Sambåndet

Søndag 17. desember 2017
RSS
TORTUR OG DRAP: I Martin Scorseses nye film «Silence» blir kristne torturert og tvunget til å benekte sin tro eller bli drept med pinefulle metoder. FOTO: Markus Plementas, KPK

– Viser Gud i gjørma

Filmen «Silence» viser ein frelsar som let seg nedverdige og bli tråkka på, seier teologiprofessor Notto Thelle.

Av Ingunn Marie Ruud, KPK. Publisert 6. mars 2017.

Martin Scorseses filmatisering av Shûsaku Endôs bok «Silence» handlar om to portugisiske jesuittprestar på 1600-talet som dreg til Japan for å misjonere og for å finne sin mentor som rykta seier har blitt ein fråfallen.

Her blir kristne torturert og gitt valet mellom å nekta for trua si eller bli drepe med pinefulle metodar. Filmen er basert på ei bok av Shûsaku Endô frå 1966 som Scorsese i fleire tiår skal ha ønska å filmatisere.

Sterk Kristus-vedkjenning

– For meg er denne filmen ei utruleg sterk Kristus-vedkjenning som fortel om ein guddom som ikkje berre er opphøgd i det høgaste. Det verkeleg utfordrande, og for mange vanskelege og overraskande, med kristendomen er at vi trur på ein guddom som er i det låge, hos dei nedtråkka. Det er jo gjennomevangelisk, seier teologiprofessor og tidlegare Japan-misjonær Notto Thelle.

Thelle, som er forfattar og seniorprofessor ved Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo, har skrive ei rekkje bøker om Austens spiritualitet og har følgt Shûsaku Endôs forfattarskap sidan 1960-talet.

– Sjølv om filmen dveler noko ved dei groteske bileta og er litt lidingsfokusert, synest eg Endôs hovudbodskap kjem tydeleg fram. Det er ei paradoksal skildring av nåden som noko fullstendig radikalt. At ein trur på ein guddom som er noko heilt annleis enn mennesket eigentleg tenkjer seg. Han er ikkje berre der oppe, men her nede i gjørma, seier Thelle.

Aust møter vest

Organisasjonen Areopagos og avisa Vårt Land inviterte saman med SF Studios og Nordisk Film Kino torsdag i førre veke til førepremiere og etterfølgjande samtale om Scorseses nye film «Silence».

– Vi er generelt opptekne av å samtale om tru og eksistensielle spørsmål i det offentlege rommet. Denne filmen tek opp ein tematikk som ligg veldig nær oss, nemleg dialogen mellom austleg og vestleg religiøsitet som òg er eit veldig aktuelt tema i Noreg i vår tid, seier Tore Laugerud som er prest og leier for seksjon Noreg i Areopagos.

SAMTALER OM FILMEN: I samtalen etter filmen intervjuet kommunikasjonsleder i Areopagos, Ann Kristin van Zijp Nilsen, Notto Thelle og kulturredaktør i avisen Vårt Land, Alf Kjetil Walgermo. FOTO: Markus Plementas, KPK

I samtalen etter filmen intervjua kommunikasjonsleiar i Areopagos, Ann Kristin van Zijp Nilsen, Notto Thelle og kulturredaktør i avisa Vårt Land, Alf Kjetil Walgermo.

Endôs gudsbilete

Den japanske forfattaren Endô var sjølv katolikk og sleit, ifølgje Thelle, med å sameine det japanske med den vestlege katolisismen, og biletet av ein Gud som elskar trass i fornedring går igjen.

– Eit av gudsbileta Endô bruker, er biletet av den japanske mora. Ho er ein som alltid blir sviken, av mann og barn. Det smertefulle biletet av ei sviken japansk mor, som likevel held fram med å elske, er eit av dei viktigaste gudsbileta hans, seier Thelle.

Spennet mellom fornekting og vedkjenning er, ifølgje Thelle, eit viktig element i Endôs forteljing. I «Silence» må dei kristne blant anna tråkke på eit bilete av Jesus for å prove at dei er fråfalne.

– Endôs tolking, både i filmen og bøkene hans, er at dette ikkje er ei fornekting, men ei vedkjenning av ein Kristus som kom for å la seg bli tråkka på, seier Thelle.

Krevjande film

Samtaledeltakarane var einige om at filmen gjekk djupt i å utforske store og vanskelege spørsmål.

– Det er eit veldig sterkt spørsmål som filmen formulerer, om du kan bevare trua di gjennom å fornekte den, seier Walgermo og viste til Bibelens forteljing om Peter som vedkjende at Jesus var Messias for seinare å fornekte han.

Det var også stor semje om at filmen kan vere krevjande, og at det føreset ein del kunnskapar om både katolisismen og Japan for å verkeleg forstå filmen si historie og bodskap.

– Det er ein krevjande film. Dersom ein har sterke kjensler mot misjon og trur misjon er undertrykkjande, manipulerande og kolonialistisk, kan det hende at bodskapen går forbi, for ein skjønar ikkje dei japanske kristne, seier Thelle.

Han trur at prøvingane filmen sine karakterar blir sett, på kan vere vanskeleg for sekulære nordmenn å forstå.

– Det var ein meldar som ikkje forstod kvifor det var så farleg å tråkke på eit heilagt bilete. Då har ein mista såpass mykje sans for kva heilagdom er og kva sånne bilete betyr at bodskapen går ein fullstendig hus forbi, seier Thelle.

Eksistensielle spørsmål

Også Laugerud i Areopagos er spent på kva filmen vil seie til folk i dag.

– Det er på mange måtar ei krevjande og kompleks historie som eg innbiller meg krev ein god del forkunnskap for at ein skal få fullt utbytte av den. På den andre sida er det ei enorm openheit og interesse for religiøse spørsmål i tida, og eg trur folk vil kunne plassere seg inn i filmen på sett og vis, men kanskje på veldig ulikt vis, seier han. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

ImF-styret meiner underskot i budsjettet for 2018 gjer det naudsynt med nedbemanning på hovudkontoret på Straume.

Indremisjonsforbundet (ImF) og NLM har arvet en halvdel hver fra boet etter et småbruk i Lyngdal kommune.

Gode tilbakemeldinger på Indremisjonsforbundets Lederkonferanse gjør at det blir et årlig arrangement. 9.-11. november neste år blir det ny konferanse.

I årets juleaksjon samlet misjonseide Møre barne- og ungdomsskule i Herøy inn over 80 000 kroner til Åpne Dørers arbeid i Sentral-Asia.

Petter Myhr trakk fram den store betydningen hans far hadde hatt i livet hans, da han tok imot Petter Dass-prisen på vegne av festivalen Olavsfestdagene.

Copyright © Sambåndet 2017