Sambåndet

Tirsdag 17. oktober 2017
RSS
FRONTBILDE: - Me har vore altfor nøgde altfor lenge, meinte krinsleiar Johan Halsne i Sunnmøre Indremisjon. BILETET OVER: Avtroppande forann Olav Martin Synnes gav uttrykk for ei viss uro. BEGGE FOTO: PETTER OLSEN

135-åring med mange nullar

Dei mange verksemdene til Sunnmøre Indremisjon er eigna til å skapa stoltheit, men òg ei sterk kjensle av ansvar og dermed ei viss uro for framtida.

Av Petter Olsen ANALYSE . Publisert 12. juni 2017.

UNG: Randi Fagerhol Lauvås leiar ImF-Ung Sunnmøre og var ein av dei mange som presenterte den omfattande årsmeldinga. FOTO: PETTER OLSEN

ÅLESUND: – Det er unikt i Kristen-Norge med så stor verksemd som i Sunnmøre Indremisjon. Til saman er det tale om godt over 100 millionar kroner i omsetnad og godt over 100 tilsette, sa tidlegare krinsleiar, no ein av dei som tar styreansvar, Karl Arne Austnes på årsmøte-delen av Sommartreff 2017 på Borgund folkehøgskole i helga. 

Omfattande

Her var det – i parentes bemerka – ikkje snakk om ganske enkelt å ha som føresetnad at dei 96 utsendingane hadde lese alle dei 40 sidene i årsmeldinga. Kvar avdeling vart presentert og kommentert frå plattforma etter tur, og det var som ei oppsummering av denne to timar lange runden at orda frå Austnes fall. 

I tillegg til morforeininga kunne ein altså både skriftleg og munnleg få eit innblikk i underavdelingane ImF-Ung Sunnmøre, butikken Brukt og nyttig, leirstadane Brusdalsheimen og Orreneset, Plussreiser, eigedomsselskapet Vikakroken, Daggry barnehage, Borgund folkehøgskole, Møre ungdomsskule, Møre barne- og ungdomsskule Herøy, Møre barne- og ungdomsskule Skodje, Radio Sunnmøre og Begravelsesbyrået Sunnmøre AS.

Det må vera både naturleg og lovleg å kjenna på brus i bringa

«Frå barnehage til livets slutt», beskriv styret i Sunnmøre Indremisjon sjølv breidda i verksemda, og det må vera både naturleg og lovleg å kjenna på brus i bringa av å få vera med på noko slikt. 

Uro

Fungerande – og avtroppande – formann Olav Martin Synnes gav også uttrykk for noko av denna stoltheita i si skriftlege helsing til årsmøtet etter sjette og siste år i krinsstyret. «Då eg første gong kom inn i krinsstyret, vart eg overraska …», starta han.

På den eine sida vart altså Synnes oppmuntra av breidda i arbeidet og dei mange underavdelingane, men så held setninga fram: «… og kanskje også litt uroleg».

Kvifor denne uroa? «Det er store summar, rekna i kroner og timar, som må til for å bygge og halde i gang arbeidet», peika Synnes på – og her kjem dei mange nullane i overskrifta inn. 

For sjølv om det var mykje å gleda seg over i årsmeldingane frå hovudforeining og underavdelingar – som til dømes leirverksemd, nytt barnehagebygg og god elevtilgong til skulane – var oppmoding til misjonsfolket om å kjøpa lodd og teikna seg som faste givarar eller å auka det beløpet ein alt gir i månaden, ein gjennomgangstone.

Underskot

Rekneskapen for Sunnmøre Indremisjon åleine viser eit overskot på 27.000 kroner, mot 481.000 i 2015. Då mangla 100.000 kroner frå Brukt og nyttig, som av rekneskapstekniske årsaker ikkje var kome med i 2016. Men krinsleiar Johan Halsne, som på den eine sida var like stolt som Austnes, peika samstundes på at det var ekstraordinære inntekter på 440.000 kroner i testamentarisk gåve som gav ei bunnline i pluss. 

– Med dei tilsette me har i Sunnmøre Indremisjon, styrer me eigentleg mot 400.000-500.000 i underskot. Det døyr nokre faste givarar kvart år, og me klarer ikkje å rekruttera nye i same takten, sa Halsne. 

