Sambåndet

Onsdag 20. juni 2018
RSS

No må misjonsfolket satse på leiarane sine

Vi meiner generelt sett at leiarane på Bedehuset i altfor stor grad har vore «stemoderleg» behandla.

Av Sambåndet LEDER . Publisert 12. mars 2017.

Måten vi omtalar det frie lekmannsarbeidet på, seier noko om kva status vi gjev det. Kva verdisett gir vi til kjenne dersom mesteparten av praten og tida vår handlar om arbeid, næringsliv, politikk, idrett, osb, medan misjonsarbeidet kjem langt nede på lista? Den dagen vi står heime hos Gud, vil vi sjå kva som var den rette prioriteringa, men det er her og no vi lever vårt liv og skal gjere dei rette vala.

Vi meiner generelt sett at leiarane på Bedehuset i altfor stor grad har vore «stemoderleg» behandla. Leiarverv har i stor grad gått på rundgang etter dugnadsprinsippet. Unntaket er gjerne barne- og ungdomsarbeidet, for mange er takksame for den innsats som vert gjort for den oppveksande slekt, men også her må vi stille spørsmål med kva som vert gjort for at leiarar skal stå i teneste over mange år.

Vi vel leiarar i våre demokratiske organ, og slik vil vi det skal vere; alle som er engasjerte i misjonsarbeidet, skal oppleve at ein har reell sjans til å påverke kven vi har som leiarar i arbeidet. Når så eit leiarskap er vald, har vi plikt til å løfte dette leiarskapet i bøn, oppmuntring og – ikkje minst – måten vi omtalar det på. «Ver lydige mot leiarane dykkar og rett dykk etter dei. For dei vaker over sjelene dykkar, og skal gjera rekneskap for det. Sjå til at dei kan gjera det med glede og utan sukk, for elles vil det ikkje vera til gagn for dykk» (Heb 13:17).

Vi er komen til ei tid der det lokale og regionale forsamlingsarbeidet må ta på seg nye oppgåver, og derfor må det satsast på utrustning av leiarskap som aldri før

Det er eit felles ansvar at leiarane kan stå i si teneste «med glede og utan sukk». Vi er komen til ei tid der det lokale og regionale forsamlingsarbeidet må ta på seg nye oppgåver, og derfor må det satsast på utrustning av leiarskap som aldri før. Vi vil ikkje vere talsmenn for å «profesjonalisere» lekmannsarbeidet ved at det meste skal gjerast ved løna arbeid, men vi kan heller ikkje sjå at det er rett at ein tek det for gitt at nokon over lang tid skal bruke det meste av si fritid på misjonsarbeid.

Derfor må alle medlemer i indre- og ytremisjonsarbeid stille seg nokre spørsmål: Korleis kan eg bidra til at mine leiarar kjenner seg verdsett med den statusen som eg meiner dei fortener? Bør nokon få tilbod om 10-20 prosent løn for å kunne arbeide med forkynning og rettleiing? Bør ikkje leiarar få reise på kompetansehevande kurs og leiarsamlingar utan at dei må ta det av eiga lomme? Er det på tide å gå på døra med ein blome?

Det er ikkje leiarane som skal be om dette. Det er ditt ansvar å vere med og byggje leiarskap.

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Indremisjonsforbundets krets på Sunnmøre vil ha sterkere tilknytning til ImF og går over til å bli ImF Sunnmøre.

«Det ser ikkje ut til å bekymra ImF-Ung at dei går glipp av den kontaktflata som Kirkens Unge representerer. Det er berre å laga si eiga. Er det verkeleg så enkelt», spør Halvard Wiik i dette lesarinnlegget.

Magnus Persson er ferdig med det som er moteriktig og trendy. Det er det tidløse evangeliet han vil holde fram.

Årets Bibel og Fellesskap ble avlyst – kanskje for første gang. Kan lavere oppslutning om arrangementet skyldes at dagens eldre ikke er som gårdagens? Forsker ser en endring blant eldre.

I år er det 40 år siden loven om selvbestemt abort kom. Det blir markert med sørgetog for alle fostrene som er blitt abortert siden da.

Copyright © Sambåndet 2018