Sambåndet

Søndag 21. april 2019
RSS
BIBELSMUGLERE: Gjennom Misjon bak jernteppet organiserte Roar Haldorsen Strat (t.v.) smuglerruter fra en base i Østerrike, mens Kåre Hegle blant annet brukte bryllupsreisen sin til å smugle bibler inn i Øst-Europa. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

Bibelsmuglarane blei drilla i å lyge

Fleire unge kristne i Misjon bak jernteppet brukte både sommarferiar og bryllaupsreiser til å smugle biblar til Øst-Europa under den kalde krigen.

Av Ingunn Marie Ruud, KPK. Publisert 23. mai 2017.

CAMPING: Mange unge par smuglet bibler bak jernteppet under dekke av å være campingturister. Her er en liten bobil lastet med ulovlige bibler på vei mot en grenseovergang. FOTO: Stefanusalliansen/skjermdump fra film

Gjennom alt frå interrailturistar med bøker teipa fast på kroppen, til store trailerar med titusenvis gøymt i hemmelege rom, blei millionar av biblar smugla frå Skandinavia til kristne undergrunnskyrkjer i austblokklanda frå 1969 til 1987.

– Vi var ofte i Øst-Europa og smugla til og med biblar på bryllaupsreisa, fortel Kåre Hegle og held fram:

– Vi hadde med oss ein kombi-camp som var stappfull av russiske biblar, kristen barnelitteratur og utstyr. I skorne gøymde eg kontantar.

Misjon bak jernteppet, som skifta namn til Norsk misjon i aust etter jernteppet sitt fall og seinare til Stefanusalliansen, samla i helga sine gamle bibelsmuglarar til ein kveld for å markere 50-årsjubileet til organisasjonen og mimre om smuglartida.

– Vi smugla biblar både på veg ned og på veg tilbake igjen frå Sør-Europa, fortel Hegle.

Rauli Lehtonen, mangeårig arbeider for Stefanusalliansens svenske systerorganisasjon Ljus i Öster, delte òg erfaringane sine på samlinga.

– Metodane blei meir og meir sofistikerte etter kvart. Rekorden var då ein trailer med tilhengjar tok med seg 43 220 biblar, 4000 barnebiblar og 200 predikantbiblar under dekke av å køyre bygningsmaterialar frå Finland til Hellas, fortel han.

– Vil gjere det igjen

Også eit anna ektepar på bibelsmuglarsamlinga fortalde at dei brukte bryllaupsreisa si til bibelsmugling. Dei ønskjer ikkje å stå fram med namn i pressa.

– Eg ser ikkje bort frå at eg kan kome til å førtidspensjonere meg og ta opp igjen ein slik aktivitet, gjerne retta mot dei muslimske landa der det er vanskeleg å vere kristen i dag. Då er det greitt å ikkje eksponere seg, seier mannen som i dag er 58 år.

– Det var spennande og ein innsats som kravde noko. Du måtte tru på Gud og ta ein sjanse. Det appellerte veldig til meg, fortel han.

Bibelen blei sett på som antisovjetisk litteratur og var ikkje mogeleg å få tak i på den opne marknaden i Sovjetunionen.

– For oss handla det òg om ei tru på Bibelen som Guds ord og å bringe Guds ord inn ein stad det ikkje fanst, seier mannen som var 17 år då han begynte engasjementet sitt.

Ein typisk smuglartur

Hegle og ekteparet deler gjerne historier og metodar frå bibelsmuglarturane då dei ikkje ser for seg at dei same metodane vil bli brukte i den digitale tidsalderen vår. Dei fortel om ein typisk tur etter kvart som systemet blei profesjonalisert:

– Vi drog anten frå Norge eller frå ein base Misjon bak jernteppet hadde bygd opp i Austerrike. Her blei ombygde bubilar med holrom i golv, vegger og tak stappa fulle med biblar og kristen litteratur.

Bibelsmuglarane måtte halde seg til strengje tryggingsrutinar undervegs.

