Sambåndet

Lørdag 27. mai 2017
RSS
BEVISST HØYTID: Sett av tid til bibellesing, aktiviteter og sang med barna i påsken råder Søndagsskolen, Familier & Medier og Preses i Den norske kirke. Foto: Markus Plementas, KPK

Slik gir du barna ei kristen påske

Korleis kan foreldre gi barna sine ei god oppleving av kristen påske midt i alt det andre som tek merksemda i påskehøgtida?

Av Ingunn Marie Ruud, KPK. Publisert 8. april 2017.

Blant egg, kyllingar, sjokolade, skiturar og påskekrim kan det kanskje vere utfordrande for mange foreldre å gi barna ei forståing av kvifor påska er den viktigaste høgtida for kristne.

– Eg har sjølv erfart kor vanskeleg det kan vere å gi barna opplevingar knytte til påska – dersom ein er på fjellet og langt frå gudsteneste og søndagsskole, seier Karin Kvalvaag Manvik som er rådgivar for programavdelinga i Søndagsskolen Noreg.

Ho trur den enklaste måten å gjere det på, er å gjere ein liten ting på kvar av dei ulike påskedagane.

– Planlegg gjerne noko fast de gjer dei fire dagane: Palmesøndag, skjærtorsdag, langfredag og påskemorgon. Det kan vere så enkelt som å lese saman kva som skjedde kvar enkelt dag, på eit fast tidspunkt på dagen. Tenne eit lys, lese og be ei kort takkebønn og syngje ein enkel song.

Les meir: ImF-Ung lanserte påskehefte i fjor

Påskevandring og påskeboks

Søndagsskolen sitt opplegg for søndagsskolar og kristne barnegrupper, Sprell levande, har fleire påskeopplegg for barnegrupper.

– Her legg vi ofte opp til vandringar der vi på ulike måtar opplever påska sine dagar. Å leike, gjere og undre seg over det som skjedde, framfor berre å høyre, kan skape gode erfaringar vi vil huske, seier Manvik.

Ho foreslår at foreldre kan lage liknande vandringar med familien.

– Tenk at de skal bruke ulike sansar og formar, men gjer det gjerne veldig enkelt. Gjer klare nokre enkle postar, ein liten “stad” for palmesøndag, skjærtorsdag, langfredag og påskemorgon, seier Manvik.

Ho fortel at ein kan gjere heile vandringa på ein gong eller fordele den på dei fire dagane.

– Postane kan utstyrast med enkle hjelpemiddel: Ting ein skal ta på seg, halde i, ete – noko eige på kvar post. Bruk også songar, gjerne ein song til kvar post. Les, leik, smak og syng saman. Rekvisittane kan også leggjast oppi ein boks som de opnar saman. Ein gjenstand, song og/eller forteljing kvar dag. Det er spennande å ha med seg ein “påskeboks” på fjellet!

– Ta skjermfri

Organisasjonen Familie & Medier oppmodar kvart år alle til å ta minst ei veke fri frå skjermar i fasta. I år arrangerte dei skjermfri veke 31. mars-7. april, veka før påske.

– Det er eit godt høve på mange plan til å snakke saman om kva som er viktig i livet, seier dagleg leiar i Familie & Medier, Jarle Haugland.

Han peiker på at alle, uansett livssyn, ville hatt godt av å ta ei skjermfri veke, men at dei medvitne har lagt skjermfri veke til fastetida.

– For oss som kristne er det eit godt høve til å stoppe opp og førebu oss til påska som ligg føre. Det er eit høve til å snakke om kva vi vil, kva som er viktig og ikkje minst om kva som kjem veka etterpå, seier Haugland.

Undring og glede

Preses i Den Norske kyrkja, Helga Haugland Byfuglien, meiner det høyrer heime i kristne familiar å formidle påskebodskapen til barna.