Administrasjonsleiar Janne Støbakk utdjupa: – Eg slettar nok i gjennomsnitt to givarar i veka grunna dødsfall og har enno ikkje ført inn nokon nye. 

Slik kan det jo ikkje fortsetja, og leiar for ImF-Ung Sunnmøre, Randi Fagerhol Lauvås, åtvara då òg om at det kunne bli naudsynt å redusera talet på årsverk i Ung-avdelinga.  

Samanslåing?

Kva vart så sagt om framtida? Avtroppande formann Olav Martin Synnes peika i si helsing til årsmøtet på Jesu føredøme i det å tene (Fil 2,7). For i tillegg til økonomi er det å ha tilstrekkeleg mange menneske som engasjerer seg, ein føresetnad for at den store verksemda kan fortsetja. Og formannen hadde fått erfara at det ikkje alltid er like lett å få til. Synnes peika på at at mange i indremisjonen òg er aktive innan anna frivillig arbeid:

– Det er bra, men kan dette også vera ei svak side ved oss i indremisjonen? Sprer vi oss på for mange andre gode aktivitetar, spurte Synnes.

Det er ein god observasjon og eit naudsynt spørsmål. Men om ein føreset at nokre av dei andre verva misjonfolket tar på seg, gir kontakt med ikkje-kristne, er den type engasjement viktig.   

GISKE: Karl Arne Austnes kunne visa fram nye Daggry barnehage på Valderøy. FOTO: PETTER OLSEN

Også Karl Arne Austnes hadde meir på hjarta. Kveika av den relativt nysprungne kjærleiken mellom Ung-leiar Randi Fagerhol Lauvås i Sunnmøre Indremisjon og krinsleiar Arild Ove Halås i naboen Nordmøre og Romsdal Indremisjon (der fekk me sanneleg med det òg!) vona han på at dette kjærleikstilhøvet også kunne smitta over på arbeidsgivarane deira. 

Kveika av den nysprungne kjærleiken 

– Krinsstyre og -leiing gjer vel i å tenkja gjennom om det, på til dømes fem års sikt, kan styrkja indremisjonsarbeidet i området vårt med ein samanslåing av desse to krinsane. Men det må ikkje vera eit tvangsekteskap, og det må ikkje strupa arbeidet lokalt, understreka Austnes. 

Då Nordmøre og Romsdal var i alvorlege økonomiske problem for nokre få år sidan, vart samanslåing nemnd som eitt av fleire alternativ frå deia side, utan at ein gjekk vidare med dei tankane då. Eit krafttak frå givarane førte til at kretsen kunne gå vidare åleine. Det at dei to kretsane i Møre og Romsdal dermed stiller meir likt enn tidlegare, gjer faktisk samanslåing meir aktuelt, ikkje mindre. 

– Altfor nøgde

Krinsleiar Johan Halsne kom med ei sterk oppmoding om endring i arbeidet lokalt. FOTO: PETTER OLSEN

Det vart ikkje noko meir diskusjon om dette på årsmøtet. Men som avslutning på samtalen om arbeidet tok krinsleiar Johan Halsne sats om ei anna sak som har med struktur å gjera.

Temaformuleringa for Sommartreff 2017 var «steg vidare», og Halsne viste til profeten Nehemja (kap. 2) og attreisinga av Jerusalems murar: – Det handlar om fellesskap, ikkje om ein som skal gjera noko aleine. Det er særleg eitt felt der eg tenkjer me har ei utfordring som me må ta, og det er måten me strukturerer arbeidet på bedehusa våre på. Me har vore altfor nøgde og altfor tolmodige altfor lenge. I mange år har me sett at måten me driv arbeidet på, ikkje lukkast slik det gjorde før.  

Me har vore altfor nøgde og altfor tolmodige altfor lenge (Johan Halsne)

Halsne la ikkje skjul på at det er forsamlingsbygging han snakker om, og meir om det kjem i eigen artikkel.  

-På nokre bedehus har dei starta med å byggja forsamling. Om du ser at ditt bedehus ikkje kan gjera det åleine, så sjå til nabobedehuset. Sjå gjerne også over grensa til ein annan organisasjon og gjer noko saman. Det er steg vidare, indremisjon og ytre misjon. Ikkje berre snakk, ikkje vent eit år til, men start no, sa Halsne. 

