i skulen.

– Arbeidet har ikkje vore godt nok, men det gjeld både i offentlege og private skular. Mobbetala i norsk skule har gjennom fleire år vore altfor høge, seier Jordahl.

Ho meiner dei må forbetre seg på mange område.

– Regjeringa gjennomfører no ei rekkje tiltak som skal setje skulane betre i stand til både å førebyggje og handtere mobbing. Dei tre viktigaste verkemidla er styrking av skulane og kommunane sin kompetanse, eit betre regelverk og tiltak som gjer det lettare for mobbeoffer og foreldra deira å finne hjelp og informasjon om korleis dei kan nå fram med konkrete mobbesaker.

Mobbaren må flytte

Ifølgje regjeringa sin politikk mot mobbing er det mobbaren, og ikkje mobbeofferet, som skal måtte byte skule dersom ein situasjon er fastlåst.

– Vi har presisert at det må vere mobbaren som må byte skule, ikkje mobbeofferet, dersom alle andre løysingar er prøvde ut. Når vi likevel opplever at det er mobbeofferet som skiftar skule, må det vere fordi fleire foreldre opplever at barna sin skule ikkje arbeider godt nok mot mobbing, seier Jordahl.

Ho meiner det er uheldig at elevar som opplever mobbing, må byte skule for å sleppe unna mobbinga.

– Vi har derfor forslått ei aktivitetsplikt for skulane slik at skular og kommunar får eit klarare ansvar for å gjere noko med mobbeproblemet. KPK 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.