– Vi måtte pugge køyreruter, namn og adresser på kontaktpersonar, for det var strengt forbode å ha med seg noko skriftleg eller markere noko på kartet. Det var ganske krevjande, seier Hegle som no er 65 år.

– Så drog vi til grensa og lata som om vi var turistar og svarte så godt vi kunne på spørsmål vi var drilla i, seier kvinna som i dag er 54 år.

Kritiske augeblink

Etter eit par dagar med lange køyrestrekningar og overnatting i bilen kom bibelsmuglarane fram til Svartehavet i Romania. Her møtte dei fyrst ein kontakt for å gi melding om at dei var komne og førebu dei på å ta imot lasten.

– Så gjaldt det å finne ein mørk og aud stad og pakke ut av bilen midt på natta. Det var dei kritiske augneblinkane. Det blei store volum, og vi fylte gjerne åtte store søppelsekker med 800-900 bøker, fortel dei.

Deretter køyrde dei tilbake til kontaktpersonen, leverte bøkene, bad ei kort bønn og kom seg langt unna. Ved innkøyringa til byane der kontaktpersonane budde, var det ofte polititårn med vaktar som følgde med.

– Ein gong blei vi stoppa av desse då vi var på veg ut etter å ha levert biblane. Det var fjerde gong vi passerte tårnet denne kvelden, men einaste gongen det ikkje var biblar i bilen. Det var sterkt. Vi kjende det var Gud som gjorde at vi berre blei stoppa då vi ikkje lenger hadde noko å skjule, fortel ekteparet.

Ein annan gong opplevde ekteparet at dei fyrste kontaktpersonane trekte seg då dei så mengda bøker dei hadde med.

– Dei fekk panikk, og det var ganske kritisk. Då måtte vi pakke bøkene inn igjen og finne backup-kontakten, og turen blei mykje lenger enn planlagt. Det blei ein slitsam tur med høgt stressnivå, seier kvinna og ler.

Kontroversielt

SAMLING FOR BIBELSMUGLERE: I forbindelse med sitt 50-årsjubileum arrangerte Stefanusalliansen, tidligere kalt Misjon bak jernteppet, en samling for dem som var med å smugle bibler under den kalde krigen. Her forteller Rauli Lehtonen om bibelsmuglingen fra Sverige og Finland. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

Dei kristne bibelsmuglarane blei ikkje berre heia fram og støtta. Både blant politikarar og i kristenverda var det folk som meinte det var galt å bryte andre land sine lover for å spreie kristen litteratur. Dei den gong unge bibelsmuglarane beit seg ikkje merke i den debatten.

– Det var sjølvsagt for oss at vi skulle smugle biblar. Hadde vi fått det med oss, hadde vi nok ikkje brydd oss om det, seier ekteparet.

Kvinna fortel at det var ei anna etisk problemstilling dei var meir oppteken av.

– Vi blei jo drilla i avhøyr, og det blei ein etisk debatt om kor vidt vi kunne lyge. Vi kunne ikkje vere med på dette dersom vi ikkje kunne lyge. Vi laug jo på kvar einaste grensepassering, seier 54-åringen.

– Vi var meir opptekne av det som står i Apostlanes gjerningar om å lyde Gud meir enn menneske, enn om vi braut ei lov i eit ateistisk regime som var mot Gud, legg mannen til.

Ekteparet slutta å smugle biblar då dei blei foreldre. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Skulptøren Rick Wienecke har gjort noe så kontroversielt som å undersøke om det er en sammenheng mellom Jesu korsfestelse og jødenes holocaust.

Formidlaren Jarle Waldemar forkynner bodskapen til påska for barn, men skjermar dei for lidingshistoria si verkelege gru.

Bedehusorganisasjonene ImF, NLM og Normisjon har skrevet under på en erklæring som er ment både som et kall og et svar på «noen læreavvik».

Flere barn og unge fra ImF Straume og Betlehem er med på et nytt plateprosjekt.

Bedehuskirken på Bryne tjener byen med å bidra til at innbyggere med dårlig økonomi får gratis tilgang til friluftsutstyr.

Copyright © Sambåndet 2019