Med denne oppmodinga frå krinsleiaren vart årsmøtelyden sendt avgarde til kveldsmaten. Det vart altså heller ikkje noko debatt om dette utspelet. 

Hemmeleg

ETTERLYSTE: Hilde Lukkedal frå leiinga på Brusdalsheimen var skuffa over at ein rapport om leirstadane ikkje vart offentleggjort og diskutert. FOTO: PETTER OLSEN

Litt tidlegare på talarlista hadde Eli Remme teikna seg. I eit heller utradisjonelt årsmøteinnlegg meinte ho at Sunnmøre Indremisjon, dømt etter årsmøtet, framstod som «nikkemisjon» der alle berre vippa på hovudet til det som kom frå leiinga.

Heilt utan kontrovers var likevel årsmøtet ikkje. Hilde Lukkedal frå leiinga på Brusdalsheimen viste til det som var sagt i årsmeldinga om at det er laga ein rapport om framtida til dei to leirstadane i Sunnmøre Indremisjon. Ho var skuffa og forundra over at dette ikkje vart eiga sak på årsmøtet. Formann Synnes svara at rapporten konkluderte med at det, i alle fall for dei neste tre-fem åra, var formålstenleg å behalda to leirstader.  

Krinsleiar Johan Halsne utdjupa med at rapporten på 60 sider var oppfølging av eit punkt i gjeldande strategiplan om at framtida for leirstadene skulle vurderast innan utgongen av 2017. Ettersom arbeidsgruppa som hadde laga rapporten på oppdrag frå krinsstyret, konkluderte med status quo – inga endring – såg ein det ikkje som naudsynt med eiga sak. Og krinsstyret hadde slutta seg til arbeidsgruppa sitt ønskje om at rapporten skulle vera eit internt arbeidsdokument for styret som ikkje skulle offentleggjerast.

Krinsstyret kan ikkje «gøyma seg» bak arbeidsgruppa 

Om dette må det seiast at krinsstyret ikkje kan «gøyma seg» bak arbeidsgruppa. Som oppdragsgivar stod styret i utgangspunktet sjølvsagt heilt fritt til å offentleggjera rapporten, og det er generelt nærast ei oppskrift på å skapa spekulasjoner å halda slike utgreiingar tilbake. Om det til dømes kom fram opplysningar i rapporten som det var knytt teieplikt til, kunne desse ha vore sladda i den offentlege versjonen av dokumentet. 

Setja preg

PREG: – Forkynnarorganisasjonen set preg på Sunnmøre, meinte Olav Martin Synnes. FOTO: PETTER OLSEN

I all hovudsak framstod årsmøtelyden som samla, og la oss slutta med orda frå årsmeldinga om at identiteten til Sunnmøre Indremisjon ligg i å vera ein forkynnarorganisasjon. Avtroppande formann Olav Martin Synnes hadde talt opp alle dei ulike forkynnarane som hadde vore i aksjon i regi av krinsen i 2016, og kome til at det var 37. Dersom dei i snitt hadde ti talar kvar, blir det ein tale for kvar dag i året. 

– Påverkar det Sunnmøre, spurte Synnes – og svara for eigen og styret sin del: – Me trur det.

Og på det grunnlaget kan 135-åringen Sunnmøre Indremisjon ta steg vidare.

1 kommentar »

  • 1

    Arnvald Risøy

    12. juni, 2017, kl. 20:16

    Klok tale, Johan Halsne.

    Er styremedlem i NHI og er opptatt av dei same tankane. Det hastar med å ta grep.

    Sommartreff 2017; er det for alle indremisjonslaga?

    Svar

Skriv en kommentar

I ettermiddag blir det demonstrasjon foran Stortinget mot regjeringens forslag i statsbudsjettet om millionkutt i bevilgningene til folkehøgskolene.

– Vi er med og utdanner for samfunnet og gir barn og unge et kompass – på alle plan i livet, sier rektor Jeanette Vesetvik.

Menigheter preget av Hauge-bevegelsen, satset mye på å sende ut misjonærer, går det fram av ny bok.

Theodore Kalogeropoulos fra Athen har mange tjenester i misjonen. Radioarbeid førte ham til Straume Forum denne uken.

Det kristne Norge klarer seg uten at kristendommen blir nevnt i Grunnloven, mener forsker og professor.

Copyright © Sambåndet 2017