– Påskebodskapen er ei spennande forteljing som barn blir fascinerte av. Barna grip både sorga og gleda i forteljinga, og det er viktig at dei får ta del i dei utifrå sine føresetnader, seier Haugland Byfuglien og tilrår både bøker og filmen «Jesus frå Nasaret».

– Det er ikkje alt som er like forståeleg, korkje for barna eller oss vaksne, men det er godt å gi plass til undringa og gleda, fortset ho.

Leiaren for Bispemøtet tilrår dei som har høve til det, til å ta med barna til kyrkja i den lokale kyrkjelyden sin i påska.

– Palmesøndag er ofte ei veldig visuell oppleving med palmegreiner og opplegg for heile familien. På skjærtorsdag er det mange kyrkjelydar som arrangerer måltid som det kan vere spennande for barna å bli med på, seier Haugland Byfuglien.

– Ver kreative

Statue av C. S. Lewis som framstiller forfatteren mens han ser inn i et klesskap. Bærer navnet «The Searcher» (Den som leter), av Ross Wilson. Foto: Genvessel/Wikimedia Commons

Også Familie & Medier-sjefen tilrår familiar til å gå til gudstenester i påska dersom dei er i nærleiken av ei kyrkje, og han foreslår elles at familiar kan vere kreative i korleis dei markerer påskehøgtida.

– Det er ikkje alltid dei store tinga som skal til. Det kan handle om kva vi et. Ein kan velje å ete noko som ein kan relatere til det som skjedde den dagen. Det kan også vere å lese eit lite bibelavsnitt kvar morgon i påska og for eksempel hobby-aktivitetar på kveldstid etter ein har vore ute på ski. Eg trur ikkje det krev mykje, men det krev eit medvite forhold til høgtida, seier Haugland.

– Syng saman

Manvik i Søndagsskolen foreslår òg at familien syng songar som fortel kva som skjedde i påska.

– Syng ein song saman for kvar av dei ulike påskedagane. Dagens påskesong kan lyttast til, bli lært og sunge, gjerne på eit fast tidspunkt på dagen, seier ho.

Manvik nemner spesielt tre songar som Søndagsskolen har utgitt.

– I songane «Oppstått er Jesus» og «Opp, opp, opp» kan ein syngje med på refrenga og lytte til versa, og «For så høgt har Gud elska verda» er påskebodskapen på eit par minutt til fengjande rytmar på ein melodi som er lett å lære, seier Manvik.

Les meir: Slik blei «Å salige stund» til

Bøker og filmar

Haugland minnest sjølv at han og syskena fekk velje kvar si bok som ei påskegåve då dei var barn.

– Det er eit godt minne for meg frå påska. Det finst mange gode bøker. Det er verdt å gå på ein kristen bokhandel å kjøpe ei god påskebok ein kan lese saman med barna, seier han.

Sjølv om Haugland tilrår lågare tempo og skjermfrie periodar, har han også nokon tips til dei som ønskjer å sjå film i påska.

– Nokon vil ha stor glede av Narnia-filmane, ikkje minst «Løven, heksa og klesskapet» – som eit utgangspunkt for å snakke om påska sin bodskap. For større barn vil eg tilrå «Risen», avsluttar han.

Les meir om filmen «Risen»: En troende romer (sambåndet.no)

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Det er flere reiseskildringer i Bibelen, og noen går faktisk over flere kapitler. Fascinerende lesning som gir oss et visst innblikk i hverdagen til Guds folk.

Etter å ha samarbeidet om felles søndagsmøter i cirka ti år går ImF og NLM på Vestnes et skritt lenger og danner en felles forsamling.

Han overtar lederstolen etter Arild Ove Halås som gir seg sommeren 2018.

Over ein periode på 20 år har har Magda Sæviks stiftelse fordelt over 13 millionar kroner på ulike lag og organisasjonar innom- og utanlands.

Fleire unge kristne i Misjon bak jernteppet brukte både sommarferiar og bryllaupsreiser til å smugle biblar til Øst-Europa under den kalde krigen.

Copyright © Sambåndet 2017