Sambåndet

Søndag 18. november 2018
RSS
KAMPANJE: Før det amerikanske valget gjennomførte Franklin Graham en kampanje (Decision America Tour) i samtlige 50 stater der evangeliten oppfordret evangelikale kristne til å be for valget og stemme på kandidater man mente støttet verdier man som kristne selv satte høyt. FOTO: Matt Johnson/CC/Flickr

NLM-sjef ute, ImF-sjef med

Generalsekretær Øyvind Åsland i Norsk Luthersk Misjonssamband trekkjer seg frå Franklin Grahams planlagde evangeliseringkampanje i Oslo. Generalsekretær Erik Furnes i Indremisjonsforbundet blir derimot verande i den rådgivande komiteen.

Av Kristelig Pressekontor og Sambåndet. Publisert 23. februar 2017.

Åsland føyer seg dermed inn i rekkja av kristenleiarar og tre stortingspolitikarar som har konkludert med det same før han. Hovudgrunnen til at Åsland no tek den avgjerda han tek, ligg i Grahams haldning til islam og muslimar, melder utsyn.no.

– Stigmatiserer millionar

Graham skal i ein e-post til Åsland ha stadfesta at han meiner USA blir angripe av muslimar både heime og ute, og at han ønskjer at all muslimsk innvandring til USA blir stoppa inntil denne trugselen har lagt seg. Vidare meiner han at kvar muslim som kjem inn i landet, kan bli radikalisert og kan drepe for å ære religionen sin og Muhammed.

– Eg meiner denne fråsegna er alvorleg, og at den avslører haldningar som eg tidlegare har åtvara mot, og som eg ikkje ønskjer velkomen i Misjonssambandet. Grahams fråsegn stigmatiserer mange millionar menneske og skaper fiendebilete som ikkje er reelle. Den gjer det òg svært vanskeleg å vise nestekjærleik og forkynne evangeliet til desse menneska, seier han til utsyn.no.

Åsland understrekar at det høyrer med til biletet at Graham gjennom organisasjonen sin gjer svært mykje bra i delar av verda der det lever mange muslimar.

– Dette vil eg ikkje underslå, men eg må samtidig ta haldningane og dei offentlege fråsegnene hans på alvor, seier Åsland, som beklagar at han må konkludere med å trekkje seg frå komiteen.

Erik Furnes blir

Som sambåndet.no skreiv laurdag, var mellom andre generalsekretær Erik Furnes i Indremisjonsforbundet (ImF) i møte med representantar frå arrangørane og stilte dei nokre spørsmål. Furnes publiserte onsdag ettermiddag ein bloggpost der han konkluderer med at han held oppe si støtte til evangeliseringskampanjen.

Furnes skriv at han har stor respekt for dei som trekker seg grunna dei politiske utsegene til Graham, men «etter ei totalvurdering står eg likevel ved den invitasjonen som er gitt.»

Generalsekretæren har lese mange av innlegga på Facebook-sida til Graham: «Sjølv om fleire innlegg dei siste månadane har politisk slagside, er det likevel ikkje tvil om at hovudfokus er det evangeliserande og diakonale arbeidet som The Billy Graham Evangelistic Association (BGEA) driv. Då vi inviterte denne organisasjonen til å ha ein møteserie i Oslo (lenge før den amerikanske presidentvalkampen starta), var det ikkje minst deira apparat og erfaring med slike evangeliske aksjonar vi sa ja til. Slik ser eg det framleis», skriv Furnes.

Fleire seier nei

Fleire norske kristen-leiarar har den siste tida ombestemt seg og seier nei til Graham-kampanjen i Oslo Spektrum i november, fyrst og fremst fordi han har kome med utilslørt stønad til Donald Trump, men også på grunn av synet hans på muslimar.

Også tre topp-politikarar trekkjer seg no frå Graham-kampanjen, skriv avisa Dagen (krev abonnement):

– Gjennom fråsegner på FB-sida si har Graham gitt uttrykk for eit menneskesyn der muslimar i alminnelegheit blir sett på som ein potensiell trugsel og derfor må stengjast ute frå USA. Han avslører haldningar som vi ikkje deler, skriv Ketil Solvik-Olsen (Frp), Svein Harberg (H) og Hans Fr. Grøvan (KRF) i eit brev til hovudkomitéen sin leiar, Sten Sørensen.

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

– Jeg gir avkall på gaver til ImF sentralt dersom gavene blir gitt til forsamlingen – og forsamlingen tar ansvar for flere enn seg selv, sier Erik Furnes.

Daglig leder Andreas Evensen i ImF-Ung ønsker å overlate deler av administrasjonsarbeidet i jobben til en ny medarbeider.

KOMMENTAR Enhver tanke om at det å utlegge Bibelen ved å vise til bilder i teksten, ikke representerer livsnær forkynnelse, bør tas til fange. Om ikke før så i alle fall etter Lederkonferansen 2018.

Divisi og Helge Harila inviterte misjonsfolket til konserten «Kveldssang» fredag kveld under Lederkonferansen i Straume Forum. Her skulle de presentere et knippe nye salmer.

Igjen fikk vi oppleve det på samme måte som folket på pinsedagen måtte erkjenne etter å ha lyttet til Peters tale: «(…) da de hørte dette, stakk det dem i hjertet».

Copyright © Sambåndet 2018