Guds lam og vår høgtid

Vi gjer ei stor urett dersom vi gjev tilslutning til forkynning som forteier sanninga om Kristi død i vår stad, meiner Sambåndet.

Når vi les Israels historie i Det gamle testamente, er det ei brutal historie prega av krig og brutalitet. Likevel vart ikkje ein av dei frelste ved eige sverd og ved eige strev. Dei vart eine og åleine frelst og utfridd ved at ein uskuldig døydde i deira stad. Dei skulle slakte eit feilfritt lam, og blodet skulle dei smøre på dørstolpane. «Blodet på dei husa de er i, skal vere til eit teikn for dykk. Når eg ser blodet, vil eg gå forbi dykk. Ikkje eit einaste drepande slag skal råke dykk når eg slår Egyptarlandet» (2. Mos 12:13).

Takk Gud, for dette forbildet er lett for oss å forstå. Guds veg er frelse ved blodet frå Guds fullkomne offerlam, Jesus Kristus. Om vi stig inn i lyset med våre liv, og bekjenner våre synder innfor Guds ansikt, har vi løfte om at Jesu blod reinsar oss frå all synd (1. Joh 1:7). Dei måtte for all del ikkje ete kjøtet rått eller kokt, men berre steikt over elden, noko som talar om at vår frelsesveg går gjennom den liding og dom som fall over Kristus.

Denne dagen, den som seinare skulle kallast den store forsoningsdagen, skulle vere ein minnedag og høgtidsdag for all ettertid. «Denne dagen skal vere ein minnedag for dykk, de skal halde han som ei høgtid for Herren. Det skal gjelde som ei evig forskrift for dykk å halde han, ætt etter ætt» (2. Mos 12:14). Vi skal minnast og forkynne om Guds offerlam som måtte lide og døy for vår skuld og vår stad. 

Det er ikkje den fullkomne, den snille, den sjølvfornektande, den velgjerande, den solidariske Jesus vi skal ha oss forkynt som frelsar

Vi gjer ei stor urett dersom vi gjev tilslutning til forkynning som forteier sanninga om Kristi død i vår stad. Det er ikkje den fullkomne, den snille, den sjølvfornektande, den velgjerande, den solidariske Jesus vi skal ha oss forkynt som frelsar. Desse sidene skal vi halde fram som eksempel for eit kristenliv i Jesu fotspor. Men det er berre Lammet som døydde på Golgata, han som tok vår dom og død på seg, vi skal ha oss servert som frelsar. Vi vil ikkje ha servert rått eller kokt kjøt når Herren seier vi skal ta til oss lammet som er steikt over elden. Ved dette offeret er dommen fullbyrda over oss. Som den førstefødde i Israel fekk sin dom og død i lammet som døydde i hans stad, har vi fått vår dom og død i Kristus Jesus. Dommen er falt. Døden er ei kjensgjerning. «Når éin er død for alle, så har dei alle døydd» (2. Kor 5:14).

Vi vert invitert til å halde høgtid for Herren. Det gjer vi ved å nyte samfunn med Gud og hans familie i Jesus Kristus.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.