Sambåndet

Lørdag 29. februar 2020
RSS
GÅR UNNA: 19 elever og seks ledere fra Bygland kristne videregående skole i full sving med å reise den fjortende hytta på leirstedet Latgales Dzintars i det østlige Latvia. Foto: John Solsvik

Meiningsfull hyttebygging i Latvia

Elevane på tømrerlinja på KVS-Bygland byggjer hytter på leirstad i det austlege Latvia. – Det gir eit ekstra kick å vere med på dette, seier Knut Arne Inntjore (17) frå Grimstad.

Skrevet av John Solsvik, Dagen den 1. juni 2017.

Fakta

KVS-Byglands misjonsprosjekt

  • Skulen starta misjonsprosjektet i 2007.
  • Bygd 14 hyttar på leirstaden Latgales Dzintars utanfor Daugavpils, Latvia.
  • Elever ved VG1 Bygg og anleggsteknikk byggjer hytta ved skulen i Noreg.
  • Hytta blir transportert til Latvia med trailer.
  • Årets hytte er finansiert av bedrifter på Sørlandet.

DAUGAVPILS, LATVIA: På leirstaden Latgales Dzintars ved Latvias nest største by Daugavpils er 19 elevar og seks leiarar frå KVS-Bygland i full sving med å reise den fjortande hytta som elevar frå skulen fyrst har bygd i Norge.

Den 60 kvadratmeteren store hytta med minst åtte overnattingsplassar reiser dei opp i løpet av nokre dagar i skogen på den idylliske plassen like ved eit stort vann. Innsatsen er på topp blant dei aller fleste, det blir hamra og blir skrudd eller skote med spikarpistolar, og det blir kontrollmålt, for alt må stemme på centimeteren.

Elevane har faktisk hatt alle seksjonane i hytta i hendene ein gong før. På skulen på Bygland har dei nemleg bygd hytta i seksjonar og sett den opp fram gjennom vinteren. så har dei plukka tak, vegger og golv frå kvarandre og lasta den på ein trailer, som så køyrde den til leirstaden i det søraustlege Latvia nær grensa til Russland.

Når tømrerelevane kjem til leirstaden, er grunnmuren ferdiggjord. Dermed er det berre å setje i gong med å reise hytta – som dei altså har bygd éin gong før.

Smart prosjekt

Klassestyrar Alf Willy Nicolaisen (53) synest opplegget er både smart og godt.

– Dette er eit veldig flott byggjeprosjekt der vi oppnår alle læringsmåla innan byggteknikk som tømring, golvlegging, nivellering, lage vegger og tak, isolering og montering av vindauge og dører. I tillegg er det viktig at eit slikt arbeid ikkje berre blir rive og øydelagt som mange andre gjer, men at dei får lage noko som kan vere til nytte og av verdi for andre menneske, seier Nicolaisen.

Han seier hyttebygginga i Latvia på mange måtar er skulen sitt misjonsprosjekt fordi utbygginga av leirstaden gir barn og unge i Latvia høve til å få høyre evangeliet og bli kristne.

– Vi gjestar òg lokale kristne og fattige familiar og gir hjelp til folk som har det vanskeleg. Slik ser vi også kor utruleg godt vi har det i Norge, og det er ei god læring i seg sjølv som eg trur elevane tek med seg heim, seier Nicolaisen.

Radig og greitt

To dagar tek det før hytta er oppe med takplater på plass. Eit par dagar seinare er taket tett og vindskeiar montert.

Magnus Bomvoll Narvik (17) frå Risør synest hyttebygginga har gått rimeleg radig og greitt.

– Eg hadde ikkje sett for meg at hytta var oppe etter to dagar. Det gjekk raskare enn eg hadde trudd, seier han.

Leirstad

Det var i 2007 at KVS-Bygland valde å samarbeida med pinsekyrkja i Daugavpils og la elevane på VG1 Bygg og anleggsteknikk vere med på å byggje hytter til leirstaden i Latvia.

Dei følgjande fem åra bygde elevane to små hyttar på 20 kvadratmeter kvart år. Deretter blei det to større hytter med hems, kvar på 60 kvadratmeter, og så to like store hytter utan hems dei neste åra. I dei store hyttene er det soveplass til 12 personar.

På leirstaden har barn og unge lenge budd i store telt, men i dag er det i tillegg plass til mange i dei nye hyttene, der det både er innlagt elektrisitet og vatn, toalett og ein kjøkkenkrok. Over tusen unge er innom leirstaden kvar sommar dei ti vekene leirsesongen er. Leirstaden blir òg elles brukt i året til ulike samlingar og til overnatting for vanskelegstilte.

Espen Ripegutu ved 2017-hytta til Latvia fra KVS-Bygland

Alf Nicolaisen opplyser at mens skulen kosta det meste av utgiftene dei fyrste åra, har prosjektet etter kvart fått stønad frå forskjellige misjonsforeiningar. Årets hytte er finansiert av fleire bedrifter på Sørlandet pluss nokre privatpersonar.

Minne for livet

Magnus Bomvoll Narvik seier prosjektet og turen blir eit minne for livet.

– Eg kjem til å hugse dette lenge, smiler han.

Knut Arne Inntjore er veldig einig:

– Det er kjekt å vere på tur saman med venner. Vi blir godt kjent og har det ganske gøy. Vi ikkje berre solar oss og slappar av, det kan det fort bli for mykje av. Her har vi noko meiningsfullt å gjere på. Og så er det også tid til pausar innimellom så det kjennast nesten som ferie. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Raknestunkveldar på bedehusa i kretsen og innsamlingsaksjon kor det er samla inn 16 millionar kroner, er foreløpig status for Raknestunprosjektet.

Ingrid Kvam Steinshamn tar permisjon fra stillingen som rektor ved Møre Barne- og Ungdomsskole Skodje for å bistå Danielsen-skolene.

Stig Magne Heitmann i Åpne Dører er djupt bekymra over kristne som han meiner spreier hets og rykte på nett. ­– Det gjer vondt å lese, seier han.

Norske bibelskular fekk generelt mange færre søkjarar i 2019 enn året før. No vil dei konkurrere med folkehøgskulane for å auke elevtalet.

Chris Duwe har hatt suksess med Øystein på CD. Nå skal Øystein bli bok som åpner opp for refleksjon om Gud og verdens skapelse.

Copyright © Sambåndet 2020