Sambåndet

Søndag 23. juli 2017
RSS
USTABIL GRUNN: Restaureringen av gravkammeret i Jesu gravkirke i Jerusalem avdekker alvorlig svikt i fundamentet kirken hviler på. FOTO: Markus Plementas, KPK

Gravkyrkja nær kollaps

Restaureringsarbeidet av Jesu Gravkyrkje i Jerusalem syner at den kviler på eit svært ustabilt jordisk fundament.

Av Kristelig Pressekontor. Publisert 15. april 2017.

GRAVKIRKEN: Slik så det ut i gravkammeret i januar 2015, vel to år før restaureringen. Foto: Petter Olsen

Denne veka feirar kristne over heile verda Jesu oppstode og mirakelet med den tomme grava. Men staden der ein meiner Jesu gravkammer ligg, står på usikker grunn og er nær ved å falla saman.

Eit forskingsteam frå National Technical University of Athens (NTUA), som akkurat har fullført restaureringa av det som tradisjonelt seiast å vere Jesu gravkammer i Gravkyrkja i Jerusalem, åtvarar om at ytterlegare arbeid er nødvendig for å hindre at heilagdomen og komplekset rundt opplever ei alvorleg strukturell svikt. Dette melder National Geographics.

– Når det skjer, vil ikkje skaden vere ein sakte prosess, men ei katastrofal svikt, seier Antonia Moropoulou, som er prosjektet sin administrerande vitskaplege rettleiar frå NTUA.

Sist gong gravkammeret i kyrkja blei restaurert, var i 1810. Usemje mellom dei seks ulike kyrkjesamfunna som bruker Gravkyrkja, har ført til at ikkje noko er blitt restaurert sida 1947. Den greske, armenske, etiopiske og syriske ortodokse kyrkja samt den koptiske og den romersk katolske kyrkja, er alle brukarar av kyrkja over staden der ein meiner Jesu grav låg.

Tusenvis for å sjå

Ifølgje The Jerusalem Post kom tusenvis av menneske for å sjå det nyrestaurerte gravkammeret i Gravkyrkja då det blei avduka onsdag 22. mars.

Det er Aediculen (frå latin aedicule, som betyr «lite hus»), ein liten struktur i Den heilage grav si kyrkje, som har gjennomgått ni månaders restaurering. Strukturen omfamnar restane av ei hole som minst sidan det fjerde hundreåret e.Kr har blitt rekna som grava til Jesus.

– For fyrste gong på over to hundreår har denne heilage aediculen blitt restaurert. Dette er ikkje berre ei gåve til vårt heilage land, men til heile verda, sa den gresk-ortodokse patriarken Theophilos III under avdukinga.

Inne i grava er ei gravferdsseng laga av stein, der Jesu kropp seiast å ha blitt plassert. Forskarar har no vore i stand til å undersøkje senga for fyrste gong på over 200 år.

Vil koste 53 millionar

Strukturen som kalles Aediculaen, er oppført over stedet mange regner som Jesu grav. Her fra 2015. Foto: Petter Olsen

Mens den nylege restaureringa, som har kosta over 30 millionar kroner, feirast, må forskarar og kyrkjeleiarar ta inn over seg nye prov for den alvorlege risikoen prosjektet har openberra. Ved hjelp av radar, robotkamera og annan teknologi har forskarar gjort ei grundig vurdering av Aediculens fundament.

Restaureringa avslører at mykje av heilagdomen og den omkringliggjande rotunda, som har millionar av gjester kvart år, ser ut til å i stor grad ha vore bygt på eit ustabilt grunnlag av smuldra restar av tidlegare strukturar og er gjennombora av omfattande tunnelar og kanalar.

NTUA foreslår no eit nytt omfattande 10-månaders, 53 millionar kroners prosjekt for å løyse den gamle staden sin nyleg oppdaga strukturelle sårbarheiter. Dei kristne gruppene som i mange år har krangla om bruken av området, må dermed igjen klare å bli einige om eventuelle nye planar.

Frå alle verdshjørne

JERUSALEM: Fra inngangspartiet i Gravkirken. Foto: Petter Olsen

Det greske restaureringsteamet har stort sett arbeidd om natta for at kyrkja framleis skulle vere open for publikum. Gjester frå alle verdshjørne valfarta til området for å sjå restaureringa og få ei omvising i det kristne kvartalet

Shynar Jakiyeva, ein 27 år gammal revisor frå Kasakhstan, reiste saman med si syster og fetter frå det sentralasiatiske landet for å sjå avdukinga.

– Vi har aldri vore i Jerusalem, og vi ønskte å sjå alle dei religiøse stadene, men særleg staden der Kristus blei gravlagd, fordi det er svært viktig å vite denne typen historie, seier ho til The Jerusalem Post.

– Og så ønskte vi å kome til Jerusalem for å sjå staden som sameiner alle religionar. Det er veldig interessant å vite at ein stad som dette finst.

Også viktig for muslimar

Nokon få meter unna står over 50 muslimske menn og kvinner frå India, kledde i kvit religiøs drakt, og ventar tolmodig på at avdukingsseremonien skal avsluttast, slik at dei kan sjå grava for andre gong.

– Vi kom for å vise respekt for profeten Jesus, seier gruppa sin leiar, som vil vere anonym.

– Det er mange profetar hos oss, men dei viktigaste er Muhammed, Moses, Adam, Noah og Abraham.

Spurt om oppfatninga hans av restaureringa, seier han at den ser vakker ut.

– Heile grava pleidde å vere svart [med sot], men no skin den faktisk, seier han.

– Dessutan er det ikkje lenger stålstengjer som omgir den. Den tidlegare storheita hans er tilbake no, legg han til. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

– Vi må enten bygge eller legge ned campingen etter hvert, sier ImF-leder Erik Furnes.

Dimitri Cubrevic var en av mange kristne ungdommer som forlot området i Latvia der KVS-Bygland er engasjert, på jakt etter et bedre liv. Men han valgte å vende tilbake.

Tarald Ueland er en veteran på Lyngdal Bibelcamp, og i år har han og kona Laila ansvar for programposten Kveldsåpent den første uka.

Ivar Stensland (27) skal jobbe med både forsamlingsarbeid og barne- og ungdomsarbeid og prøve å integrere begge deler.

Etter alt å dømme vil det komme krav om at avstanden mellom «spikerteltene» på campingplasser må økes, men det skjer tidligst fra nyttår.

Copyright © Sambåndet 2017