– Ung jord har ikkje fotfeste i kristne friskular

Friskule-general avviser at kreasjonismen har eit sterkt fundament i undervisinga i kristne friskular i Noreg.

– Eg trur ikkje ung-jord-kreasjonisme jamt over har noko særleg fotfeste i norske friskular si undervising, og vi er eigentleg litt overraska over at dei ser på oss som ein god marknad, seier generalsekretær i Kristne Friskolers Forbund (KFF), Jan Erik Sundby.

Utspelet kjem etter at ung-jord-kreasjonistane i foreininga Skaper i eit oppslag i avisa Dagen uttrykte eit ønske om å få kreasjonisme inn på pensum i norske skular. Dette førte igjen til at SVs Audun Lysbakken tok opp spørsmålet med kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

– Ung-jord-kreasjonistane har gitt eit inntrykk av at dette er noko dei lett sel inn til skulane våre. Innanfor nokre krinsar er det nok nokon som er oppteken av ung-jord-perspektivet, men eg oppfattar ikkje at det er noko sterkt fundament i skulane våre, held Sundby fram.

Siktar seg inn mot friskulane

Foreininga Skaper, som blant anna hevder at jorda berre er 6.000 år gammal, ønskjer å få ung-jord-kreasjonisme inn i norsk skulepensum.

Les også: Om skapelsen på Sambåndet Forlag

– Skaper er allereie i kontakt med fleire skular om utvikling av undervisningsmateriell. I fyrste omgang vil nok dette dreie seg om tilleggsmateriell for natur og religions-faget, seier styreleiar Jogeir Lianes til Dagen.

Han fortel vidare at kristne friskular er ein naturleg arena.

– Skaper vil gjerne kome inn i alle skulesamanhengar, men naturleg nok er det i utgangspunktet kristne privatskular som er nærliggjande, seier Lianes.

Kritisk tenking

– Eg håper og trur at friskular allereie har ei brei tilnærming til heile denne tematikken som dekkjer heile spekteret og omfattar både evolusjon, skaping og ung-jord-kreasjonisme, seier Jan Erik Sundby.

Lysbakken spør om kunnskapsministeren meiner at offentleg godkjente skular i Noreg kan undervise i kreasjonisme. Sundby fortel at han får inntrykk av at Lysbakken er mest oppteken av kva ein skal vere kritisk til og helst ikkje nemne i det heile teke.

– Vi er opptekne av kritisk tenking, og det handlar òg om å stille spørsmål ved det som er gjeldande og dominerande kunnskap som evolusjonsteorien er i dag. Det er ein del av den sunne oppvoksteren og opplæringa at ein kan stille kritiske spørsmål, ha motførestillingar, sjå andre sine meiningar og sjå heile bredda i fagområdet. Der trur eg skulane våre gjer ein bra jobb, seier han.

Må følgje læreplanen

Kunnskapsminister Røe Isaksen svarer Lysbakken med at det ikkje vil vere foreinleg med kravet om jamgode læreplanar dersom friskular unngår å undervise om evolusjonsteorien og vitskapleg tenkjemåte og meiner den noverande lova varetek dette.

– Kvarvidt ein skule kan få godkjenning for å undervise i kreasjonisme, vil måtte kvile på på ei konkret vurdering av skulen sitt læreplanverk, skriv Røe Isaksen.

Sundby i KFF er einig med kunnskapsministeren.

– Eg er heilt med på det som statsråden seier om at læreplanen seier at elevane også skal kunne noko om evolusjon og kunne forstå vitskapleg tenking. Vi ser ikkje noko motstridande mellom vitskapleg tenking og det å tenkje skaping, seier han.

Breiare enn offentlege skular

Sundby meiner ung-jord-perspektivet kan nemnast i undervisinga, som ein del av det store biletet, utan at det dermed blir ein del av det fundamentet skulen står på eller legg til grunn.

– Eg trur friskulane gir eit veldig breitt og bra bilete på dette området som gir utgangspunkt for den eigne kritiske tenkinga til eleven, seier han.

Sundby er klar på at det faktisk er tillatne innanfor friskular å seie noko om kor eins eigen ståstad er og kva ein trur på, men at det også skal vere eit breitt bilete av heile saksområdet.

– Eg er ikkje sikker på om det alltid blir like breitt behandla i offentlege skular. På dette området tenkjer eg at vi minst er jamgode, og kanskje til og med litt betre, ved at ein er breiare og viser heile biletet på ein sakleg og ordentleg måte. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.