Sambåndet

Søndag 17. desember 2017
RSS
IKKE BESTEMT: Før han bestemmer seg for hva han gjør videre vil Holbek ha en lang sommerferie og prioritere å være bestefar, men noe skriftlig regner han med at det blir etter hvert. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

– Eg har vektlagt å ikkje meine noko

I sine 40 år som kristenlivsjournalist har Jan Arild Holbek vore oppteken av å ikkje meine noko offentleg. Det har han ikkje tenkt å slutte med no sjølv om han er blitt pensjonist.

Av Ingunn Marie Ruud, KPK. Publisert 17. juni 2017.

HOLDER TETT: Selv om han nå har pensjonert seg fra jobben som kristenlivsjournalist vil ikke Jan Arild Holbek si noe om hva han selv mener om kristen-Norge og dets konflikter. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

Jan Arild Holbek har jobba ein mannsalder som journalist i avisa Vårt Land, med hovudvekt på tru og kyrkjeliv. Men at 62-åringen no har pensjonert seg frå jobben, har ikkje gjort han meir villig til å meine noko offentleg.

– Eg har lagt stor vekt på at eg har vore reporter heile tida og ikkje kommentator. Det skiljet har for meg vore viktig for å byggje opp tillit og truverd breitt. Det har eg ikkje tenkt å forandre på, seier Holbek.

Den tidlegare Vårt Land-profilen omtaler seg sjølv som ein ganske keisam fyr.

– Eg har gjerne karakterisert meg sjølv som ein seig langdistanseløpar og ein keisam, uoppfinnsam og lett-truande mann som heile tida har heldt meg til den same kona, trua, jobben, kyrkjetilhøyrsla og fotballklubben – Start.

Ikkje på trua laus

Holbek har jobba som journalist sidan han var 18-19 år og har synst det har vore meiningsfylt.

– Min fyrste redaktør i Vårt Land, Thor Bjarne Bore, sa til meg at det ikkje er spesielt trosstyrknde å jobbe med tru-, kyrkje- og kristenliv, seier Holbek.

Bore meinte at det å få innsikt i baksida av medaljen, med kristne menneske og leiarar som med sine sterke og svake sider ønsker å styra og få fram versjonen sin av saka, kunne gå på trua laus. Holbek har likevel ikkje opplevt det slik.

– Eg har vore ein heilt vanleg journalist som har tilnærma meg dette saksområdet på same måte som eg ville gjort om det var eit anna fagfelt. Det har ikkje gått på trua laus i tilfellet mitt, seier han.

Hylla

HYLLET: Jan Arild Holbek har mottatt godord og hyllester fra hele bredden i kirkelandskapet etter at han sluttet i Vårt Land. Her får han heder på Kirkemøtet i år. FOTO: Kjell Kvamme/Vårt Land

Då det blei klart at veteranen skulle slutte i Vårt Land i vår, strøymde det inn med godord og hyllester. Kirkemøtet, som han har dekka i 33 år, blei han kalla opp på scena og fekk både blomster og stor applaus.

– Med han forsvinn ei irriterande god evne til å lirke ut god informasjon, samt eit kunnskapsnivå som ikkje sjeldan overgår intervjuobjektet sitt, sa kommunikasjonsdirektør i Den norske kyrkje, Ingeborg Dybvig.

Til og med konkurrentar i avisa Dagen har hylla Holbek  (lenke krev innlogging) som eit stort journalistisk førebilete.

– Det heiter at ingen er uerstattelege. Men når det gjeld Holbek, er vi ganske nære ved å måtte gjere eit unnatak, skriv Dagen-redaktør Tarjei Gilje.

– Det fine er at meldingane har kome frå heile bredda i det kyrkjelege terrenget, seier Holbek.

Han er likevel audmjuk og meiner mange ord er blitt for store. Likevel stadfestar tilbakemeldingane noko som har vore viktig for journalisten.

– Eg har prøvt å gjere meg fortent til tilliten og trur det har gitt meg truverd. Folk opplever at dei er rettferdig behandla og har blitt riktig sitert.

