Sambåndet

Tirsdag 17. oktober 2017
RSS
Illustrasjonfoto: freebibleimages.com

Andakt: «Vi vil gjerne få sjå Jesus!»

Jesus kjem til oss på nytt som frigjeraren frå synda, døden og djevelen si makt.

Av Ivar Gjerdi (KPK) . Publisert 9. april 2017.

Fakta

Palmesøndag, 9. april 2017

Preiketekst: Joh 12, 12-24

Dagen etter fekk den store folkemengda som var komen til høgtida, høyra at Jesus var på veg inn i Jerusalem. Då tok dei palmegreiner og gjekk ut for å møta han, og dei ropa: Hosianna!        Velsigna er han som kjem i Herrens namn, Israels konge!  Jesus fann seg eit ungt esel og sette seg på det, som det står skrive: Ver ikkje redd, dotter Sion! Sjå, kongen din kjem, ridande på ein eselfole.  Dette skjøna ikkje læresveinane med det same. Men då Jesus var opphøgd i herlegdom, hugsa dei at dette var skrive om han, og at folket hadde helsa han på denne måten.  Alle som hadde vore med han då han ropa Lasarus ut av grava og vekte han opp frå dei døde, vitna om det dei hadde sett. Difor var det òg at folket drog ut for å møta han, for dei hadde fått høyra at han hadde gjort dette teiknet. Men farisearane sa seg imellom: «Der ser de, det nyttar ikkje. Heile verda spring etter han.» No var det nokre grekarar mellom dei som var komne til Jerusalem for å tilbe under høgtida. Dei kom til Filip, som var frå Betsaida i Galilea, og sa: «Herre, vi ville gjerne få sjå Jesus.» Filip kom og fortalde det til Andreas, og Andreas og Filip gjekk og sa det til Jesus. Jesus svara: «Timen er komen då Guds herlegdom skal lysa om Menneskesonen. Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, blir det verande berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde.

Jesus har begynt vandringa mot Golgata. No er han på veg til Jerusalem. Han har i fyrste omgang teke vegen om Betania. Her er han saman med Marta og Maria og nære venner. Ryktet om at Jesus var her, spreidde seg fort. Mange av dei tusenar som var komen til Jerusalem for å feire påske, drog til Betania for å treffe Jesus og Lasarus, som han hadde vekt opp frå dei døydde. Mange kom til tru akkurat på grunn av dette mektige under, og derfor ønskte øvsteprestane òg å drepe Lasarus, eit levande prov på Jesu makt.

Når Maria no like før påske salvar Jesu føter med dyr nardussalve, vert oppsikta for ei stund retta mot Jesus som Messias, Guds salva. Inntoget i Jerusalem der Jesus blir hylla som konge, markerer òg ei kortvarig opphøging før fornedringa på langfredag.

Byen var fylt av festpilegrimar som skulle feire påske, jødane si største høgtid. Det er blitt kjend at Jesus er på veg, spenninga og forventinga er enormt stor. Jesus lèt seg hylle som konge. Tidlegare har han avvist all kongehyllest.

Men no lèt han det skje, etter eigen vilje og initiativ. Den måten hyllesta er på, har førebiletet sitt frå kongetida i Israel. Ropet som han blei møtt med, er eit gammalt hyllingsrop til kongen når han drog inn i tempelet. Hosianna betyr: Gi frelse.

Han rid inn på eit trelldyr. Det passa best for ein tenar. Han vil berre herske gjennom det å tene. Det at han reid inn på ein eselfole, var spådd av profeten og tidlegare bestemt i Guds råd. Eselfolen er symbolet på fred og rettferd.

«Sjå, kongen din kjem!», lyder òg i dag. Korleis møter vi Jesus? Vi høyrde om nokre grekarar som òg var komne til høgtida for å tilbe. Dei var tvillaust både spørjande og leitande og får formidla eit spørsmål til Jesus gjennom Filip og Andreas: «Herre, vi vil gjerne få sjå Jesus!» Dei kom sikkert med eit oppriktig hjarte. Om dei fekk eit personleg møte med Jesus, veit vi ikkje.

Jesus kjem til oss på nytt som frigjeraren frå synda, døden og djevelen si makt.

Alle som har fått sjå og oppleve Jesus som frelsarkongen, der han vandrar mellom oss, vil erkjenne at lova om kveitekornet stadig gjeld. Alle som trur på Han i dag, er ein del av denne store grøda, som eit resultat av det eine kornet. Kanskje kan Palmesøndag vere ei ny oppfordring til å svinge med palmegreiner og heve hyllingsrøysta, slik at fleire kan få auge på Jesus Kristus som verda sin Frelsar.

Ivar Gjerdi, pensjonist, tidl. generalsekretær og misjonsleiar.

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Opposisjonspartiene kom med knallhard kritikk mot regjeringens kuttforslag til folkehøgskolene.

I ettermiddag blir det demonstrasjon foran Stortinget mot regjeringens forslag i statsbudsjettet om millionkutt i bevilgningene til folkehøgskolene.

– Vi er med og utdanner for samfunnet og gir barn og unge et kompass – på alle plan i livet, sier rektor Jeanette Vesetvik.

Menigheter preget av Hauge-bevegelsen, satset mye på å sende ut misjonærer, går det fram av ny bok.

Theodore Kalogeropoulos fra Athen har mange tjenester i misjonen. Radioarbeid førte ham til Straume Forum denne uken.

Copyright © Sambåndet 2017