– Gullalderen er slutt

Holbek vil heller ikkje meine noko om retninga Vårt Land tek, men er uroleg for pressa generelt. 

– Gullalderen i norsk presse, som eg har fått vere med på, er slutt. Det er kjempemange utfordringar både av teknologisk, økonomisk, journalistisk og marknadsmessig karakter for alle aviser og ikkje minst for ei ideologisk avis som Vårt Land.

Vår Land-veteranen fortel at han har vore tvisynt i mykje i livet, men er ganske sikker på at det var riktig å slutte no.

– Det er jo greitt å slutte mens folk synest det er dumt at du sluttar. Dette er sjølvvalt.

Forandringar

Journalisten har sett mykje som har forandra seg i kristen-Norge dei siste 40 åra, både strukturelt og når det gjeld innhald i det kristelege livet og i måten tru blir utøvt på.

– Avviklinga av kristendomsfaget i skulen, som fram til slutten av 1960-talet formelt var Den norske kyrkje si trusopplæring, skapte ei stor forandring. Kristendomsfaget er forandra i mange fasar, og det betyr at kunnskapen om kristendom blant norske menneske er mykje svakare enn før, seier Holbek.

Han roser Dnk for å ha hatt ein stor satsing på trusopplæring dei siste 20 åra.

– Det var på høg tid å ta det ansvaret som skulen på mange måtar varetok.

Holbek trekkjer også fram den karismatiske rørsla som noko som har ført til forandringar.

– Det har både skapt meir openheit for karismatikk og ført til forandringar i gudsteneste- og møteliv.

Fordel å vere metodist

Sjølv har Holbek vore aktiv i Metodistkyrkja, noko han trur har vore ein fordel.

– Det gir ein motsats til eit inntrykk ein kan få om at det som er i kyrkjeleg arbeid, er traurig og kronglete. Eg kjenner ei vanleg kyrkjelydsrøynd der konfliktar ikkje er det daglege, slik eg trur det er for dei fleste, seier han.

Metodistkyrkja er også demokratisk oppbygd slik som Dnk.

– Eg har derfor ganske god parallell forståing for kva som skjer i Den norske kyrkje, samtidig som eg har ein ståstad utanfor. Slik kan eg sjå det med eit utanfråblikk og ein viss distanse.

KIRKEMØTEVETERAN: Jan Arild Holbek har som journalist dekket hele 33 kirkemøter. Her intervjuer han Berit Hagen Agøy på Kirkemøtet i 2009. FOTO: Trygve W. Jordheim/Vårt Land

Vil fortsetje å skrive

Holbek fortel at han var produktiv som journalist heilt inntil han slutta 31. mai.

– Eg har framleis mykje livslyst og arbeidslyst, men eg gler meg til å roe litt ned, å sleppe ein del journalistiske repetisjonsøvingar, å kunne halde meg mindre til nyhendedøgnets deadlinekrav og litt meir til familien sine og eigne behov og prioriteringar.

Om han i framtida kjem til å gi meir utrykk for meiningane sine, har han ikkje bestemt seg for enno.

– Eg har framleis tenkt å gjere noko i skriftleg form, men fyrst skal eg ha ein lang sommarferie og så skal eg ta stilling til det ein gong til hausten. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

ImF-styret meiner underskot i budsjettet for 2018 gjer det naudsynt med nedbemanning på hovudkontoret på Straume.

Indremisjonsforbundet (ImF) og NLM har arvet en halvdel hver fra boet etter et småbruk i Lyngdal kommune.

Gode tilbakemeldinger på Indremisjonsforbundets Lederkonferanse gjør at det blir et årlig arrangement. 9.-11. november neste år blir det ny konferanse.

I årets juleaksjon samlet misjonseide Møre barne- og ungdomsskule i Herøy inn over 80 000 kroner til Åpne Dørers arbeid i Sentral-Asia.

Petter Myhr trakk fram den store betydningen hans far hadde hatt i livet hans, da han tok imot Petter Dass-prisen på vegne av festivalen Olavsfestdagene.

Copyright © Sambåndet 2017